DS «Thorolf» påmeldt
Då har vi fått påmelding frå DS «Thorlolf».
D/S THOROLF er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia, bygd av skipsbyggjaren Andreas Svoldal, Rosendal, I 1910-1911, men fullført ved Brunholmen Mek.Verkstad i Ålesund. Skipet vart tinga av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar, prøveartiklar, råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg, frå Sørlandet til Finnmark. Firmaet åtte og brukte D/S Thorolf til slutten av sekstiåra, då det forliste. Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig.
I 1988 vart stiftinga D/S Thorolfs Venner etablert, og overtok skipet. 21. mai same år førte medlemmane skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei til med ei omfattande restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen sjødyktig. I 1998 vart det oppdaga omfattande roteskader i tillegg til omfattande skader på kjelesystemet og båten måtte gjennom ei omfattande restaurering. No er båten igjen sjødyktig.