MK Andholmen

andholmen-small.

«Andholmen» ble bygget i Brattvaag, Møre og Romsdal og levert i 1938 til reder Karl Gregussen, Bø i Vesterålen. Fartøyet ble bygget som galeas med loddrett stevn og akterskipet krysserbygget. Motor 60-90 Hk Wichmann. Kjennesignal LJSZ.

«Andholmen» ble rekvirert av norske sjømilitære myndigheter i Nord-Norge under kampene i Ofotfjorden/Narvik-området april/mai 1940. Tyskerne kontrollerte den eneste dypvannskaien i området. Ca. 20.000 allierte soldater måtte derfor landsettes av mange mindre norske fartøyer, deriblant «Andholmen». I juni 1940 ble sjømilitær kommando heist om bord i «Andholmen» og fartøyet seilte til Skottland under kommando av fenrik Finn Lagaard Eriksen.

«Andholmen»  ankom Buckie, Skottland, seilte på Orkenøyene og opererte senere fra Island som patruljefartøy. Deretter seilte hun minst en sesong mellom Shetland – Norge og så opererte skuten i transportrolle mellom Skottland – Shetland. Etter dette kommer «Andholmens» nye operasjonsbase, som var Peterhead, Skottland. Få hadde hørt om Peterhead, som var en «superhemmelig» norsk base nord i Skottland hvorfra man utførte tokter til vestkysten av Norge. Mange titalls turer, som til i dag har vært underlagt et hemmelighetens slør, ble gjennomført av flere skøyter. Foreløpig kjenner vi få detaljer vedrørende «Andholmens» oppdrag derfra.

Fartøyet returnerte til Norge ca. 20. mai 1945, og hadde da vært under norsk sjømilitær kommando kontinuerlig i ca. 5 år. Sannsynligvis som eneste fartøy som seilte med splittflagget under hele 2. verdenskrig.

M/K «Andholmen» representerer en enestående dokumentasjon av en viktig del av Norges sjømilitære historie. Neppe noe eksisterende norsk fartøy fra krigens dager kan vise til en tilsvarende innsats som M/K «Andholmen». Det er en prioritert oppgave for Norge å bevare fartøyet som står som et symbol på norsk kamp for frihet i perioden 1940-45. Mer om «Andholmen» kan du finne på www.andholmen.no

.
.
MK Arnefjord

arnefjord

.

M/B «Arnefjord» er en Hardangerkutter bygget i Jondal i 1917 som agentbåt eller handelsreisendebåt. Den gikk også med post og har sitt eget poststempel. Tidligere har fartøyet vært benyttes som skyssbåt, syketransport, fiskebåt og fraktebåt. Fartøyet gikk opprinnelig i Arnafjord (Vik i Sogn). Fartøyet var på Shetland under 2. verdenskrig og gikk i tjenste på Shetland under tilnavnet «The Brigadeer’s Yacht». Etter hvert havnet fartøyet på Askøy hvor nåværende eier Morten Neset overtok den i 1990. Styrehuset ble fornyet i 1947 og ble vesentlig forstørret i forhold til det opprinnelige. Kopi av dette styrehuset ble bygget i 2006 og reparert i forhold til 1947-modell. Fartøyet har en ensylindret semidiesel med oppfyring (20 Hk) som er den samme som fartøyet ble levert med som ny i 1917 og truleg den eldste Wichmann i båt  i landet i dag. Maskina vart oppatspøta av Wârtsilla i 2005-06, og er i topp stand.

.

.

MS Atløy
atlc3b8y1.

MS Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Båten gjorde i fleire tiår teneste i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane. I førstninga av 1980-åra gjekk eldsjeler saman og skipa eit andelslag som kjøpte ”Atløy” attende frå private eigarar og restaurerte båten til fylket sin einaste veteran-rutebåt.

Båten, som var eit kombinert laste og passasjerfartøy av jern, var på 105 b.reg. tonn. Det var ein særs fin båt, med sertifikat for 120 passasjerar, og hadde byggemål 87,1 fot og breidde 17,9 fot. Båten hadde elektrisk lysanlegg frå ein Penta hjelpemotor på 5 hk, og koksfyrt sentralvarmeanlegg med vassirkulasjon.

1963 vart ”Atløy” opprusta og modernisert. Båten fekk utvida styrehuset ut på bruvengane, han fekk attkledde gangar med plastruter akter, og han fekk ny skorstein. Då vart også den gamle tosylindra Bolinder maskina bytt ut med ein ny firesylindra Wichmann som ytte 240 hestar.

Dei siste åra sine i FSF si teneste gjekk ”Atløy” i mjølkerute mellom Florø og Førdefjorden, med ein tur til Førde i veka. Dei mange krav om meir effektivitet, fart og komfort gjorde etterkvart båten gammaldags, og i 1974 selde FSF han til private eigarar på Sunnmøre. Dei gav han namnet ”LATØY”, og brukte han som feriebåt. Seinare gjekk ”Latøy”  ei tid som skyssbåt for arbeidsfolk i samband med plattformbygging ved Åndalsnes, med sertifikat for 180 personar. På resten låg han i opplag på Hareid i 3-4 år.

