Navy Vocalis

Då er det klart at det 20 mann store koret Navy Vocalis kjem til Florø og Fjordsteam. Navy Vocalis er et frittståande shantykor ved Haakonsvern orlogsstasjon i Bergen, og består av songarar som tjenestegjer eller har tjenestegjort i militære og sivile stillingar i Sjøforsvaret. Koret vil ivareta maritime tradisjoner.

Navy Vocalis Navy Vocalis2 KNM-Hitra Navy Vocalis3

Under Fjordsteam vil dei ha sin naturlige base ombord på KNM «Hitra», men du vil treffe dei over heile by`n. Forutan shatyar vil dei ha med seg maritime songar der mellom anna Erik Bye og Johannes Kleppevik sine melodiar dukkar opp.

Laurdagen vert det truleg ei festforestilling i Samfunnshuset der ein markerer at det er 75 år sidan krigen starta…og 70 år sidan den slutta. Med seg har dei Bergen sitt svar på Vera Lynn; Marianne Juvik Sæbø.

Meir om Navy Vocalis kan du lese på heimesida deira ved å trykke her.

Sigrid Moldestad til Fjordsteam!

Torsdag under opninga Fjordsteam kan du være med Sigrid Moldestad å allsynge «Eventyrlast» på Torget i Florø. Songen vart skriven av hene i 2014, og er ein hyllest til D/S «Stavenes» og båtane som knytte folk langs fjordane saman. Seinare på kvelden  vert det konsert med henne på «Blomsterhagen». Billettar kan du kjøpe her

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad

Cover til CD for Eventyrlast...kan kjøpast på heimesida til D/S "Stavenes"

Cover til CD for Eventyrlast…kan kjøpast på heimesida til D/S «Stavenes»

Programmet med Sigrid frå Åmodt OPeragard kan du sjå på denne lenka