Billettar
Det er maange turar å være med på, både til og frå Florø og under sjølve stemnet. Fram til og med onsdag før stemnet kan desse kjøpast hos Turistkontoret i Florø (5774 3000) eller på floraturistkontor(a)gmail.com. Oversikt over alle turar med prisar finn du under fana «Turar» her på sida.
.
Kostnader for inviterte fartøy
Det er inga påmeldingsavgift utover faktiske kostnader til mannskapsfesten på laurdag. Fjordsteam inviterer mannskap til velkomstkro torsdagen med enkel servering på vår rekning. Kaiavgift og straum er betalt av Flora kommune ved Florø Hamn og Atløys Venner.
.
Hamneplan
Vil du vite plasseringa av dei forskjeliige fartøya, finn du dei her; Hamneplan.pdf. Alle spørsmål kring plassering av inviterte fartøy kan resttast til Rolf Grønnevik på telefon 915 91 989. Florevika Gjestebrygge reserverer ikkje plass, men kan likevel nåast på telefon 414 03 729.
.
Deltakarpass
Mannskap på alle inviterte båtar vil få deltakarpass som sikrar reduserte prisar på dei fleire arrangement og mannskapspris på mannskapskroa.
.
Overnatting
Om du vil bu på rette måten er det beste å overnatte på MS Sandnes som vil få sentral plassering midt i hamna. Prisar etc får du ved å henvende deg til Alf Kåre Olavesen på telefon 51 53 44 00 eller sende ein mail på post(@)mssandnes.no. Truleg vil dei også kunne ta deg med om du vil hoppe på på veg til Florø.
Vil du bu på land har vi i Florø tre hotell, campingplass og ein del private utleigarar. Lenker til desse kan du finne på www.fjordkysten.no . Her finn du også meir informasjon om distriktet.
.
Veteranbil
Bergen Veteranvognklubb er påmeldt med 40 bilar, og Sunnfjord Veternavognklubb har antyda 100. I tillegg vert det eit titals eldre brannbilar og bussar som vil ha base på Jens Helmers framfor Amfi med «busstasjon». Vi ynksjer å parkere veteranbilane i Strandgata på laurdag, men sidan det er gågate samstundes må desse køyre inn samla. Vi ynkjer derfor at alle som kjem med veteranbil stiller ved Autoforum på Evja kl 10.00 for felles innkøyring. Likeeins reknar vi med at det vert ei samling ved Biltema i Førde for å samkøyre til Florø.
.
Fritidsbåt
Det er god plass hos Florevika Gjestebrygge midt i sentrum, og Fjordsteam vil ikkje nytte seg i særleg grad av desse kaiene. Her er plass til 150 båtar, straum, vatn og serviceanlegg. Du får tilvist plass ved ankomst, men kan ikkje reservere plass. Vakttelefon 414 03 729.
.
Bubil
Det vert høve til å parkere bubilar gratis på den s.k. kastebana som ligg like ved Havhesten, 1.200 meter frå sentrum. Her vert det desverre ikkje opplegg for straum eller vatn.
.
Parkering
Vi er usikre på kor mange som kjem, men det kan lett bli nokre tusen besøkande på laurdagen. Flora Røde Kors har ansvaret for gjennomføringa av dette, og du vil bli møtt ved ankomst til Florø og tilvist plass på Evja like ved sentrum.
.
Om du kjem utan båt
Danish Air Transport (DAT) flyg til og frå Florø frå Bergen og Oslo med 9 daglege avgangar. Du kan også følgje ekspressbåt både sørifrå og nordifrå, Hurtigruten eller nytte ekspressbuss frå Norway Bussekspress.
.
Sjå;
www.dat.no
www.fjord1.no
www.hurtigruten.no
www.nor-way.no
.
Kontakt oss:
Fjordsteam 2010
v/Sander Ødelien
Gaddevåggt. 10
6900 Florø
.
Tlf. 900 51 867
sander(@)fjordsteam.no