Atløy er no eigd av Andelaget Atløy og driven av Atløys Venner i Florø med omlag 10.000 timar dugnad i året.
.

.

MS Auno

ved-stabben-small.

Auno vart bygd i 1943 hos Georg Eide i Hardanger. På grunn av krigen vart båten aldri fiskebåt, men fekk først 11 år som slepebåt og fraktebåt ved smelteverket i Orkanger. I 1955 vart båten ombygd til reisandebåt og fekk samstundes namnet Auno. I 1964 starta ei nesten 30 år lang karriere som rutebåt i Fosen Trafikklag sitt ruteområde i Trøndelag.
I 1995 vart båten seld ut av familen Apold som hadde hatt den i 40 år. Skroget og dekket var fortsatt i god stand takka være godt vedlikehald og godt håndverk og samvittighetsfullt materialvalg ved verftet i Hardanger og på Nordmøre, der båten vart ombygd. Etter ei omfattande ombygging i ein annan båtbyggerkommune, Vestnes, fekk Auno dagens utrustning og rigg.

Båten er 16,6 meter lang og fem meter bred. Djupgåande er 2,70 meter og stormasta er 22 meter høy. Auno fører 220 m2 seil på ein klassisk gaffelrigg.

Auno er sertifisert for 30 passasjerar i fartsområde «liten kystfart» og har køyplassar for 12 i fem lugarer. Båten blir brukt til charterturer og vekesturar, mest lokalt i Romsdal. Auno har vore på fleire utanlandsturar og har to gongar deltatt i Tall Ships Races (2001 og 2008). Nordvest Fjordservice AS, 6390 Vestnes, er eigar.

.
.
MF Bilfergen
bilfergen2.

MF “BILFERGEN” vart bygd av Johan T Nerhus i Ølve i Hardanger i 1921. Fartøyet var opphaveleg kontrahert som fiskekutter i 1919, men skroget vart av ymse grunnar overtatt av det nystifta A/S Aalesund Færgeselskap for å transportere bilar mellom Vestnes og Åndasnes. I forskjellige ruter fram til 1972. Eigar Fjord1. Siste nytt er at det ser ut til at Bilfergen kan ha problem med å komme på grunn av problem med hovudmaskin. Aller siste nytt (20/7) er at det også er mannskapsproblem i tillegg til ei kranglete maskin. Dei må derfor desverre melde pass.
.

.

BS Brannsprøyta

brannspc3b8ryta-2-small1.

M/S «Brannsprøyta» er ein sjøgåande brannsprøyte bygd ved A. M. Liaaens Mek. Verksted i Ålesund i 1952 med byggenummeret 87 og har eit skrog i sveisa stål. Vannpumpa sine strålar rekk 90 meter, og kan sprute ut 6000 liter vatn i minuttet. Få dagar etter at fartøyet vart overlevert brannvesenet, trådte M/S «Brannsprøyta» i aksjon og markerte starten på eit virke som brannsprøyte i over 40 år. Fram til då hadde fartøyet vore i aksjon ved 46 anlegg på land, 16 brannar utanfor Ålesund kommune, 17 båtbrannar og 4 brannar på passbåtar.

M/S «Brannsprøyta» vart formelt avvikla frå brannvesenet i 1996, og vart året etter nominert til «byens kulturminne» i Ålesund. Med utspring i sjømannsorganisasjonane vart «Stiftelsen Brannsprøytas venner» etablert. Sidan har fartøyet fått Riksantikvaren sin formelle status som vernverdig skip. Mesteparten av arbeidet med M/S «Brannsprøyta» vert utført av Brannsprøytas venner på dugnad. Fartøyet vert brukt i kulturformidling og ved festligheter og markeringer, og har sertifikat for 25 passasjerer. Siste nytt; Brannspøryta måtte desverre melde seg av (19/7) på grunn av mangel på mannskap.

.
.
DS Børøysund

bc3b8rc3b8ysund-nrk1.

D/S “Børøysund” vart bygd som byggenummer 133 ved Trondhjems Mek. Værksted i 1908 for Trondhjems Lægtercompagni. I rute til 1955, seinare opplæringsskip. Landets foreløpig siste kolfyrte dampskip, men dette kan endre seg under Fjordsteam!!! Eigar Norsk Veteranskipsklubb i Oslo.
.
.
SK Cardinal
cardinal-small.
Kutter, opprinnelig 42 fot, byggeår 1935 ved Salthammer Bytbyggeri på Vestnes i Romsdal, som “Nygårdsvollbåt”. Tidlegare namn MK “Strandheim”, heimehøyrande på Sande, Møre og Romsdal. Eigar var familien Strand. Forlengd til 52 fot  i 1945.  I fiske til 1970, dei siste 5 åra på Værlandet, med namnet Rodon, eigar Magnus Kvalheim.

