M/Y Tysso påmeldt

/Y «Tysso» er en motoryacht bygget i 1917 av båtbygger Ole Oma i hans båtbyggeri på Døso ved Leirvik, Stord. Hun ble bygget for Danmarks konsul i Bergen, Christian Magnus Kjær (1865–1935), til en avtalt pris på 4 000 kr. Oma hadde tidligere drevet båtbyggeriet Oma Boat Building i Seattle og M/Y «Tysso»s design er basert på lystbåtene Oma fikk bygget i USA.   M/Y «Tysso» er 58 fot lang og 10 1/2 fot bred og bygget i eik og furu med overbygg i mahogni. Motoryachtens innredning ble bygget med tanke på størst mulig komfort, med salonger, soverom, kjøkken, w.c., mannskapslugar og et stort maskinrom med plass til en kraftig motor på 100 Hk. Malerarbeidet ble utført av J. Kattetvedt og K. Risan på Leirvik

Etter noen år som eier solgte båten til Glomfjord Smelteverk i Nordland. I den forbindelse ble styrehuset forlenget til den fasong det har idag. Etter at sinksmelteverket i Glomford ble kjøpt av staten på tvangsauksjon i 1924 ble motoryachten solgt videre til de store industribedriftene i Odda. Båten ble brukt som lystbåt og skyssbåt mellom Odda og Granvin. Tilreisende direktører, styremedlemer kunne fra 1935 ta tog direkte til Granvin med Hardangerbanen. Det Norske Nitridaktieselskaps aluminiums­fabrikk i Tyssedal fikk driftsansvaret og båten fikk navnet M/Y «Aluminium».

Etter at A/S Tyssefaldene overtok drifts- og eieransvaret i 1949 ble båtens motor skiftet og innredningen modernisert. Båten endret nå også navn til M/Y «Tysso». Tidlig på 1960-talet fikk M/Y «Tysso» ny lettbåt i mahogni, også den bygget av Ole Oma. Behovet for en passasjerbåt opphørte etterhvert og i 1987 ble båten solgt tilbake til Oma Baatbyggeri AS. I 1995 ble motorcruiseren solgt til Tysso AS i Norheimsund som ønsket å bruke motoryachten i reiselivssammenheng. Båten ble i 1997 oppført på Riksantikvarens liste over verneverdige fartøy.[1] Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum eier i dag M/Y «Tysso» og fartøyet har vært til restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter fra 2005. Sommeren 2009 ble båten sjøsatt ved Fartøyvernsenteret.

M/S Glesnes

Ere påmeldt.

 

MS Glesnes gjekk i rute Måløy – Berle i mange år, då under namnet Opstad. Bygd i 1955, 24 mter lang. Høyrer i dag til på Sotra og er eigd av Norvald Glesnes i Klokkarvik. Framstår framleis omlag slik den var då den gjekk ut av rute.

H/B Southern Actor

Da er det endelig bekreftet at den stolte hvalfangeren Southern Actor tar turen til Bergn og Fjordsteam 2013;

SOUTHERN ACTOR ble bygget som hvalbåt ved Smith’s Dock Co. Ltd, Middlesbrough for Chr. Salvesen & Co., Leith, Skotland i 1950. Fanget med Flk SOUTHERN HARVESTER på 1950-60 tallet, gikk i opplag i Melsomvik i 1962.   Solgt i mars 1964 til Skjelnan Kvalstasjon A/S & Co, K/S (E. Aarseth & Co., Ålesund), og omdøpt til POLARBRIS. I fangst ved Skjelnan hvalstasjon i Troms, før den i 1971 gikk i opplag i Ålesund.

Solgt til Spania i 1975 og fanget v/ Vigo 1975-85, senket i 1981 i Vigo etter sabotasjeaksjon av Watsons Sea Shepard. Hevet og reparert. Senere omdøpt ITAXA III.

Solgt i 1989 for hugging i Cee, Spania, men reddet i siste liten av entusiaster fra Sandefjord og slept til hvalfangerbyen under det midlertidige navn PINGVIN. Fullrestaurert, malt i Salvesens farver og redøpt SOUTHERN ACTOR. I Sandefjordmuseenes eie. Verdens eneste hvalbåt av sitt slag i operativ stand, med status som museumsskip.

