Ta båtførarprøva på Fjordsteam

Fjordsteam har i samarbeid med «Båtskolen POSEIDON» orda ein mogelegheit for å avlegge båtførerprøva laurdags ettermiddag under Fjordsteam.

Den tyske navigatøren som gikk på grunn på Leiaskjæret ved Florø for eit par år sidan skulle kanskje hatt seg ein tur på kurs?

Den tyske navigatøren som gikk på grunn på Leiaskjæret ved Florø for eit par år sidan skulle kanskje hatt seg ein tur på kurs?

Dei som består prøva får utstedt det båtførarbeviset som no krevast for å føre båtar over 8 meter eller med meir enn 25 HK. (Foreløpig fritak for folk fødd før 1980).

Tida tillèt diverre ikke at vi kjøyrer eit fullstendig båtførarkurs under Fjordsteam, men vi skal klare å få ordna ein rask repetisjon før prøva slik at dei som føler seg usikre òg vil ha repetert det viktigaste kan gå til prøva med godt mot. Det vert understreka at repetisjonen ikkje er obligatorisk, den er kun eit frivillig tilbod. Repetisjonen foregår på HAFFEN laurdag 7. august kl 1600-1700.

Sjølve båtførerprøva foregår same stad kl 1730-1830. Gebyret for å avlegge båtførerprøva har Norsk Test fastsett til NOK 525 og dei som ønskjer å være med på repetisjonen betalar NOK 275 i tillegg. Begge beløpa vert å betale til Baatskolen POSEIDON kontant ved oppmøte. Som støtte til Fjordsteam overfører POSEIDON NOK 100 til Fjordsteam for kvar deltakar som blir med på repetisjonen.

For påmelding eller nærare opplysningar kan du ta kontakt med Jan i Baatskolen POSEIDON, pr tlf 900 81 452  /  jan@baatskolen.no eller ombord i skoleskipet POSEIDON II i løpet av Fjordsteamstemnet.

Diskusjon rundt fartøyvernet

meryl1

Mange fartøyvernarar føler seg som ei ribba høne (om ikkje i hendene til Meryl Streep), og mange aktive slike vil være til stades under Fjordsteam. Øyvind Konglevoll i Veteranskipslaget Stavenes har derfor tatt initiativ til møte for å diskutere aktuelle tema.

  • Erfaringer med Sjøfartsdirektoratet – forskjellsbehandling / uforutsigbarhet.
  • Hvordan brukes midlene fra Riksantikvaren?
  • Hva skal Norge ta vare på, og hvor skal pengene komme fra?
  • Det frivillige fartøyvern – sovepute for vernemyndighetene?

Vi møtest derfor fredag kl 1000 på M/S «Sandnes»  for ein diskusjon. Invitasjon er gått ut til alle deltakande båtar som er medlemm av NFF, men andre som meiner noko om dette kan også delta.

Er det andre saker du meiner bør diskuterast eller har andre synspunkt, gjer vel å melde dette til Øyvind på konglev@online.no eller 95 11 32 23.

Lyst til å bidra?

bergen6002n

Under stemnet vil vi trenge litt hjelp til å bemanne ein salsbod,  litt vakt-teneste, sjauing på torget, guide og lokal kontakt for dei besøkande fartøy. Har du lyst å bidra er vi glad for å sjå deg på Haffen tysdag 3/8 klokka 1900.

Betalinga er sjølvsagt god, og følgjer Atløys Venner sitt regulativ; gratis kaffi og gode minner!!!

Kurs i tauarbeid

tauarbeid

Under Fjordsteam vil Thor Jansen, forutan salsbod, ha eit 12 timars kurs i tauarbeid eller sjømannsarbeid som det også kallast. Her vil du lkære og lage apenevar, fendrar og andre bruks- og prydting i tauverk. Thhor er på plass allereie torsdag.

Er dette av interesse, tar du kontakt med Thor på telefon 92 41 98 70.

Thor Jansen

Hamneplan

Det har vore eit puslespel å plassere såpass mange fartøy som skal delta i Florø i hamna. Mange ønske skulle stettast; flest mogeleg skulle ligge saman med «sine», mest mogeleg sentralt, mest mogeleg vakkert, det skulle være nok vatn, Hurtigrute og vanleg rutetrafikk må kunne komme til og frå, ein del av dei gamle damene er tunge å buksere og ikkje minst skal mange av dei deltakande båtane til og frå kai under stemnet.

Etter to runder har vi i alle fall kome fram til planen du finn på denne lenka.

Dampøl frå Kinn Bryggeri

Kinn Bryggeri i Florø vil produsere eit eige øl til Fjordsteam 2010. Det skal heite «Dampen» og er eit øl av øltypen dampøl (steam beer, populær i San Fransisco frå 1800 -talet, populær fram til vår tid). Ølet er 4,7%, lyst koparfarga, humlearomatisk og med markert beisk ettersmak. Eit veldig friskt og lettdrikkeleg øl som er noko heilt anna enn industripilsen, men som likevel vil ha ein sterk appell til både mannskap og publikum. Det blir produsert 750 l øl på fat og ca 1000 flasker a 75 cl.

flasker4
Kinn Bryggeri er eit av dei minste bryggeria i Noreg og det blir drive av Espen Lothe, fleire gonger Noregsmeister i ølbryggjing. Kinn Bryggeri er eit ekte handverksbryggeri der all produksjon frå meisking til tapping blir gjort manuelt og øla blir gjæra med ekte overgjær i opne kar for ein best mogeleg smak.

Ølet vil også bli tilgjengelig på 19 liters stålfat, og bryggeriet kan ordne tappeutstyr for dei fartøya som vil ha dette. Om fartøy vil selge anten på flaske eller fat, kan dei ta kontakt med Kinn Bryggeri v/Espen Lothe på telefon 47339047 eller post@kinnbryggeri.no.

Publikum vil kunne kjøpe ølet i dei fartøya som har dette, i Kinn Bryggeri sitt eige utsal ved bryggeriet i Strandgata eller på nokre av pubane i Florø under Fjordsteam.

10.000,- frå Fylkekommunen

Det er ingen løyndom at økonomien til Fjordsteam er anstrengt. Dette fordi mange av dei større aktørane vi hadde trudd ville ha interesse av eit samarbeid , eller har signalisert interesse, har trekt seg, latt være å svare eller redusert løyvingane sine. I tillegg ser det ut til at vi får ei ekstyrarekning på i alle fall 50.000 foir framføring av straum.

Det var derfor gledeleg at vi i går mottok melding frå Sogn og Fjordane Fylke v/kulturavdelinga om løyving på 10.000,- kroner etter søknad. Samstundes går handelsstand og næringsliv i kommunen inn med omlag 100.000,- i kontantar.

Dedn manglande økonomien vil ikkje gå utover sjølve stemnet, men det kan føre til at vi ikkje klarer å marknadsføre Fjordsteam så mykje vi eigtl ville. Det er likevel på det reine at lokalavisene i fylket støttar oss med annonseplass på nett og papir, så det ser framleis lyst ut for folkefesten dette skal bli!