Frå 1970 og framover lystbåt. Først «Gubben» med forkjellige eigarar til 1989, deretter 12-13 år forfall før dagens eigar tok over i 2002. Under renovering og ombygging sidan av eigar Paul Karlsen, Bergen.
.

SJ Caroline af Sandnes

caroline-af-sandnes.

Under privar restaurering i mange år. Endeleg stadfesting i starten av mai, men arbeider med Fjordsteam og kappesglinga på Florevika som mål.

Seiljakta Trine er bygget i 1885 i Kristiansund av båtbygger Børve,på den tid en meget anerkjent jaktebygger. Frem til 1939 gikk den for seil langs kysten med saltfisk. I 1939 fikk den installert motor for første gang. Etter en periode i trafikk med saltfisk gikk den over til å føre rogn,derav navnet den hadde når den ble solgt til Sandnes: Rogna. Båten gjennomgikk en større ombygning i 1950. Det var nok da den fikk det utseende den hadde da den kom til Sandnes.

På 70 tallet var jakten ofte å se i Gandsfjorden under navnet Rogna. Turen gikk da som oftest til O.C. Østrått for å frakte belegningsstein og lignende. Hun var i aktiv fart frem til 1989 før hun ble lagt i opplag ved Gressholmen i Oslofjorden. Hun ble kjøpt til Sandnes våren 1998, der hun  skal  få tilbake sitt opprinnelige utseende. Jakten, som vi for øvrig har kalt opp etter en av de mest kjente jaktene i Sandnes vil bli rigget som seiljakt med en pålemast.

Gler  seg til «å slå Stein Arve» (skippar på SJ Svanhild) på heimebane.  Meir å lese på denne linken, du kan også treffe Carolline på Facebook (søk Caroline af Sandnes).
.

.
MS Dolphin
dolphin-0232.

Fjordboot frå 1942 ombygd til lystbåt. Eigd av Henry Austfarden i Bergen.
.

.

MS Glesnes

glesnes3.

MS Glesnes er mest kjent som Opstad og Gamle Opstad i vårt distrikt, og gjekk i rute Måløy – Berle i mange år. Høyrer i dag til på Sotra og er eigd av Norvald Glesnes i Klokkarvik.
.
.
MS Granvin

granvin2.

Granvin er bygd ved Mjellem & Karlsen i Bergen i 1931 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Ruteområdet var hovudsakelig indre Hardanger, men vart også nytta i andre rutedistrikt. Eigar Veteranskipslaget Fjordabåten i Bergen sidan 1988, då båten gjekk ut av rute.
.
.

MS Haugefisk

haugefisk1.

Haugefisk er bygd i  1978 på H & E Nordtvedt skipsbyggeri på Fusa i Hordaland. Fartøyet ble brukt som havfiskefartøy med autoline fra 1978 til 2005 og er et av de første fartøyene som ble bygd for denne nye typen teknologi. Eigar er Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø sidan 2005.
.
.
TB Hebe

hebe-arne-breiteig

Svensk taubåt på omlag 50 fot bygd ?, eigd av Reidar Matre i Ølen

.

.

MS Hindholmen

hindhomen

M/S «Hindholmen» vart bygd ved Kristiansand Mek. Verksted i 1916 for Roald Havfiskeselskap i Ålesund, som brukte den i fiske på Eggakanten. I 1918 vart fartøyet seld til Ålesund Fiskeriselskap, som igjen selde den til Jacob P. Svinø i 1923. Den vart i denne familiens eige frem til 1941, da ho vart kjøpt av A/S Kvitøy på Vartdal. I mai 1941 vart fartøyet rekvirert av tyskarane, som armerte fartøyet.

«Hindholmen» vart brukt i ei rekke forskjellige fiskeri opp gjennom åra: Sildefiske på Vestlandet og ved Island, kveitefiske på Vest-Grønland og i Danskestredet og linefiske på Finnmarkskysten. I 1961 dreiv den fiske på vestkysten av Afrika og frå 1964 laksefiske på vestkysten av Grønland. Deretter vart det fiska sei ved Færøyane og Shetland og pigghå nord og vest for dei britiske øyer. Fartøyet gjekk i opplag i 1978. Som ny fekk «Hindholmen» installert dampmaskin. Denne vart bytta ut med ein 240 Hk Wichmann i 1954. Samtidig vart fartøyet bygd om ved Hjørungavåg Smie- og Sveiseverkstad, blant anna fekk båten nytt styrehus. I 1973 gjennomgikk fartøyet ei ny ombygning.

I 1979 vart arbeidet med å ta vare på «Hindholmen» satt i gang og Hindholmens Venner vart danna i 1980. I 1995 vart Stiftelsen M/S Hindholmen danna. I 1996 kom «Hindholmen» til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter. Deretter gjekk «Hindholmen» til Hardanger Fartøyvernsenter for vidare restaurering, og hausten 2004 kom fartøyet tilbake til Sunnmøre.

.

.

MS Kaptein Dyre

kaptein-dyre1.

