Påmeldingsfrist

Dei siste par dagane har det kome enno fleire båtar til lista, og vi er no oppe i 38 påmelde fartøy og ventar på nokre til. Vi hadde håpa på 20 – 25, så vi er svært godt nøgde. Vi nærmar oss 1000 meter båt, så vi må derfor be om at etternølarar melder seg på snarast råd. Mellom anna skal vi planlegge plassering og straum, og det skal bestillast deltakarplakettar.

brannspc3b8ryta-1-small

BS Brannspøyta og BS Nøkk er mellom dei som kan lage liv i hamna.

Kjenner du nokon som går og lurer er det derfor viktig å pushe ppå litt, slik at vi kan få påmelding innan 1. mai.

KNM Hitra

Det såg ei stund ut til at KNM Hitra skulle komme til Fjordsteam, men desverre ser det ikkje ut til at dei klarer det. Vi har mottat følgande melding frå Karstein Storaas;

hitra

«Alle vi som sysler med KNM Hitra hadde gledet oss til en ny frisk giv med fartøyet etter de oppgraderings- og vedlikeholdsarbeider fartøyet har vært gjennom. Beklageligvis sa skipssjefen opp sin stilling like før vi skulle sette sammen programmet for sesongen 2010. Vi har siden arbeidet aktiv for å få på plass en erstatter. Men så langt har vi ikke lyktes med å finne hans etterfølger.

Avtroppende skipssjef har likevel vært velvillig og stilt seg til rådighet for avvikling av programmet fra ca 17. mai og frem til 10. juni. Men etter denne datoen kan vi ikke planlegge med annet enn korte dagsturer i Bergensområdet.
Vi må derfor meddele at KNM Hitra ikke kan delta på Fjordsteam i august i Florø….»

Dette er vi sjølvsagt lei oss for, og vi håper dei klarer å finne ein erstattar for skipssjefen.

Mange spanande brannbilar

Fredag var det møte i brannbefalslaget i Sogn og Fjordane, og mellom anna vart «vår» brannsjef Leif Amundsen, ansvarlig for brannbilane under stemnet, utnemnd til æresmedlem.

21 modell American Lafaytte

21 modell American Lafaytte

MF Skånevik skal i trafikk i Sognefjorden i sommar, så planen med å fylle denne med brannbilar frå Bergen vert det derfor desverre ikkje noko av. Det vert likevel godt oppmøte av gamle brannbilar, og allereie har vi følgande bilar påmeldte;

– 1920 modell American LaFrance
– 1923 modell Delahaye
– 1931 modell Buick
– 1935 modell Ford
– 1963 modell Willys
– 1964 modell Studebaker
– 1967 modell Magirus stigebil
– 1975 modell Dodge

Dette er bilar frå Bergen og 3 bilar Sunnfjord Veteranvognklubb har overtatt frå Gjensidige. I tilleg til desse kjem bilar frå heile Sogn og Fjordane og Osterøy som vi enno ikkje har oversikt over.

Legomodell av 1922 Delahaye

Legomodell av 1922 Delahaye

Bergen VeteranVogn Klubb

Ei gledeleg melding tikka inn i førre veke; Bergen Veteranvognklubb kjem til å besløke Fjordsteam, og reknar med å bli mellom 20 og 40 bilar. Dei vil komme på allereie torsdag, og blir til søndag. Det er før meldt at også  Folkevognklubben i Bergen, VWACB,  kjem til Florø.

Alvis -32 modell

Alvis -32 modell

Dei planlegg å overnatte på den gamle nattruta MS Sandnes, som vil ligge sentralt plassert i hamna. Dei har tett på 180 gjestesenger, og er sjølvsagt glad for besøk.  Skipet vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart.

MS Sandnes - kystens dronning

MS Sandnes - kystens dronning

I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjer-trafikken frå 1960 og utover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipa ”Gann” og ”Sjøkurs” i hhv 20  og 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap tok over i 2007.

Det kan sjå ut til at MS Sandnes vert «bilbasen» under stemnet, og venteleg vil fleire klubbar ta losji der. Om andre ønsker å innlosjere seg der er det berre å ta kontakt med Alf Kåre Olavesen på 51 53 44 00.

Hovudkomitè

Då er endeleg arbeidet organisert i ein hovudkomite. Komiteen vil samlast kvar fjortande dag, torsdagar klokka 1900. Komiteen består av folk frå Atøys Venner, Svanhilds Venner, Veteranskipslaget Stavenes, Florø Sentrum og andre vi meiner vil styrke arbeidet. POS Aktiv som skal arrangere både revy og konsertar under stemnet håper vi også vil tiltre komiteen.