Hardanger Fartøyvernsenter

..eig fleire fartøy, og har i dag sendt endeleg påmelding for 3 viktige fartøy;

Faun blei bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Verksemda var etablert og driven av ingeniøren August Moldestad som hadde utdanning frå England og på denne tid leverte ei rekkje store lystbåtar til bergensborgarane. Faun blei kontrahert av Einar Michelsen, sonen til Noregs første statsminister Chr. Michelsen. Då Einar døydde i 1921 overtok faren som hadde båten i alle fall til 1924. Den som etterkvart overtok var ein ny bergensreiar, Jacob Kjøde. Han selte i 1946 båten til ein tredje bergensreiar, Eilert Lund, som m.a. skifta maskin og bygde styrehus over den opne styrecockpiten. I 1955 selde han båten til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) som brukte Faun som skyssbåt i samband med kraftutbygginga i Matrefjella. BKK selde i 1976 Faun til utflytta masfjordingar som tok båten med seg til Oslo der den i fleire år var i bruk som lystbåt. I 1982 overtok Trond Eide med siktemål om å tilbakeføra Faun til opphavleg utsjånad. Eide innsåg etter kvart at prosjektet blei i største laget for ein privatperson og via Riksantikvaren fekk Hardanger Fartøyvernsenter tilbod om å overta. Senteret tok imot tilbodet og fekk i 1992 båten frakta til Hardanger. Først i 2001 kom arbeidet i gang med ferdigstilling til100 år markeringa for frigjeringa frå Sverige i 2005.  Faun er tilbakeført til 1916-versjonen og ligg no i utstilling ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund i tillegg til at den blir brukt som charterbåt for turar i Hardanger og Bergen med inntil 12 passasjerar.

M/F ”Folgefonn” var den fyrste spesialbygde bilferja til Hardanger Sunnhordlandske Damskipsselskap (HSD) og gjekk inn i rute frå Ålvik til Kinsarvik 2. juni 1938. Med plass til heile 20 bilar var ho den største ferja i landet. Fram til juni 1953 gjekk ”Folgefonn” i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik. Då gjekk ho over i sambandet Ulvik-Brimnes og seinare i ruter i Sunnhordland fram til 1979. Ho vart seld til England og vart etter kvart klubbhus for Erith Yacht Club i London. Etter grundige vurderingar av verneverdien vart «Folgefonn» ført attende til Noreg og overteke av Hardanger og Voss museum. Riksantikvaren freda ferja i mai 2011. Ho skal restaurerast og brukast til å dokumentera og formidla ferjehistorie. ”Folgefonn” er på 197 brutto register tonn, er 119,7 fot (36,5 meter) lang og 26,6 fot (8,11 meter) breid. Ferja er open for publikum på Hardanger Fartøyvernsenter. På bildekket er det ei utstilling om HSD si historie og visning av den historiske filmen «Da sjøen var vegen».

 

Jakt ”Mathilde” blei bygd av Ole H. Nerhus på Ølve i Kvinnherad og sjøsett i 1884. Det nye fartøyet, eigd av Nerhus-familien, blei sett inn i den såkalla ”nordlandsfarten” der ferdakarar kjøpte opp skrei i Lofoten og på Finnmarka. Fisken blei salta, tørka og sidan selt i Bergen og Kristiansund. I 1889 kjøpte eit partslag i Jondal jakta og dreiv henne vidare i same farten. I 1918 blei Mathilde selt nordover til Svolvær og herifrå vidare til Anders Jensen på Lunderøy på Helgeland. Jakta hadde sidan fleire ulike eigarar i Nordland før ho i 1938 blei selt til Erik Rolfsen i Kristiansund som m.a. nytta henne som lossement. Det skal vera medan han var eigar at fartøyet vart rigga ned og fekk installert maskin (50 hestar Wickmann). Etter å ha høyrt heime i Ålesund ein kort periode blei Mathilde i 1950 selt til Mosterhamn i Hordaland der ho fekk namnet Kari Louise. I 1968 blei Kari Louise selt nordover att. Leif Andorsen i Svolvær, som no overtok, bygde nytt styrehus og installerte ei GM-maskin på 240 hestar. I 1977 blei fartøyet selt igjen, denne gangen til Per Angell frå Herøy på Helgeland. Etter at han avslutta i 1982 blei Kari Louise lagt ut for tvangssal og i 1984 kjøpt av den nystarta stiftinga Hardangerjakt i Norheimsund (seinare Hardanger Fartøyvernsenter). I åra 1984-89 blei Mathilde sett i stand og tilbakeført som seglfartøy. Sidan 1990 har ho gått i eit fast driftsopplegg som omfattar museumstokt, leirskule og medseglartokt. Mathilde kan ta inntil 50 personar på dagsturar og inntil 30 på overnattingsturar. For info søk www.fartoyvern.no

