Vulcanus Taubåtkompani
Då ser det ut til at «det går vegen» for gjengen som for litt sidan tok initiativ til å redde MS Vulcanus og å halde ho i Bergen. Båten er formelt ikkje overtatt enno, men dei har kome så langt at Vulcanus Tubåtkomapni er skipa.
Dei har òg vore i kontakt med mange sponsorar og fått velsigning frå Riksantikvaren v/Erik Småland og stadfesting på at fartøyet er verneverdig.
Eigne heimesider er også klare, du finn dei på vulcanus.no. Fjordsteam ynskjer lukke til, og ser fram til å ønske dei velkommen til Florø og Fjordsteam!