DS Stord
Vi har fått ein hyggeleg telefon frå «Stord-gjengen» i dag.
DS Stord ligg no ved Hardanger Fartøyvernsenter for vidare innreiing på shelterdekket i midtskipshuset. Det gjeld sjukelugar og to 4 mannslugarar på styrbord side. På hovuddekket skal skipssidene kledast i området bak til 1. plass salong. Les meir om arbeidet her.
Det ser ikkje ut til at det vert passasjerløyve i år, då det er mykje byråkrati rundt brannsløkkingsanlegget ombord. Sjølv om eit dampanlegg kanskje er det som fungerer best iflg skipskontrollen, vil direktoratet i Haugesund ikkje godkjenne eksisterande anlegg, truleg fordi det etterkvart er sjeldant å sjå. Det er derfor ein omstendeleg prosess å få avklaring på dette. Rømingsvegar er også eit tema, og ein er lite villige til å bygge ekstra hus på båtdekket for å huse oppblåsbare rømmingssklier.
Utan passasjersertifikat vert det vanskelig med økonomien, og ein er avhengig av støtte til bunkers for å kunen komme. Vi arbeider med ei løysing på dette, og reknar med at vi skal finne ei løysing slik at vi får sjå den staselege dama i Florø i august.