 

M/S Granvin

sentral i arrangementet, har endeleg meldt seg på!

M/S Granvin gjekk i rutefart for Hardanger Sunnhordlandske Dampiskipsselskap frå 1931 og fram til 1987.Ruteområdet var i hovudsak indre Hardanger, men båten vart og nytta i andre rutedistrikt. I 1988 vart båten overteken av Veteranskipslaget Fjordabåten.

Historia til M/S Granvin M/S Granvin vart bygd ved A/S Mjellem & Karlsen i Bergen for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1931. Tonnasjen var på 115 BRT og skroget målte 27,4 x 5,6 x 2,9 m. Maskinen var ein to-sylinder enkeltverkande semidiesel på 150 HK frå Bolinder Motorfabrikk i Stockholm. M/S Granvin var sertifisert for 150 passasjerar.

I tillegg til å trafikkera lokalrutene i indre Hardanger, var båten og tiltenkt å gå i turistrute om sommaren. M/S Granvin var og bilførande og kunne ta med 3 bilar. Innreiinga var etter gamalt mønster med 1. plass på dekk akter og 2. plass under dekk framme. Framfor overbygget var det eit romsleg lastedekk, med lause rekkjer på kvar side, slik at bilar kunne køyrast om bord og i land på sliskar. Under dekk var lasterommet. Frå 1931 til 1935 gjekk M/S Granvin i turistrute i Indre Hardanger om sommaren. Om vinteren gjekk båten i ulike lokalruter, men i hovudsak var det i Sørfjordrutene mellom Odda og Granvin båten kom til å gjera teneste.

M/S Granvin gjekk trufast for HSD i lokalruter fram til 1968. Då vart lokalrutene i indre Hardanger lagde om. Partrederiet Olav Linga kjøpte M/S Granvin. I samband med salet og omlegginga av rutene, vart M/S Granvin noko ombygd. Lasterommet vart lengd framover, og den gamle 2. plass salongen vart fjerna saman med dekkshuset. Masta vart flytta lenger fram, samstundes som det vart montert ein lengre bom og større lukekarm. Bolinder-motoren vart bytt ut med ein ny 3-sylindra Wichmann-motor på 300 BHK. I 1970 fekk M/S Granvin ny skorstein som skulle dempa noko av motorlarmen, utan at dette var til noko særleg nytte. M/S Granvin gjekk i lokalrute i indre Hardanger fram til våren 1987. Vegutløysing til bygdene på Oksenhalvøya gjorde båten overflødig og ruta vart lagt ned. I 1988 kjøpte Veteranskipslaget Fjordabåten M/S Granvin med tanke på å bevara båten. Salongen vart bygd opp att. Med tanke på at båten no i hovudsak skulle nyttast som passasjerbåt, vart salongen gjort noko større enn den opphavelege. Båten fekk og tilbake ein høg tynn skorstein etter modell av den gamle. I 1995 fekk M/S Granvin status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren.

