Følg Fjordsteam på twitter!

Dei fleste som er opptatt av gamle båtar er nok meir opptatt av damptrykk og oljeviskositet.

twitter_logo_header

Likevel har vi tatt spranget, og vi kan no følgast på twitter. Alle nyhendeoppdateringar vil bli varsla der. Namnet er sjølvsagt @Fjordsteam2010.

Er du på twitter, gjer vel å varsle «dine» slik at dei som kan ha nytte av dette får beskjed!

Programmet oppdatert

Då skal programmet være oppdatert med ruter og tider på mykje av programmet etter arbeidsmøte i Florø forrige torsdag. Pressa viste og stor interesse, og det vart to fine artiklar av det;

Firda-25/1/10 og i Firdaposten-23/1/10.

Du må trykke «les meir» for å kunne bruke lenka.

«Einaste kolfyrte dampbåt»

står det å lese i vedlagde artikkel frå lokalavisa Firda i Førde. Viktigast for oss er at dei arbeider for harde livet for å nå opninga av Fjordsteam for eiga maskin. Les artikkelen her; Firda 12.01.10

DS Børøysund på tur rundt kysten!

Endeleg kan Rolf Nordby, leiar i Norsk Veteranskibsklubb,  stadfeste at også DS Børøysund tek turen rundt kysten for å besøke Florø og Fjordsteam!

DS Børøysund, foto NRK

DS Børøysund, foto NRK

Som ein del vil kjenne til har DS Styrbjørn, som også er eigd av NVSK, 100 års jubileum i år. Styrbjørn skal i den anledning mellom anna til Gørteborg, som var heimehamn for slepebåten i mange år, for å feire dette. DS Børøysund blir med på turen til Gøteborg, men fortset til Jylland og deretter oppover norskekysten for å delta i Florø. Det vert ei omfattande reise som må planleggast nøye mellom anna i forhold til opplasting av kol. Magne Hansen er ansvarlig for planlegginga, og det er sikkert høve til å henge seg på med andre veteranbåtar.

Deltaking på Sognefjordsferieturen etter Fjordsteam er enno ikkje avklara. Les meir om Norsk Veteranskipsklubb og det viktige arbeidet deira på heimesidene for båtane og klubben.

DS Stord

Vi har fått ein hyggeleg telefon frå «Stord-gjengen» i dag.

DS Stord på Byfjorden. Foto Harald Sætre

DS Stord på Byfjorden. Foto Harald Sætre

DS Stord ligg no ved Hardanger Fartøyvernsenter for vidare innreiing på shelterdekket i midtskipshuset. Det gjeld sjukelugar og to 4 mannslugarar på styrbord side. På hovuddekket skal skipssidene kledast i området bak til 1. plass salong. Les meir om arbeidet her.

Det ser ikkje ut til at det vert passasjerløyve i år, då det er mykje byråkrati rundt brannsløkkingsanlegget ombord. Sjølv om eit dampanlegg kanskje er det som fungerer best iflg skipskontrollen, vil direktoratet i Haugesund ikkje godkjenne eksisterande anlegg, truleg fordi det etterkvart er sjeldant å sjå. Det er derfor ein omstendeleg prosess å få avklaring på dette. Rømingsvegar er også eit tema, og ein er lite villige til å bygge ekstra hus på båtdekket for å huse oppblåsbare rømmingssklier.

Utan passasjersertifikat vert det vanskelig med økonomien, og ein er avhengig av støtte til bunkers for å kunen komme. Vi arbeider med ei løysing på dette, og reknar med at vi skal finne ei løysing slik at vi får sjå den staselege dama i Florø i august.

Kurs i sjømannsarbeid

thorjansenThor Jansen, frå Finnøy, som tidlegare mellom anna har halde kurs på Kysmuseet i Sogn og Fjordane i praktisk sjømannsarbeid vil besøke Fjordsteam 2010. Han vil halde eit 10 timars innføringskurs i praktisk tradisjonelt sjømannsarbeid og ha salgsbod under marknadsdagen på laurdagen.

Tradisjonelt sjomannsarbeid med tau inkluderer spleising, bendsling, garnbinding, spesialknuter, osv. Vanlige ting å lage er matter, nøkkelhankar, fendrar, apenevar, kasteliner, beskyttelsesmatter og mykje anna ein kan trenge ombord.

Thor Jansen har også bestilt ein reperbane frå Danmark, og om alt gå etter planen vil han ha denne med slik at han lkan vise korleis ein lagar tau på tradisjonelt vis. Tid, stad og kostnad for kurset vil komme seinare. Du kan besøke heimesida hans her.

Sommarrevy og allsang

Skipparen på revyen!

Skipparen på revyen!

Dei siste ti åra har Florarevyen gleda folk i Florø med revy og fullsette salar kvart år. Over 20.000 har sett revyen gjennom desse åra, og det er etterkvart ein profesjonell gjeng av amatørar under leiing av Per Øyvind Helle.

År om anna er det også arrangert sommar-revy basert på Florarevyen, stadig til like fulle hus. Her har mellom andre Bjørn Jensen og Vinskvetten vore på gjesting.

No er det klart at det vert revy i teltet på Torget også under Fjordsteam. Sjølv om den vert basert på ein lokal revy er avtalen at dei skal plukke materiell sllik at også tilreisande vil ha gle seg over revyen.

Revyen vert avslutta med allsang, og går det som det plar vil dette ta timar å avslutte.

Det vert mykje spontan og gal humor, og vi kan garantere heftige latterbrøl og ville tilstandar i teltet.