Slepebåt frå 1893, med base i Trondheim. Kjem til Florø saman med Sørhavn, medlem i Nordenfjeldske Staalskbsunion. Eigar Svein Roger Kilda. Måtte desverre melde seg av 21/7.
.
.

TB Lessing

lessing

.

Taubåt, bygd 1889 for Hamburg Hafen hos Möller&Holberg i Stettin. 25 b.reg. tonn, 40,3 fot. Opprinnelig 90 IHK (indikative hestar) cpompound dampmaskin, no ein 300 hk Wickmann, 4DCT anno 1965. Seld til Johan Troye i Bergen i 1899, til Bergen Buksering i 1908. Frå 1916 til 1983 i arbeid for Stolz Røthing. Kjøpt av R. Birkeland slipp på Avaldsnes, før noverande eigar Alf Johnsen Mekaniske Verkstad og Slipp tok over ansvaret i 2006. Båten har gjennomgått ei omfattande reparasjon og fornying, men har halde på den gamle stilen. Båten blir brukt som slepebåt, små oppdrag, men også som turbåt. Heimehøyrande på Brandasund.

.

.

MS Lilja

lilja-small
39 fots kryssar bygd i Florø i 1939. Kjøpt til Dåfjorden i 1980 og totalresturert. Eigar er Asgeir Andersen, og heimehamn i Dåfjorden sidan den gang.

.

.

RS 63 Lille Torungen
lille-torungen1.

Lille Torungen vart levert frå Stord Verft som byggenummer 55 , i november 1960.  Tenestegjorde for NSSR fram til 1987 og berga 26 menneske frå den visse død og assisterte 462 farty. Frå 1987 og til 1997 tenestegjorde den for SSSR med stasjon på Gotland.  Kom heim til Noreg nesten på dagen 100 år etter frigjeringa frå Sverige.  Eigar Svein Rune Børslid, Bergen.
.

.

SJ Mathilde

Foto; Olav Bjørkum

Foto; Olav Bjørkum

.

Jakta «Mathilde» vart bygd av Ole H. Nerhus på Ølve i Kvinnherad og sjøsett i 1884. Det nye fartøyet, eigd av Nerhus-familien, vart sett inn i den såkalla «nordlandsfarten» der ferdakarar kjøpte opp skrei i Lofoten og på Finnmarka. Fisken vart salta, tørka og sidan selt i Bergen og Kristiansund. I 1889 kjøpte eit partslag i Jondal jakta og dreiv henne vidare i same farten. I 1918 vart «Mathilde» seld nordover til Svolvær og herifrå vidare til Anders Jensen på Lunderøy på Helgeland. Jakta hadde sidan fleire ulike eigarar i Nordland før ho i 1938 vart seld til Erik Rolfsen i Kristiansund som m.a. nytta henne som lossement.

Det skal vera medan han var eigar at fartøyet vart rigga ned og fekk installert motor (50 hestar Wickmann). Etter å ha høyrt heime i Ålesund ein kort periode vart «Mathilde» i 1950 selt til Mosterhamn i Hordaland der ho fekk namnet «Kari Louise». I 1968 vart «Kari Louise» seld nordover att. Leif Andorsen i Svolvær, som no overtok, bygde nytt styrehus og installerte ei GM-maskin på 240 hestar. I 1977 vart fartøyet seld igjen, denne gongen til Per Angell frå Herøy på Helgeland. Etter at han avslutta i 1982 vart «Kari Louise» lagt ut for tvangssal og i 1984 kjøpt av den nystarta stiftinga Hardangerjakt i Norheimsund.

I åra 1984-89 vart «Mathilde» sett i stand og tilbakeført som seglfartøy. Sidan 1990 har ho gått i eit fast driftsopplegg som omfattar museumstokt, leirskule og medseglartokt.  «Mathilde» kan ta inntil 30 passasjerar.

.

MS Norlys

norlys

Bygd på Rognan i 1938 som M/S Strømskjær og eigd av Tjørvåg Båtlag sidan 2008. Kjem med A Ford på dekk og ei Temposamling på 6-7 syklar om været over Stadt tillet det!!!

.

.

MS Nybakk

nybakk

M/S Nybakk vart bygd for 4 brør Nybakk og far på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N i 1961, opprinnelig med ein Union frå deira tidlegare båt MS Bueland. Union maskina vart skifta ut med ei Callesen på 460 HK. Denne maskina står om bord i båten den dag i dag.

Nybakk gjekk rett i fiskeri med det same den vart levert frå Vaagland, og dreiv då hovudsakeleg med linefiske. Dette var i dei tider då pigghåfisket var spesielt rikt og Nybakk sette verdsrekord i mest landa pigghå på ein kjøl. Utanom fiskeri, vart båten også nytta som feriebåt for eigarar med familie. Nybakk gjekk også fleire turar med Raudeberg Skulemusikkorps på musikkstemne i Nordfjord.

