Stor interresse

Det var stor interesse for deltaking på Fjordsteam under årsmøtet til NFF i Selje og fleire farty melde seg på.

Det ser og ut til at at det kan verte fleire seglfarty enn d et vi hadde rekna med. Mange vil avslutte Tall Ships Races i Kristiansand helga før, og ta til Florø saman med S/J Svanhild.

M/S «Polarstar» til Fjordsteam?

M/S Polarstar er ein spennande båt vi gjerne skulle sett i Florø. Så seint som i 2007 var denne båten på selfangst i vesterisen/Grønnland. I dag ligg ho på land i Tomrefjorden utan sertifikat, men om alt går etter planen er papira på plass til jul.

Første tur på fangst i 1949. Foto S. Bøe

Første tur på fangst i 1949. Foto S. Bøe

Skuta er i dag eigd av eit partslag md Willy Nesset (Ullsteinvik/Hareid) i spissen. Etter planen skal partshavarane gi båten til ei stifting. Drifta vil basere seg på samarbeid med maritime skular og opplevelsescharter for grupper i sesongen.