Invitasjonar sendt

Då er dei første invitasjonane sendt ut. Allereie etter 3 dagar har vi fått mange positive tilbakemeldingar, så dette lovar veldig bra! I første «bølge» er det dei «svarte og kvite» som har fått invitasjon.

Over helga blir andre fartøytypar invitert. Sjå under Invterte fartøy for liste og oversikt.

Ny nettside

Vi har no fått nye nettsider levert av Webdesign og Foto. Det kjem snart meir innhald på sida.

Dato avklara

Etter diskusjonar med Norsk Veteranskipsklubb er vi no einige om 4 – 8 august som datoar for stemnet i Florø. Dato for Nordsteam er enno ikkje sett, men det vert truleg halde i Oslo-fjord området i slik tid at dei som ønskjer det kan delta på begge stemna.

Vi takkkar ein positiv gjeng i NVSK for rask avklaring og godt samarbeid!