Komiteen med ansvar finn du her; Hovudkomite-med-ansvar1

Overnatting på MS Sandnes

Det gamle nattruteskipet MS Sandnes er som kjent påmeldt til Fjordsteam. Her er det mogeleg å både være med den flotte båten frå Stavanger eller frå stoppestader langs ruta.

Båten vil blli liggande mdt i sentrum av Florø, og betre ramme for opplevinga i Florø får du ikkje. Prisar, lugarar og stoppestader er ikkje klart, men det kan nok tilpassast om det er grupper som vil på undervegs.

Lugar på MS Sandnes

Lugar på MS Sandnes

MS Sandnes har 180 sengeplassar, og var det mest luksuriøse skipet som var bygd for innanlands fart på 50 talet. Er dette noko for deg tar du kontakt på 51 53 44 00 for ytterlegare informasjon.

salong

Dette må då være rette måten å bu! I senter av stemnet i ein vakker båt!

Forbundet Kysten

Forbundet Kysten sitt lokallag i Florø, Kinn Kystlag, held no på å invitere alle kystlaga i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til Florø. Sjølvsagt vil kystlaga frå dei andre fylka være like velkommen, og dei som disponerer større fartøy har allereie fått invitasjon.

Området sett frå "Bruene"

Området sett frå "Bruene"

Kinn Kystlag vil lage leir på den freda «Nilsenslippen»  inne på Kystmuseet sitt store flotte område sentralt på Florelandet. Dei er ferdige med å bygge nye kaier som vil ha plass til ein god del mindre fartøy. 

Kinn Kystlag vil tilrettelegge toalett, grillar,teltplass,  bu og kaier, og får vi det til vil det bli sett opp veteranbuss i rute til sentrum (2 km). Det vil garantert bli ein sosial, freda plett midt i smørauget!

nilsensl-sc3b8r1

Laurdag blir det felles rotur gjennom Kanalen og inn til sentrum for Torgdag. Kinn Kystlag disponerer også Kvanhovden Fyr, og søndag etter stemnet inviterer dei alle som har lyst på tur dit.

Kvanhovden fyr, så langt vest at måsen snakkar engelsk!

Kvanhovden fyr, så langt vest at måsen snakkar engelsk!

VWACB planlegg besøk

På årsmøtet i Folkevognklubben i Bergen, VWACB, i forrige veke vart sommarens turar diskutert. Ein av ideane som nådde fram var besøk til VWACB, og vi er sjølvsagt meir enn glad for å ta i mot. Klubben var også besøk i Florø i 2009 på veg til Stryn, og overnatta då på MS Atløy i Florø.

Frå besøket i 09

Frå besøket i 09

Med fleire bilmerke, nokre gamle bussar og alle dei gamle båtane vert det kanskje slik langs kaiene i Florø under Fjordsteam?
Gudvangen på 60 tallet

Gudvangen på 60 tallet

Velkommen er dei i alle fall!!!

Program for Sognaturen

Programmet for Sogneturen er no ferdig. Du  finn det under fana «program» eller på denne linken. Vil du være med? Kontakt Øyvind på 951 13 223

Sild og øl til folket!

Harald Årebrot, Ludvig Grytten, Ragnar Kristiansen, Rolf Grønnevik, Arthur Nord og Leif Kvalvik hadde i går ei dryg økt på Bataldebua på  Kystmuseet for å flekke 4000 sider sild. Silda har lege i rennande sjøvatn over natta, og skal no henge til tørking 4-5 veker før den frysast. Tørkasilda (nubbesild, kubbesild, lubbesild) er flekt med beinet igjen i eine av filletane, noko vi fekk påpakning på frå siste Fjordaferda. Første smakebit vert på Fjordsteam, men den vert og å få kjøpt under nettop Fjordaferda.

fiskevask1

Samstundes er Florø sitt eige brygger, Kinn Bryggeri, i gang å planlegge eit eige øl til Fjordsteam. Bryggerimeister Espen Lothe, tidlegare norgesmeister i ølbrygging, lovar eit øl som skal passe til sild og fjordabåtar.

Både silda og ølet vert sleppt under Fjordsteam, og vil bli seld eksklusivt på mannskappskroa og ein lokal pub. Nokre fartøy vil også få høve til å selge ølet, og er det av interesse for ditt fartøy kan de bestille ølet via Sander i arrangemntskomiteen på telefon 900 51 867.