Hamneplan

Hamneplanen er oppdatert 31/7, då vi ikkkje kunne legge ut den ekstra brygga frå Kolkaia.  Hamneplanen finn ein her.

Vår hamnesjef er Rolf Grønnevik. Du treff han på 915 91 089, men det er ikkje lett å endre på denne no!!

Fagseminar

Fredag kl 13:00 på M/S «Sandnes» under Fjordsteam vert det fagseminar for eigarar og drivarar av eldre fartøy i regi av Norsk Forening for Fartøyvern.

Staute karar i Hallen foto BAI

Jan Welde, tidlegare formann i NFF, fortel om prosessen med å få M/S «Sandnes» og D/S «Rogaland» sertifisert etter verneforskrifta. Deretter innleier Christian Lien Jensen, også NFF, om kvalifikasjonsforskrifta, før Lars Alvestad frå Sjøfartdirektoratet snakkar om det heile sett frå deira sida. Ferdig 15:00.

 

Sommarrevyen Smått e godt

Mannskap på Fjordsteam får rabatt på torsdagsførestellinga til Sommarrevyen Smått e godt!

Saman med proffane Øyvind Angeltveit og Jonas Rønning serverer revygjengen i Florø ein revy som stimulerer alle sansane dine!  Oppskrifta er ca 1 times revy og litt over ein time allsang med alt frå Dar kjem dampen til This is my life – det blir garantert stor stemning og herlege timar i revyteltet!

På fredagen får du også med deg konsert og herlege coverversjonar av Punch etter allsangen. På laurdagen går fyrverkeriet Torbjørn Gran (kjent frå Kokken Tor) på scena etter allsangen.

 SommaRevyen_profilbilde_fb

Torsdag 6 august: kl 20.00 (revystart 21.00) – bestilling av mannskapspris-billettar kr 230,-  på denne lenka!.

Fredag 7 august: kl 19.30 (revystart 20.30) (allsang 22-23.30) (Konsert Punch med ultimat coverrekke 23.45 – 01.30) – Billettar her!

Laurdag 8 august: kl 19.30 (revystart 20.30) (allsang 22-23.30) (Konsert Torbjørn Gran (frå Kokken Tor) 24.00 – 02.00 – Billettar her!

 

 

Billettar og ruter

Alle (kjende) billettar og ruter skal no være lagde ut. Du finn dei enklast under fanene billettar og program.