Nybakk var bygd med open trålebakk, og open hekk. På 70-talet vart hekken overbygd. Dette gjorde det meir behageleg for mannskapet både under line- og garndrift. Spesielt vart det eit stort framskritt å få greie garn med tak over hovudet. Også kasting av line og setting av garn vart ein god del meir bekvemt med overbygd hekk. Det vart ikkje gjort andre større endringar på båten av dei opprinnelege eigarane. I 1984 blei det bygd shelterdekk på Nybakk, og to år etter, blei det sett på ny rorhusfront.

Familien Nybakk dreiv dreiv båten fram til 1997, då Nybakk vart seld til Liset og Frøyen i Kalvåg. Nybakk skifta då navn til Frøysjø og nytt registermerke vart no SF-16-B. Den oljeblanke skutesida vart mala raud. I 2007 vart båten seld til Rune Blaschek i Hammerfest.  Rune Blaschek hadde planer om å drive båten fram til våren 2008, og så strukturere/kondemnere. Seinsommaren 2007 ringte han og fortalde at han ville stukturere litt tidlegare enn han hadde tenkt. M/S Nybakk`s venner blei stifta, og registrert i Brønnøysundregisteret. Alt var klart, og dei tok over båten. Nybakk er atter heimehøyrande på Raudeberg!
.

.

BS Nøkk

nc3b8kk231. mai 1938 avga Stavanger formannskap innstilling til bystyret om å bevilge penger til ny brannsprøyte.  Båten fikk navnet Nøkk, og ble levert som byggenummer 148 fra Rosenberg Mekaniske Verksted 11. september 1939, og ble satt inn i full tjeneste 20. desember samme år. Fra denne dag av er det skrevet journal hver eneste dag helt fram til dags dato både for dekk og maskin. 

De fem krigsårene i 2. verdenskrig var en meget aktiv periode for Nøkk. Ut fra journalen kan man lese at det omtrent ikke fantes en dag uten oppdrag. Det kunne være assistanse ved brann, lensing eller tauing. Det kommunale vannettet var heller dårlig på den tid, så det kom godt med at Nøkk ble bygd med så stor vannkapasitet som 14.000 liter i minuttet. Etter krigen har Nøkk vært med på å slukke en rekke store branner i byen.

Fra 1983 ble båten innlemmet i oljevernberedskapen på havnen. Den hadde installert en del utstyr om bord med for eksempel oljelenser etc. Nøkk hadde et mannskap på tre mann, en fører, en maskinist og en dekksmann. 31. april 2004 gikk Nøkk ut av tjeneste etter 65 års drift. Stiftelsen Engøyholmen Kystkultursenter overtok den gamle brannbåten.

.

.

RS 56 Olav Ringdal Jr.
olav-ringdal1.

Olav Ringdal Jr vart bygd i 1952 ved Kittelsen Båtbyggeri i Risør som redningsskøyte.  Skøyta vart mykje brukt i Barentshavet og i Nordsjøen.  Den har trossa mykje dårlig vær og er vel prøvd i mange av redningsdådene den har utført. Skøyta har redda 44 menneskeliv og assistert 607 fartøy i nød. Eigar i dag er Rolf Årø i Måløy.
.

.

MS Orient

orient

.

Kolbjørn Ås, son til båtbyggaren fortel mellom anna;
 
ORIENT er ei hekkskøyte på 55 n.fot .Byggeår 1936. Byggenr: Anslagsvis 17 – 18. Båten var bygd som fiskebåt for Anton Mo frå Mausund på Frøya. Dette var båt nr. 2 som Anton Mo fekk bygd ved MJOSUNDETS BÅTBYGGERI . Den første var ALASKA, ei skøyte på 46 fot, bygd rundt 1930. ORIENT vart bygd av nordmørsfuru med einenaglar gjennom hud og spant. Trerøtene i spanta og andre plassar i båten vart henta i skogen av arbeidarar ved båtbyggeriet. Dei fann høvelege furer, hogg av rotsystemet i den lengde dei skulle ha, og drog trea i koll, ofte med ein stubb-brytarvinsj dei kunne ha med seg.

Motoren som sto i ALASKA vart montert i ORIENT. Det var ein hk. 50 Wichman. (Ein 50 Wichman bremsa på 110 hk. var det sagt.) Eg var 9 år, og hugsar godt da Anton Mo starta opp motoren i ORIENT første gongen. Eg og ein annan gutunge sto ved motorromsdøra og såg ned på han som starta. Ein slik motor trong nokså lang tid på å bli fyrt varm før start. Men da Mo starta, så ville ikkje motoren gå jamnt. Mo vart tydelegvis sint, han lyfta opp den eine foten med tresolasko og trødde til hardt fleire gonger på handpumpa,som det var på slike motorar, og motoren rusa villt og båten rista kraftig.

