Riskafjord II påmeldt!

baten2

Veteranbåten Riskafjord II vart bygd i 1864. Fram til 1. november 1996 var båten den eldste i rutefart i Norge. Den hadde då gått i rute mellom Stavanger og Hommersåk sidan midten av 20-tallet. Fleire generasjonar av rogalendingar har gode minner frå denne tida; no kan du oppleve henne under Fjordsteam i Florø. Les meir om Riskafjord på www.riskafjord.no

Kipebinding

Fredag under Fjordsteam arrangerer Samson Øvstebø kurs i det gamle handtverket kipebinding, der deltakarane får lage små kiper av einer. Samson har med alt naudsynt utstyr, og lagar grinda ferdig på førehand. Kurset startar kl 13:00 og held på til omlag 18:00.Kurset kostar 600,- og då får ein med seg kipa. Om dette er av interesse, send ein e-post til post(a)fjordsteam.no.

Øvstebø vil også ha med eigenproduserte kiper for sal.

 

Fagseminar fredag

Norsk Forening for Fartøyvern vil fredagen under Fjordsteam arrangere fagdag for interreserte. Foreslått tema er dei nye mannskapsforskriftene som trer i kraft frå 2016, og kva dette kan føre til for den verna flåten. Naturlege bidragsytarar er Riksantikvar og Sjøfartsdirektoratet.

Dama dei aldri blir lei, foto Bernt Are Iversen

Dama dei aldri blir lei, foto Bernt Are Iversen

For M/S Atløy sin del vurderte vi faktisk dei nye forskriftene som eit godt argument for ikkje å starte på den store skrogjobben vi held på no. Masse dugnad og fem million kroner krev slike vurderingar…..

Følg med, meir info kjem!