MS Sunnhordland blei opprinneleg bygd som ubåtjagar og eskorteskip for US Navy i Chicago i 1943. Skipet vart stasjonert ved Gibraltar og seilte under engelsk flagg for Royal Navy fram til slutten av den 2.verdskrigen i 1945 – da ho blei levert tilbake til USA.
På Vestlandet var det etter krigen eit skrikande behov for transport av varar og folk. Her blei ikkje mindre enn 6 tidlegare ubåtjagarar kjøpt av forskjellege rederi og ombygd til rutefart. Eit av desse var HMS Kilcheran som blei ombygd og fekk namnet MS Sunnhordland. I 1947 blei skipet seld til Hardanger Sunnhordlandske D/S, Noreg, og blei i 1948 ombygd ved Bergen Mekaniske verksteder til bil- og passasjerferge med plass til 13 bilar, 600 passasjerar og anna gods
Dei fem andre var MS «Haugesund» (1943-97) og MS «Stavanger» (1943-83) som trafikkerte ruta mellom Stavanger og Bergen, MS «Jylland» (1943-88) som segla mellom Kristiansand og Danmark, MS «Sunnfjord» (1943-83) og MS «Sognefjord» (1943-) som gjekk i rute mellom Årdalstangen i Sogn og Bergen. Av desse er det altså berre «Sunnhordland « og «Sognefjord» som fortsatt er i drift. «Sognefjord» blir i dag brukt som dykkefarty for sportsdykkarar i Malaysia.
Som nemd over, gjekk «Sunnhordland» i fast rute i Sunnhordland i 24 år – mellom fastlandet lengst sør, innom hovudøyane og nord til Bergen. Båten var det viktigaste og raskaste framkomstmiddelet i åra etter krigen da landet var i ei rivande oppbyggings- og utviklingsfase. Her køyrde bilar ombord, passajerar sov seg fram i komfortable lugarsengar, medan nyslakta griseskrottar hang frå krokar oppunder dekk for å bli frakta til verksemdene i byen. Alle som har vekse opp i Sunnhordland i etterkrigsåra, har sterke og gode minne om «reisa til byen» med MS «Sunnhordland».
MS Sunnhordland var altså ein del dei største, raskaste og finaste lokalruteskipa som gjekk i faste ruter langs heile kysten frå Nordvestlandet og sørover heilt til Danmark. Her var det ikkje forskjell på Kong Salomon og Jørgen Hattermaker – det var kvite dukar og fine lugarar for alle passasjerane, medan bilar og anna gods også vart frakta trygt langs heile leia.
I 1974 var det norske etterkrigs-eventyret over for MS Sunnhordland, og skipet blei solgt til Finland. Her tok dei godt vare på den vakre skuta og sette ho inn i cruisefart med namnet MS Brahe mellom dei finske innsjøane og Russland.
I 2015 fekk nokre skipsentusiastar på Stord nyss om at skipet skulle seljast, og takka gode krefter gjekk kjøpet i orden. Fartøyet seilte til Tallin, blei måla svart og kvit, fekk på plass HSD-rosetten og fekk tilbake namnet MS Sunnhordland. Nå ligg ho ved kai i Leirvik og er klar for nye oppdrag på Vestlandet.
Les meir her: Historia