Det var ikkje elektrisk kraft her da ORIENT vart bygd. Det kom først utanfrå i 1956. Vi hadde eit lite dieselagregat i slutten av 40-åra. Føre det var det ein 15hk stasjonær oppfyrings-motor som drog tømmersag, høvelmaskiner og bandsag. Elles var det og ein mindre oppfyring som kunne dra bandsag og dreibenk. Arbeidslyset dei hadde var Petromax og Primuslamper. Til å borra for naglar, spikar og boltar var det store borrsveiver. Arbeidsdagen var 9 timar, og halv dag på laurdag. Dei var omkring 12 – 15 mann på denne tida.

.
.
DS Oster
oster-small1.

DS Oster er ein dampbåt som vart bygd 1908 ved Christianssands Mek. Værksted for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab. Han gjekk i fast rute mellom Osterfjorden og Bergen som kombinert passasjer- og lastebåt. I 1963 skreiv den bergenske døvepresten Ragnvald Hammer diktet «Dar kjem dampen» til ære for rutebåten.

Sidan 1996 eigd av Nordhordland Veteranbåtlag på Ostereidet som driv båten på dugnad.
.
.
MS Poseidon

poseidon1.

Bygd som losbåt i Danmark i 1954, men også brukt som isbrytar og slepebåt.  Verdas mest moderne losbåt då den vart bygd. Vernestatus frå Riskantikvaren, og første båt i Europa med både VHF og radar. Eigar er Svein Inge Trellevik frå Trellevik på Sotra.
.
.
MS Poseidon II
poseidonii-jan-welde1.

Bygga i 1958 hos G De Vries-Lentsch, Amsterdam, modernisert i 1984 hos Djupviksvärv i Sverige. Bygd for det svenske redningsselskapet etter ein donasjon frå Trafikaktiebolaget Grängesberg, vart først satt i teneste i Holmsund heilt nord i Østersjøen. På grunn av isforholda i Østersjøen er båten konstruert med stor vekt på isbrytereigenskapar, noko som blant anna ga utslag i 18 mm skrogplater frå vannlinja og ned, isfinnar foran propellen og for si tid kraftig motorisering i form av 4 x Volvo MD 96A á 127 hk. Desse dreiv propellen via eit sinnrikt system med tilsaman 64 kilereimer. I sin karriere som (svensk) redningskryssar redda fartøyet 145 personar frå den visse død. No er den i  teneste i opplæring av komande fritidsbåtførar. Eigar sidan 2007 er Jan Welde/Båtskolen Poseidon i Stavanger.
.
.
MB Quest
syden-2007-og-batturer-068-small.

Bygget i 1944 på Lunde båtbyggeri, Lundegrend Tysnes som agentbåt for Hansa Bryggeri. Gikk i fart helt fra Rogaland til Finnmark på det lengste. Båten ble senere solgt til et konfeksjonsfirma i Bergen og ble kjøpt derifra av nåværende eier i 1976. Båten er privat eid i dag av Gerhard Eikeland og ligger i Åsane Bergen. Båten er 60′, treskrog med aluminiums overbygg. Det sies at dette overbygget var det første Lunde bygget i dette materialet. Det stod opprinnelig to 20 Hk Union maskiner og disse ble byttet ut i 1967 med en Deutz på 190 Hk. Båter er i dag i orginal stand.

Eit av få attverande agentfartøy (Hansa Bryggerier AS) som er i original stand. Det var ei stor flåte av slike fartøy i virke i tida før bruer og bilferjer gjorde bilvegen meir attraktiv som fraktveg. Fartøyet er i god stand. Eit særmerkt fartøy der eigar med familie har lagt ned eit stort arbeid for å holde fartøyet i god stand.
.
.
RS 47 Ragnhild Schanche
ragnhild-schanche2.

Ragnhild Schanche er ei tidligare redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1938. Den var den tiande av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassen som vart bygd for Redningsselskapet. Fram til 1976 var «Ragnhild Schanche» i teneste som redningsskøyte og berga 33 personar frå «den visse død», 9 fartøy frå totalforlis og gitt assistanse til totalt 788 fartøy.  Eigd av Wollert Bjørndal og ligg på Vikanes.
.
.

MS Reinebuen II

reinebuen

.

Bygd i 1960 på Vågland nord for Kristiansund for Gunnbjørn Andersen på Reine i Lofoten. Vart som ny levert med to kvalkanonar, ein 60mm i baugen og ein 50 mm i hekken.   Fangsta mellom anna ved Bjørnøya, og skal iflg tidlegare eigar være den kvalbåten i Lofoten som har skote flest dyr  (mellom 3500 – 4000).  Hadde også kvote på kvitfisk. Sidan 1985 utstyrt med ein Caterpillar 3508 på 540 hk. No heimehøyrande på Osterøy og blir tatt vare på som kvalfangar og brukt som fritidsbåt .

.

.
RS 38 Sandefjord
rs28_sandefjord1.

Sandefjord er ein av Colin Archers siste gjenværande seglande redningsskøyter. Ho vart sjøsett i 1913 og første stasjonering var strekninga Stavern-Haugesund. Etter dette har ho hatt eit svært så spanande og innhaldsrikt skøyteliv. No har ho nylig gjort vestlending av seg. Eigd av Lena og Ingvald Stolås sidan i fjor, og Haugesund er ny heimehamn.
.
.
MS Sandnes
sandnes-jan-welde.

