Nytt frå fartøyvernforeninga

I dag kom medlemmsinfo frå fartøyvernforenoinga. Du kan lese om neste årsmøte, Kulturminnedagen, tildelingar frå Riksantikvaren, DS «Styrbjørn», MF «Folgefonn», ny momskompensasjonsordning og ein lengre artikkel om hospitalskipet «Viking».

Heile nyhendebrevet finn du her;  nytt_om_fartac2b8yvern_2_20101

Etterpåmelding

andholmen-small

MK Andhomen på 72 fot, einaste norske fartøy som seglde med splittflagg under heile krigen, har meldt sin ankomst til Fjordsteam og Florø. Meir kan du lese på www.andholmen.no

Atløys Venner får kulturprisen

Atløys Venner fekk i dag Flora Kommune sin kulturpris framfor ein fullsett stadion. Leiar i laget, Leif Kvalvik, mottok prisen på vegne av den aktive gjengen.

foto: Olav Hatlemark

foto: Olav Hatlemark

Atløys Venner har sidan skipinga i 1995 tilført titals millionar til båten og over 150.000 timar dugnad i drift, restaurering og vedlikehald. I grunngjevinga til juryen vart også arbeidet med å skipe til Fjordsteam trekt fram.