Trebaatfestivalen

I år er det ikkje Fjordsteam, men om du vil på stemne anbefaler vi Trebaatfestivalen i Ulsteinvik 18. – 21. august. Dei har eit fyldig program i festivalteltet og på kulturhuset og eit yreade liv med trekkspelmusikk og anna moro ved kaiene og i havnebassenget. Gratis kaiplass, gratis strøm til veteranbåtar og alle trebåtbentusiaster er sjølvsagt velkomne til Ulsteinvik denne helga. Påmelding og info via www.trebaatfestivalen.no og på Facebook.

Ulsteinvik1

Fjordabaatane inviterer til julemøte

Fjordabåtane

Fjordabåtvenner inviteres til førjulstreff

lørdag 28.november kl.12.30 – 15:00.
Sted: Bergen Kystkultursenter, Sandviksboder 16.

Harald Sætre forteller og viser bilder fra sin nye HSD-bok «Fram og tilbake til byn- om HSD sine langruter, lokalruter, båtar og stoppestader». Anledning til å kjøpe boken – kr. 349.-. Harald signerer. Harald viser også bilder fra Fjordsteam i Florø.

Nordhordland Veteranbåtlag er til stede og selger Fjordabåtkalenderen for 2016 – til redusert pris – kr. 80.-

Øyvin Konglevoll orienterer og viser gamle bilder fra D/S «Stavenes» i trafikk, samt fra restaureringsprosessen.

Salg av kaffi og noe å bite i.

Hamneplan

Hamneplanen er oppdatert 31/7, då vi ikkkje kunne legge ut den ekstra brygga frå Kolkaia.  Hamneplanen finn ein her.

Vår hamnesjef er Rolf Grønnevik. Du treff han på 915 91 089, men det er ikkje lett å endre på denne no!!

Fagseminar

Fredag kl 13:00 på M/S «Sandnes» under Fjordsteam vert det fagseminar for eigarar og drivarar av eldre fartøy i regi av Norsk Forening for Fartøyvern.

Staute karar i Hallen foto BAI

Jan Welde, tidlegare formann i NFF, fortel om prosessen med å få M/S «Sandnes» og D/S «Rogaland» sertifisert etter verneforskrifta. Deretter innleier Christian Lien Jensen, også NFF, om kvalifikasjonsforskrifta, før Lars Alvestad frå Sjøfartdirektoratet snakkar om det heile sett frå deira sida. Ferdig 15:00.

 

Sommarrevyen Smått e godt

Mannskap på Fjordsteam får rabatt på torsdagsførestellinga til Sommarrevyen Smått e godt!

Saman med proffane Øyvind Angeltveit og Jonas Rønning serverer revygjengen i Florø ein revy som stimulerer alle sansane dine!  Oppskrifta er ca 1 times revy og litt over ein time allsang med alt frå Dar kjem dampen til This is my life – det blir garantert stor stemning og herlege timar i revyteltet!

På fredagen får du også med deg konsert og herlege coverversjonar av Punch etter allsangen. På laurdagen går fyrverkeriet Torbjørn Gran (kjent frå Kokken Tor) på scena etter allsangen.

 SommaRevyen_profilbilde_fb

Torsdag 6 august: kl 20.00 (revystart 21.00) – bestilling av mannskapspris-billettar kr 230,-  på denne lenka!.

Fredag 7 august: kl 19.30 (revystart 20.30) (allsang 22-23.30) (Konsert Punch med ultimat coverrekke 23.45 – 01.30) – Billettar her!

Laurdag 8 august: kl 19.30 (revystart 20.30) (allsang 22-23.30) (Konsert Torbjørn Gran (frå Kokken Tor) 24.00 – 02.00 – Billettar her!

 

 

Billettar og ruter

Alle (kjende) billettar og ruter skal no være lagde ut. Du finn dei enklast under fanene billettar og program.

Sparebanken med på laget!

I ein avtale signert forrige fredag gjekk Sparebanken Sogn og Fjordane inn som ny og viktig hovudsponsor i Fjordsteam med ein betydelig sum. Dei nye midlane gjer at vi kan gjere meir av det vi har lyst til og legge betre til rette for alle dei besøkande.