Bli med på turen til Florø
Du kan bli med på tidenes veteranskipskonvoi Bergen – Skjerjehamn – Florø med båtar som D/S «Oster», D/S «Børøysund», D/S «Stord 1», M/S «Vulcanus»,D/S «Stavenes», M/S «Granvin», M/S «Vestgar», M/K «Glesnes» m.fl.
Starten går frå Strandkaien i Bergen onsdag 4. august klokka 12.00, med fleire stopp nordober til Skjerjehamn. I Skjerjehamn vert vi godt tatt i mot, og der er høve til å overnatte på den gamle skysstasjonen.
Torsdag ber det vidare mot Florø, med felles innkomst klokka 1700. Alle ruter korresponderer med ekspressbåtane til reiarlaget som eigde ein del av båtane. Det er 30% rabatt på desse båtane.
Annonsa kan du lese her; bt2