Onsdag 5/8
Båtane går samla frå Bergen og Ålesund mot Florø om morgonen med overnatting undervegs og den første sosiale samlinga på kvelden. Alle båtane går saman frå Bergen klokka 12:00, og det er mogeleg å følgje D/S Stord, D/S Oster, M/S Granvin og M/S Atløy via diverse stoppestader, alle med felles ankomst Skjerjehamn klokka 17:30. Rutetider, bestilling og prisar for å være med finn ein her. Treng du overnatting i Skjerjehamn, kan du kontakte dei her. Kvelden i Skjerjehamn vert garantert minnerik.
Torsdag 6/8
vert det besøk av fleire hamner langs kysten, og innkomst til Florø 16:30 slik at ein kan følge ekspressen sørover om ein absolutt ikkje vil være i Florø. Har du lyst å være med på heile eller delar av turen finn du ruter, prisar og båtar her.
09:30 Felles avgang frå Skjerjehamn via Sollibotn, Sørbøvåg, Krakhella og Askvoll til Florø.
14:00 M/S «Atløy» og D/S «Stord» avgår frå Askvoll. Vil du være med finn du billettar
16:30 Veteranbuss frå Førde til opningsseremoni og innkomst.
18:00 Opningsseremoni på Torget i Florø. Båtane defilerer inn og vert presentert. Talar. Felles avsynging av «Evenetyrlast» med Sigrid Moldestad som framsongar.
19:30 Mannskapskro med ein gratis matbit for alle med mannskapskort
19:30 Aurlandsbussen returnerer til Førde.
20:30 Sommarrevyen «Smått e` Godt». Billettar finn du her!
22:00 Bakgårdskonsert med Sigrid Moldestad på Blomsterhagen. Dørene opnar 21:00. Billettar på Blomsterhagen eller i døra.
Fredag 7/8
vert det rutehistorisk dag der publikum vert invitert med på turar i distriktet med både bussar og båtar.
09:00 Bussavgang med veteranbuss og mjølerute frå Førde.
09:15 Skipparmøte for alle båtar i rute på M/S «Sandnes»
11:00 Avgang rundturar til Svanøy, Høydalane, Kinn, Kalvåg og ein spanande tur til radiostasjonen på Roska med båt, evt i kombinasjon med buss.Billettar til alle turar kjøpast ved avgang, eller på Haffen (onsdag 12-18, torsdag 12-20 og fredag/laurdag 09-17) . Om vil være sikker på plass er det lurast å kjøpe på førehand, særleg til dampskipa..
11:30 Bli med til Nordalsfjorden og hent mjølk på gamlemåten med ein ekte «kombibil». Vi lovar tidenes guide, utan mikrofon!
13:00 Fagseminar for eigarar og drivarar av eldre fartøy i regi av Norsk Forening for Fartøyvern, Sjøfartdirektoratet, Riksantikvar og Hardanger Fartøyvernsenter. Ferdig 15:00.
16:00 Marinen sitt kor Navy Vocalis syng på Fylkeskaia når KNM «Hitra», M/S «Riskafjord» og Shetlandsskøytene kjem tilbake frå radiostasjonen Roska.
20:30 Sommarrevyen «Smått e` Godt» i revyteltet. Billettar her!
Mannskapkro på Kolkaia (v/D/S «Stavenes») heile dagen, hele kvelden. Servering av middag og anna til fornuftige prisar.
Laurdag 8/8
Torgdag der fleire av båtane går tidlig ut i distriktet for å hente folk til Florø. Gamle bilar, Bondens Marknad, 200 veteranbilar, spontankonsertar, revy og eit yrande liv. I 2010 rekna politiet med at det var 10.000 i sentrum, og det er mykje i vesle Florø. Om du ikkje bur «i øyane» kan du følge rutene som rundtur både morgon og ettermiddag.
08:00 Båtane går i rute til Svanøy, Askrova, Høydalane, Stavang, Svanøy, Fanøy, Rognaldsvåg og Kalvåg. Prisar og ruter finn du her. Merk at ruta til Stavang / Høydalane startar 07:30.Billettar til alle turar kjøpast ved avgang, eller på Haffen (onsdag 14-18, torsdag 14-20 og fredag/laurdag 09-17) . Om vil være sikker på plass er det lurast å kjøpe på førehand, særleg til dampskipa..
10:00 Stor marknad på Torget i Florø, med mellom anna Bondens Marknad, forkjellige handverk og bodar.
11:00 Innkomst rutebåtar til Fylkeskaia.
11:15 Felles innkøyring i Strandgata av bilar frå Bergen Veteranvogn Klubb, Sunnfjord Veteranvognklubb, 7-setarklubben og andre som ynskjer å komme
11:30 Turar med veteranbuss og 7 setar. Billett v/avgang frå Jens Helmers
15:00 Ruter og rundturar til Svanøy, Askrova, Høydalane, Stavang, Svanøy, Fanøy, Rognaldsvåg og Kalvåg. Billettar til alle turar kjøpast ved avgang, eller på Haffen (onsdag 14-18, torsdag 14-20 og fredag/laurdag 09-17) . Om vil være sikker på plass er det lurast å kjøpe på førehand, særleg til dampskipa. Oversikt over turane finn du på billetsida.
15:00 Skjærgårdscruise med D/S «Stord», 3 timar. Avgang frå Atløy si vanlege kai.Billettar til alle turar kjøpast ved avgang, eller på Haffen (onsdag 14-18, torsdag 14-20 og fredag/laurdag 09-17) . Om vil være sikker på plass er det lurast å kjøpe på førehand, særleg til denne turen.
15:00 3 timar Skjærgardscruise med D/S Stord1
18:00 Båtane tilbake frå rutene sine.
18:30 «En aften med Vera Lynn». Konsert med marinen sitt shantykor Navy Vocalis på Flora Samfunnshus, med kjende og kjære songar frå Vera Lynn, men også frå Erik Bye, Johannes Kleppevik og Jacob Sande. Kveldens solist er Marianne Juvik Sæbø. Informasjon og billettar finn du her.
20:30 Mannskapsfest på Flora Samfunnshus
20:30 Sommarrevyen «Smått e` Godt» i revyteltet. Billettar her!
Søndag 9/8
09:00 D/S «Stord» avgang til Bergen
11:00 Maritim gudsteneste i Florø Kyrkje. Kransnedlegging. Navy Vocalis deltek.
13:00 Felles oppbod og kappkøyring frå Stabben til Stavenes
Fleire av båtane held fram inn Sognefjorden. Ruta finn du her: Sognetur