Ein fiskar

MS «Hindholmen» er ein tidlegare fiskebåt som vart bygd ved Christianssands Mek. Værksted i 1916. Han var då 109 fot. Han vart lengd til 116 fot i 1930. Skroget er av stål. Første eigar var Roald havfiskeselskap. Prisen på den nye båten var 135 000 kr. Ålesund Fiskeriselskap overtok båten i 1918. Etter at Brødrene Svinø overtok han i 1923, kom han til A/S Kvitøy, Paal Aarseth på Vartdal i 1941. Han vart registrert i Ålesund med reg.nr M-16-VD. Aarsethreiarlaget dreiv båten så lenge han var i aktivt fiske, til februar 1978. I 1980 vart Hindholmens venner ansvarlege for båten. Sidan 1994 har Stftinga MS Hindholmen vore eigarar.

Under 2. verdskrigen var han rekvirert av Die Deutche Kriegsmarine som vaktbåt under namnet «Markgraf».

Hindholmen hadde dampmaskin til 1954. Då vart den skifta ut med ein tresylindra Wichmann 3AC dieselmotor på 240 hk. Med den gjer båten ein fart på 9 knop. Lasteromet vart isolert, og det vart montert frysemaskin om bord.

MS «Hindholmen» deltok i vintersildfiske til i 1961. Sild fiska den og ved Island. Han var det første norske fartøyet som fiska laks ved Grønland. Der fiska han og kveite, torsk og sei. Ved Færøyane, Shetland og Hebridane vart det fiska sei, pigghå og håkjerring. Han var og på prøvefiske etter størje utanfor Ghana.

Hindholmen er det største fiskefartøyet som har vorte teke vare på i Noreg. Han har vorte restaurert med utgangspunkt i utsjånad og funksjon frå 1955. Dette arbeidet har vorte utført ved Bredalsholmen Dokk-og Fartøyvernsenter i Kristiansand, same staden som båten vart bygd, og ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

MS «Hindholmen» har hatt status som verneverdig skip sidan 1996.