Dar kjem dampen, gamle dampen…….

Då var sjølvaste gamledampen til Ivar Medaas påmeld.

DS «Oster» vart bygt i Kristiansand i 1908 for å bryta vinterisolasjonen for Modalen Kommune. «Oster» var den første Fjordabåten i Bergen, med elektrisk belysning. I 1915 vart båten forlenga med 12,5 fot til 125 fot. Fram til 1952 hadde «Oster» berre to kapteinar, Tobias Hordvik avløyst av Andreas Mostrøm i 1931.

DS «Oster» vart identifisert som sjølvaste Gamle Dampen då dampbåtlaget ikkje hadde midlar til moderniseringar. I 1963 skreiv døveprest Ragnvald Hammer ein hyldningssong til ære for «Oster», og Ivar Medaas sette tone til og framførte songen på ein framifrå måte.

I 1964 gjekk «Oster» ut av rutefarten, vart ombygt og segla frå 1966 som fraktebåten MS «Vaka». I mars 1996 vart båten heimkjøpt og tilbakeføringa til dampbåt tok til. Riksantikvaren ærklærte gamle «Oster» for å vera verneverdig det same året. I august 2000 dampa «Oster», inn på Vågen, for første gong på 36 år, med eit nyinnstallert dampmaskineri. 40.000 strilar og bergensarar hadde møtt fram på opningsseremonien for Nordsteam-2000, og det vart eit tåredryppane gjensyn med Gamle Dampen.

På Torgdagen i 2005 vart «Oster» ærklært for å vera ferdig restaurert. «Oster» deltek på kulturarrangement i regionen. Det blir også segla turar med bedrifts- og private leigetakarar i sommarsesongen.