Skjerjehamn ønsker velkommen

Den gamle handelsstaden Skjerjehamn

Den gamle handelsstaden Skjerjehamn

Vertskapet på Skjerjehamn «vil selvfølgelig gjerne være med å arrangere en tilstellning» onsdagen når båtane er på veg til Florø.
 
Dei vil arrangere dans med trekkspill og fele, servere krabbe og ha rekebord på kaien.

Tidlegare brukte Atløy og M/S Granvin og samlast kvar haust på Skjerhamn for krabbefest. Sidan er Skjerjehamn pussa opp for mange millionar, og er i dag (som før) ein fantastisk stad å besøke.

Med denne samlinga gjenskaper vi kanskje litt av stemninga frå 30-50 talet, då båtane som gjekk på Sogn og Fjordane hadde dette som omlastingsstad. Her møttes båtane frå Bergen, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Faktisk var det største hamna i fylket til langt ut på 50 talet.

Torsdagen vert det då å ta seg til Florø, gjerne i fellesskap, kanskje via Ytre Steinsund?

Dampbåtar i Flensburg

flensburgTil sommaren vert det dampbåstemne i Flensburg, der mellom anna Børøysund skal delta. Det er interesse for å arrangere ein fellestur for nautomane dit, kanskje med veteranbuss. Stemnet skal haldast 10-12 juli. Bilde frå stemne i 2007 kan du sjå her. 

Er det av interesse kan du sende ei melding på kontakskjemaet her på sida eller ringe 900 51 867.