Fjord1 er med på laget!

Fjord1 og Fjordsteam har underteikna ein samarbeidsavtale kring årets arrangement i Florø 6.-9.august.

Fjord-blir-hovudsponsor-til-Fjordsteam-Detaljer-116064-1-2

Biletet frå venstre: HR-direktør Andrè Høyset, Jan Henrik Nygård (Fjordsteam), Sander Ødelien (Fjordsteam) og maritim teknisk direktør i Fjord1 Deon Mortensen.

Fredag signerte Fjord1 og Fjordsteam ei sponsorkontrakt som sikrar Fjord1 plassen som hovudsponsor for Fjordsteam. Vi er sjølvsagt svært glade for at Fjord1 no deltek med eit betydelig beløp, særleg sidan Fjord1 har vore eigar av mange av fartya som deltek.  HR-direktør i Fjord1 Andrè Høyset meiner Fjordsteam er ein god sponsormatch for Fjord1;.

-Vi meiner at Fjordsteam sitt arrangement passar godt med Fjord1 sine stolte tradisjonar på sjøen. Fleire av fartya kjem frå vår fortid som t.d D/S Stavenes og M/S Atløy. Vi i Fjord1 set i tillegg stor pris på at eldsjeler tek vare på vår historie gjennom dette arrangementet, og gir på denne måten nye generasjonar eit inntrykk av kor viktige desse passasjerbåtane var for å binde saman dei små lokalsamfunna langs kysten og fjordane, fortel Høyset.

Sander Ødelien i Fjordsteam er også godt nøgd med samarbeidet;

– Det føles riktig at Fjord1 sponsar oss, og med denne sponsoravtalen i boks får vi sjanse til å gjere arrangementet enda meir attraktivt, fortel Ødelien.

– Vi håpar at vi kan bidra saman med Fjordsteam med å spreie historie, kultur, glede og begeistring for både lokalbefolkning og tilreisande, seier Høyset.