Nattruteskipet MS Sandnes vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart. I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjer-trafikken frå 1960 og utover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipa ”Gann” og ”Sjøkurs” i hhv 20  og 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap tok over i 2007.

Under Fjordsteam vil det være høve for besøkande å overnatte ombord, og det ser ut til at bilfolket vil samle seg ombord. Om du ynskjer å gjere ei helg ut av Fjordsteam og overnatte på den flotte båten når du Alf Kåre Olavesen på 51 53 44 00. Dei vert heilt sikkert glade om de vel å bu om bord i ein av deira 180 køyer.
.
.
MY Sporen

sporen1.

M/Y Sporen (ex: Konvall / Sundt lll ) var fram til 1974 et av firmaet Sundt &Co`s agentfartøy (reisendebåt) med område fra Stavanger til Måløy. Den vart ombygd i 1950 og rehabilitert i 1974. I dag vert m/y Sporen nytta av Forsvaret, Industribedrifter og til representasjonsalternativ for næringslivet. Fartøyet har gode fasiliteter slik som varmt og kaldt vatn på alle lugarar, vannklosett og dusj. M/Y Sporen er pent innredet og styrehuset er stort med godt utsyn, Fartøyet har høyt fribord og slingrekjøler. Dekksplassen er stor. M/Y Sporen er eigd av Sporens Rederier og stasjonert i Bergen.
.
.
DS Stavenes
stavenes-small1.

Levert frå Bergens Mekaniske Verksted (Solheimsviken) som byggjenummer 126 i september 1904. Dåverande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, Christian Michelsen, bad om løyve til å kontrahere nye skip til reiarlaget. Amstinget 1902-03 gjer vedtak om at Nordre Bergenhus Amts Dampskibe fekk byggje to nye skip og at desse skulle heite ”Gudvangen” og ”Stavenes”. Begge skipa skulle kome til å bli kontraherte hjå BMV. ”Gudvangen” vart levert som byggjenummer 122 i november 1903 og var på 155 fot oa.

Skipet var isforsterka og skulle kunne bryte isen i lokalrutene i indre del av Sogn om vinteren. Skipet at nær skøytebaug med sterkt avrunda stamn for å kunne gli lett opp på isen for å bryte den ned. Dette gjev ein litt alderdommeleg profil på skroget.

I rute fram til 1973, då ho vart seld til Wales. Attende i 1991 til noverande eigar Veteranskipslaget Stavenes, som vil forsøke å få henne restaurert. Etter mange år med stillstand, er restaureringsarbeidet no godt i siget, og laget mottar i år melom anna 1 million frå Riksantikvaren. Resultatet vil bli vist fram i Florø. Målet om å koma for eigen dampaskin let seg av fleire grunnar ikkje gjera, men folk kan gle seg til gjensynet.

.
DS Stord 1
stord-harald-sc3a6tre.

Bygget i 1913 ved Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som D/S «Stord». Skipet gikk i rute i området mellom Bergen, Hardanger, Sunnhordland og Stavanger frem til 1969. I 1949 ble dampmaskinen byttet ut med dieselmotorer. Blå Kors overtok Stord i 1969 og nytta det som losjiskip i Oslo under navnet «O. T. Moe».

Veteranskipslaget Fjordabåten overtok skipet i 1981 og etter omfattende restaurering, herunder utskifting av dieselmotorene med dampmaskineri, gikk D/S «Stord 1» sin andre jomfrutur i mai 1987. 20. mai 1987 brøt det ut brann i maskinrommet, og skipet ble totalskadet. Etter en ny runde med omfattende restaurering gikk skipet for egen maskin igjen 6. august 2005. Fortsatt gjenstår omfattende arbeid med innredningen.
.
.
SJ Svanhild

svanhild2.

Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt på Nordvik i Surnadal på Nordmøre i 1889. Båten er 76 fot lang og 21 fot brei. Skuta gjekk i fraktefart, hovudsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten.

Omlag ca. 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, dvs. den fekk to master. På midten av 30-talet blei det installert motor i Svanhild og den store riggen vart teken vekk. Svanhild heldt fram å gå i fraktefart langs kysten heilt til 1976. Då vart skuta kjøpt av privatpersonar i Kristiansund, og meininga var å rigge båten om til  seglfartøy igjen. I 1984 vart det danna eit andelslag med fleire eigarar frå Florø. To år med restaurering og rigging gav frukter, og i perioden 1985-1988 var Svanhild på ei tre år lang jordomsegling. Etter heimkomsten i 1988 gjekk eit par år med nokre leigeoppdrag, mellom anna til København og til Vågsberget for filminnspeling av Hamsuns “Landstrykere”. I 1995 vart Stiftinga Svanhild oppretta og alle dei gamle eigarane overførte vederlagsfritt sine andelar til stiftinga.