M/S Kristina

 

Listerskøyten «Kristina» ble bygd på Lista i 1917 som klinket motorskøyte (med einernagler) for en fisker på Sørlandet. Denne maktet ikke å betale fartøyet, og det ble overtatt av Andreas Haga Sandve og Lars Berdinus Vikra i Sandve for 12 000 kr. Fartøyet blei i 1929 overtatt av Ole Henrik Sandve (Sandhåland?), og igjen av hans sønn Lars i 1975. Skøyta ble hovedsaklig brukt i kystfiske, i sildefiske fram til 1932 og deretter i snurrevadfiske. «Kristina» fikk som ny installert en 16 HK Skudemotor dra Skudeneshavn. I 1939 ble det satt inn en 24 HK Rapp, som fortsatt står i fartøyet. I 1935 ble det bygd nytt styrehus.

«Kristina» ble kjøpt av Karmøy Fiskerimuseum i 1985 med støtte fra Riksantikvaren, og er uendret mht. konstruksjon og utstyr siden hun var ny. Flere omfattende restaureringsarbeid har vært igangsatt siden 1993. Skøyta bevares i dag av Karmøy Fiskerimuseum som kulturminne.

Rima I

Rima I har vert brukt som reketråler og er i forholdsvis god stand.  Åkrehamn Fartøyvernforening prøver å holde den i samme stand og utseende som ved overtakelsen. Båten ble bygget ved Lista Treskipsbyggeri, Borhaug og lebert Georg K. Georgsen i Vedavågen i April 1961.  Høsten 2006 skulle båten hogges. Åkrehamn Fartøyvernforening startet opp for og ta vare på den, og etter kontakt med Fiskeridirektoratet i Troms ble Rima I unntatt kondemnering og formelt vernet og oppført på vernelisten. 18 meter lang, 5,20 brei.

S/J Brødrene af Sand

«Brødrene af Sand» er ei Ryfylke-jekt som er bygt på Dokkskar i Yrkjesfjorden 1866 og som seinare gikk på fart frå Østhusvik og Sand. Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997, fekk ho restaurert ved Hardanger fartøyvernsenter, og har frå 1999 brukt ho på ulike tokt i Boknafjord-bassenget. Dette er ei av dei aller siste Ryfylke-jektene som framleis flyt.

Nemninga ”jekt” er ei lokal nemning på denne fartøytypen. I litterær og nasjonal språkbruk vil fartøyet bli kalt ei ”jakt”. Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl, storsegl, breifokk og toppsegl. Rommet er innreia med køyer og bysse.

SV «George Stephenson»

Ein spesiell kombinert diesel og dampbåt frå Nederland har meldt seg på. 26 meter lang klassisk yacht, sjøsett for eit par år sidan, og ingen typisk fjordabåt;

Eigaren, hollandske Servaas Strik, starta å samle kjelar og delar frå gamle dampbåtar på 50 tallet, når mange skifta frå damp til diesel. Strik lever av å leige ut steamkjelar (!) Av samlinga har han tatt det beste og bestemte seg for 10 år sidan for å få konstruert og bygd sin eigen båt, Steam Vessel «Georg Stephenson». Dekka har ein gong vore dansegolv på ein elevbåt frå elva Thames. Dørene kjem frå RMS «Windsor Castle» og SS «Norway» henta frå skrapstrendene i India. Propellaksling kjem frå det franske hangarskipet  «George Clemenceau», ein gang bestillt av sjølvaste Charles de Gaulle…og seinare redda frå skraping i India av Greenpeace og president Chirac. Framdrift vert besørga frå ein «compound C» dampmotor frå ein «Clyde puffer» og ein 8 sylindra Gardner.

Ein spesiell båt!

R/S Aril

RS 93 «Aril» gikk i tjeneste som redningsfartøy for Redningsselskapet fra 1975 til 1997. RS 93 «Aril» har en stolt fortid som redningsfartøy og blir ofte gjenkjent som redningsskøyte på sine turer langs kysten. Under tjeneste hos Redningsselskapet var fartøyet stasjonert på ulike steder fra Svolvær til Oslo, og RS «93» reddet 12 personer i denne perioden. Fartøyet reddet også en person i forbindelse med forliset til Rocknes i 2004. Fartøyet fikk Riksantikvarens status som verneverdig skip i 2002, og er Norges yngste fartøy med vernestatus. Torbjørn Børslid eier fartøyet i dag. Nåværende bruk av RS 93 «Aril» er privat drift og til ulike øvelser