VWACB planlegg besøk

På årsmøtet i Folkevognklubben i Bergen, VWACB, i forrige veke vart sommarens turar diskutert. Ein av ideane som nådde fram var besøk til VWACB, og vi er sjølvsagt meir enn glad for å ta i mot. Klubben var også besøk i Florø i 2009 på veg til Stryn, og overnatta då på MS Atløy i Florø.

Frå besøket i 09

Frå besøket i 09

Med fleire bilmerke, nokre gamle bussar og alle dei gamle båtane vert det kanskje slik langs kaiene i Florø under Fjordsteam?
Gudvangen på 60 tallet

Gudvangen på 60 tallet

Velkommen er dei i alle fall!!!

Program for Sognaturen

Programmet for Sogneturen er no ferdig. Du  finn det under fana «program» eller på denne linken. Vil du være med? Kontakt Øyvind på 951 13 223

Sild og øl til folket!

Harald Årebrot, Ludvig Grytten, Ragnar Kristiansen, Rolf Grønnevik, Arthur Nord og Leif Kvalvik hadde i går ei dryg økt på Bataldebua på  Kystmuseet for å flekke 4000 sider sild. Silda har lege i rennande sjøvatn over natta, og skal no henge til tørking 4-5 veker før den frysast. Tørkasilda (nubbesild, kubbesild, lubbesild) er flekt med beinet igjen i eine av filletane, noko vi fekk påpakning på frå siste Fjordaferda. Første smakebit vert på Fjordsteam, men den vert og å få kjøpt under nettop Fjordaferda.

fiskevask1

Samstundes er Florø sitt eige brygger, Kinn Bryggeri, i gang å planlegge eit eige øl til Fjordsteam. Bryggerimeister Espen Lothe, tidlegare norgesmeister i ølbrygging, lovar eit øl som skal passe til sild og fjordabåtar.

Både silda og ølet vert sleppt under Fjordsteam, og vil bli seld eksklusivt på mannskappskroa og ein lokal pub. Nokre fartøy vil også få høve til å selge ølet, og er det av interesse for ditt fartøy kan de bestille ølet via Sander i arrangemntskomiteen på telefon 900 51 867.

MS Sandnes kjem!

Endeleg er det stadfesta at Noregs største veteranskip kjem til Florø og Fjordsteam!

Kystens dronning, grøn slik ho skal være. Foto frå www.msandnes.no

Kystens dronning, grøn slik ho skal være. Foto frå www.msandnes.no

Det gamle nattruteskipet vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart. I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjertrafikken frå 1960 og uover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipet Gann i 20 år og skuleskipet Sjøkurs i 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap overok i 2007.

Foaje ombord, bilde lånt frå heimesidene til MS Sandnes

Foaje ombord, bilde lånt frå heimesidene til MS Sandnes

Nyland Mek Verksted la all sin prestisje og all den kunnskap som norsk skipsbyggingsmiljø kunne framskaffe inn i dette flotte skipet. Dette ser ein framleis; ikkje berre på den tekniske sida, men også i all utsmykning. Her er speglar og panel, lysarmatur, dekor, maleri, kunst og generell utsmykning av ein standard som ein må til dei mest glamourøse yachtane for å finne maken til.

No får vi endeleg sjå ho i Florø igjen! Les meir om båten på heimesidene.