10.000,- frå Fylkekommunen
Det er ingen løyndom at økonomien til Fjordsteam er anstrengt. Dette fordi mange av dei større aktørane vi hadde trudd ville ha interesse av eit samarbeid , eller har signalisert interesse, har trekt seg, latt være å svare eller redusert løyvingane sine. I tillegg ser det ut til at vi får ei ekstyrarekning på i alle fall 50.000 foir framføring av straum.
Det var derfor gledeleg at vi i går mottok melding frå Sogn og Fjordane Fylke v/kulturavdelinga om løyving på 10.000,- kroner etter søknad. Samstundes går handelsstand og næringsliv i kommunen inn med omlag 100.000,- i kontantar.
Dedn manglande økonomien vil ikkje gå utover sjølve stemnet, men det kan føre til at vi ikkje klarer å marknadsføre Fjordsteam så mykje vi eigtl ville. Det er likevel på det reine at lokalavisene i fylket støttar oss med annonseplass på nett og papir, så det ser framleis lyst ut for folkefesten dette skal bli!