I perioden 1991 til 2001 har Svanhild gjennomgått ei omfattande restaurering. Det meste av båten er skifta ut og gjenoppbygd ved Hardanger Fartøyvernsenter i åra 1991-1997. Den nye riggen er laga i Florø.
.
.

RS 46 Thomas Fearnley

thomas-fearneley

RS «Thomas Fearnley» (RS 46) er ei tidlegere redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet av K. Christensen & Co. i Risør i 1938. Den var den niande av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassen som vart bygd for Redningsselskapet. Fartøyet er kalla opp etter den norske målaren Thomas Fearnley.

Fram til 1967 var «Thomas Fearnley» i teneste som redningsskøyte og berga 109 personar frå «den visse død», 7 fartøyer frå totalforlis og gjeve assistanse til totalt 621 fartøy. «Thomas Fearnley» er eigd av Reidar Misund og heimehøyrende i Midsund i Romsdal.

.
DS Thorolf

thorolf1.

D/S THOROLF er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia. D/S Thorolf er bygd av skipsbyggjaren Andreas Svoldal,  Rosendal, I  1910-1911, men fullført ved Brunholmen Mek.Verkstad i Ålesund. Skipet vart tiring av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar,  prøveartiklar,  råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg, frå Sørlandet til Finnmark. Firmaet åtte og brukte  D/S Thorolf til slutten av  sekstiåra, då det forliste.
Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig.

I 1988 vart stiftinga D/S Thorolfs Venner etablert, og overtok skipet. 21. mai same  år  førte  medlemmane skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei  til  med ei omfattande  restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen  sjødyktig. I  1998 vart det  oppdaga  omfattande roteskader i tillegg til omfattande skader på kjelesystemet og  båten  måtte gjennom ei  omfattande restaurering. No er båten igjen sjødyktig.
.
.
MK Tunfisk 2
tunfisk1.

Båten vart bygd for Kristian Karoliussen  frå Lurøy i Norland i 1953. Han deltok på fisket etter størje, sild, torsk og lodde i barentshavet med båten. I 1989 selde han båten til partsrederiet Magne Sjo på Halsenøy i Sunnhordland. Der har den vore på diverse fiskerier.

I 2005 selde dei båten til noverande eigar, Tysse Veteranlag v/Bertin Kåre Tysse frå Tyssebotnen på Osterøy. Dei seinare åra har båten vore gjennom omfattande restaureringsarbeid.
.
.
MS Ullaholm

ullaholm1.

Båten vart levert i 1935 frå Ringens Båtvarv i Marstrand med navnet “GIPSY LOVE” til The Marstrand Fishing Co Ltd i Grimsby. Mest truleg eigde motorleverandøren  Bolinder-Munktell AB i Eskilstuna ein del eller heile rederiet, for 24 oktober 1938 sel Bolinder Co Ltd, London, båten til Felix Mally, Eskilstuna.M/S Ullaholm er ei klassisk svenskeskøyte bygd i eik på eikespant. I fiske til 1989, no eigd av Ullaholm Båtklubb i Ullsteinvik.
.
.
MS Vestgar

vestgar2.

Bygd som fjordbuss i 1957 for Øygardsbåtane og rutefart i øygarden nord for Bergen. I rute til 1979, då Pinsemenigheten tok over båten. I 2007 vart Øygardsbåtane restifta, og kjøpte tilbake båten. Formålet er å setja fartøyet i stand igjen som M/S VESTGAR, som eit veteranskip for Sotra og Øygardsområdet.  M/S VESTGAR var i si tid flaggskipet til Øygardsbåtane L/L.

No ligg fartøyet ved Solsvik kai på Sotra, og restaureringsarbeidet pågår for fullt.
.
.
MS Vulcanus

vulcanus-169_jpg_608153c1.

Slepebåtane MS Vulcanus og MS Titan hugsar mange sikkert frå sine faste plassar i Tollbodhopen i Bergen. Begge båtane tilhøyrde  Bergenske Dampskipsselskap, BDS, og var bygd på Bolsønes i Molde i 1958 og 1959. Vulcanus, som er eldst, er framleis i svært god og original stand, og Egil Sunde meiner det ikkje er problem å gå med kvit dress i maskina!  MS Titan er eigd av rederiet Mørland og Karlsen i Arendal, arbeider langs sørlandskysten, og heiter i dag MS Skilsø. Begge båtane var designa av siv.ing. Per Grieg, tidlegare leiar av Grieg Gruppa i Bergen.

Begge fartøya vart brukt på hamna i Bergen i mange år, MS «Vulcanus» i over 50 år. Ho vart også å brukt ved sjøsetting ved Stord Verft og ved dåverande Ankerløkken i Florø. Ho hadde fast base i Tollbodhopen i Bergen og ein del av det daglege hamnebildet, men hadde slepeoppdrag langs heile kysten

Båten er nett overtatt av eit eige rederi med vern som formål, og båten vert i Bergen. Til Florø vil den assistere DS Stavenes om det vert naudsynt!
.