Bergen VeteranVogn Klubb

Ei gledeleg melding tikka inn i førre veke; Bergen Veteranvognklubb kjem til å besløke Fjordsteam, og reknar med å bli mellom 20 og 40 bilar. Dei vil komme på allereie torsdag, og blir til søndag. Det er før meldt at også  Folkevognklubben i Bergen, VWACB,  kjem til Florø.

Alvis -32 modell

Alvis -32 modell

Dei planlegg å overnatte på den gamle nattruta MS Sandnes, som vil ligge sentralt plassert i hamna. Dei har tett på 180 gjestesenger, og er sjølvsagt glad for besøk.  Skipet vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart.

MS Sandnes - kystens dronning

MS Sandnes - kystens dronning

I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjer-trafikken frå 1960 og utover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipa ”Gann” og ”Sjøkurs” i hhv 20  og 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap tok over i 2007.

Det kan sjå ut til at MS Sandnes vert «bilbasen» under stemnet, og venteleg vil fleire klubbar ta losji der. Om andre ønsker å innlosjere seg der er det berre å ta kontakt med Alf Kåre Olavesen på 51 53 44 00.

Hovudkomitè

Då er endeleg arbeidet organisert i ein hovudkomite. Komiteen vil samlast kvar fjortande dag, torsdagar klokka 1900. Komiteen består av folk frå Atøys Venner, Svanhilds Venner, Veteranskipslaget Stavenes, Florø Sentrum og andre vi meiner vil styrke arbeidet. POS Aktiv som skal arrangere både revy og konsertar under stemnet håper vi også vil tiltre komiteen.

Komiteen med ansvar finn du her; Hovudkomite-med-ansvar1

Overnatting på MS Sandnes

Det gamle nattruteskipet MS Sandnes er som kjent påmeldt til Fjordsteam. Her er det mogeleg å både være med den flotte båten frå Stavanger eller frå stoppestader langs ruta.

Båten vil blli liggande mdt i sentrum av Florø, og betre ramme for opplevinga i Florø får du ikkje. Prisar, lugarar og stoppestader er ikkje klart, men det kan nok tilpassast om det er grupper som vil på undervegs.

Lugar på MS Sandnes

Lugar på MS Sandnes

MS Sandnes har 180 sengeplassar, og var det mest luksuriøse skipet som var bygd for innanlands fart på 50 talet. Er dette noko for deg tar du kontakt på 51 53 44 00 for ytterlegare informasjon.

salong

Dette må då være rette måten å bu! I senter av stemnet i ein vakker båt!

Forbundet Kysten

Forbundet Kysten sitt lokallag i Florø, Kinn Kystlag, held no på å invitere alle kystlaga i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til Florø. Sjølvsagt vil kystlaga frå dei andre fylka være like velkommen, og dei som disponerer større fartøy har allereie fått invitasjon.

Området sett frå "Bruene"

Området sett frå "Bruene"

Kinn Kystlag vil lage leir på den freda «Nilsenslippen»  inne på Kystmuseet sitt store flotte område sentralt på Florelandet. Dei er ferdige med å bygge nye kaier som vil ha plass til ein god del mindre fartøy. 

Kinn Kystlag vil tilrettelegge toalett, grillar,teltplass,  bu og kaier, og får vi det til vil det bli sett opp veteranbuss i rute til sentrum (2 km). Det vil garantert bli ein sosial, freda plett midt i smørauget!

nilsensl-sc3b8r1

Laurdag blir det felles rotur gjennom Kanalen og inn til sentrum for Torgdag. Kinn Kystlag disponerer også Kvanhovden Fyr, og søndag etter stemnet inviterer dei alle som har lyst på tur dit.

Kvanhovden fyr, så langt vest at måsen snakkar engelsk!

Kvanhovden fyr, så langt vest at måsen snakkar engelsk!