Atløys Venner får kulturprisen

Atløys Venner fekk i dag Flora Kommune sin kulturpris framfor ein fullsett stadion. Leiar i laget, Leif Kvalvik, mottok prisen på vegne av den aktive gjengen.

foto: Olav Hatlemark

foto: Olav Hatlemark

Atløys Venner har sidan skipinga i 1995 tilført titals millionar til båten og over 150.000 timar dugnad i drift, restaurering og vedlikehald. I grunngjevinga til juryen vart også arbeidet med å skipe til Fjordsteam trekt fram.