Pr 22/6 er desse fartya påmelde, presentasjon og bilde av kvart fartøy finn du under;
M/K Andholmen
M/K Ariel
M/B Arnefjord
M/S Atløy
L/B Bends1
M/B Brand
S/J Brødrene af Sand
M/B Dolphin
M/Y Faun
L/S Feie
M/S Fridtjofen
M/S Granvin
M/K Guttormsen Sr
M/S Haugefisk
T/B Hebe
M/K Heland
KNM Hitra
M/K Inger
M/K Klaus Ås
S/J Loyal
M/B Mylius
M/K Møst
M/S Nybakk
M/S Nøkk
D/S Oster
M/S Poseidon II
M/B Quest
M/S Riskafjord II
M/KR Saltnesvåg
M/S Sandnes
M/K Skallagrim
M/S Sporen
D/S Stavenes
D/S Stord
S/J Svanhild
M/K Tampen
R/S 46 Thomas Fearnley
D/S Thorolf
R/S 63 Torungen
M/Y Tysso, ikkje stadfesta
M/S Vestgar, ikkje stadfesta
T/B Vulcanus
M/K Andholmen
«Andholmen» vart bygd i Brattvaag, Møre og Romsdal og levert i 1938 til reiar Karl Gregussen, Bø i Vesterålen. Fartyet vart bygga som galeas med loddrett stevn og akterskipet kryssarbygd. Motor 60-90 Hk Wichmann. Kjennesignal LJSZ.
«Andholmen» vart rekvirert av norske sjømilitære myndigheter i Nord-Norge under kampane i Ofotfjorden/Narvik-området april/mai 1940. Tyskarane kontrollerte den einaste djupvasskaia i området. Ca. 20.000 allierte soldatar måtte derfor landsettast av mange mindre norske fartøy, mellom dei «Andholmen». I juni 1940 vart sjømilitær kommando heist om bord i «Andholmen» og fartøyet gjekk til Skottland under kommando av fenrik Finn Lagaard Eriksen. Andholmen» kom til Buckie, Skottland, gjekk på Orknøyane og opererte seinare frå Island som patruljefartøy. Deretter sigla ho minst ein sesong mellom Shetland – Norge og seinare opererte skuta ei transportrolle mellom Skottland – Shetland. Etter dette vart «Andholmen» sin nye operasjonsbase Peterhead, Skottland. Få hadde høyrt om Peterhead, som var en «superhemmelig» norsk base nord i Skottland. Derifrå vart det utført tokt til vestkysten av Norge. Mange titals turar, som til i dag har vært hemmelig, vart gjennomført av fleire skøyter. Det er få kjende detaljar kring «Andholmen» sine oppdrag frå Peterhead. Fartøyet returnerte til Norge ca. 20. mai 1945, og hadde då vore under norsk sjømilitær kommando kontinuerlig i omlag 5 år, truleg som einaste fartøy som sigla med splittflagg under heile 2. verdskrig.
Les meir om M/K «Andholmen» på www.andholmen.no
M/K Ariel
Kutter på 51 fot bygd i Hardanger i 1912, oppattbygd i 2012. Ariel er av mange kjend som rekekutteren Gulafjord, som i mange år selde reker ved Trovikkaia i Florø. I privat eige , med heimehamn Kjeilen.
M/K Arnefjord
M/K «Arnefjord» er en Hardangerkutter bygget i Jondal i 1917 som agentbåt eller handelsreisendebåt. Den gjekk også med post og har sitt eige poststempel. Tidligere har fartøyet vært benyttes som skyssbåt, syketransport, fiskebåt og fraktebåt.
Fartøyet gikk opprinnelig i Arnafjord (Vik i Sogn). Fartøyet var på Shetland under 2. verdenskrig og gikk i tjeneste på Shetland under tilnavnet «The Brigadeer’s Yacht». Etter hvert havnet fartøyet på Askøy hvor nåværende eier Morten Neset overtok den i 1990. Styrehuset ble fornyet i 1947 og ble vesentlig forstørret i forhold til det opprinnelige. Kopi av dette styrehuset ble bygget i 2006 og reparert i forhold til 1947-modell. Fartøyet har en ensylindret semidiesel med oppfyring (20 Hk) som er den samme som fartøyet ble levert med som ny i 1917 og truleg den eldste Wichmann i båt i landet i dag. Maskina vart oppatspøta av Wârtsilla i 2005-06, og er i topp stand. Irsk whisky og gamalost frå Vik i styrehuset med Morten som vertskap blir aldri feil!
M/S Atløy
MS Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Båten gjorde i fleire tiår teneste i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane. I førstninga av 1980-åra gjekk eldsjeler saman og skipa eit andelslag som kjøpte ”Atløy” attende frå private eigarar og restaurerte båten til fylket sin einaste veteran-rutebåt.
Båten, som var eit kombinert laste og passasjerfartøy av jern, var på 105 b.reg. tonn. Det var ein særs fin båt, med sertifikat for 120 passasjerar, og hadde byggemål 87,1 fot og breidde 17,9 fot. Båten hadde elektrisk lysanlegg frå ein Penta hjelpemotor på 5 hk, og koksfyrt sentralvarmeanlegg med vassirkulasjon. I 1963 vart ”Atløy” opprusta og modernisert. Båten fekk utvida styrehuset ut på bruvengane, han fekk attkledde gangar med plastruter akter, og han fekk ny skorstein. Då vart også den gamle tosylindra Bolinder maskina bytt ut med ein ny firesylindra Wichmann som ytte 300 hestar.
Dei siste åra sine i FSF si teneste gjekk ”Atløy” i mjølkerute mellom Florø og Førdefjorden, med ein tur til Førde i veka. Dei mange krav om meir effektivitet, fart og komfort gjorde etterkvart båten gammaldags, og i 1974 selde FSF han til private eigarar på Sunnmøre. Dei gav han namnet ”LATØY”, og brukte han som feriebåt. Seinare gjekk ”Latøy” ei tid som skyssbåt for arbeidsfolk i samband med plattformbygging ved Åndalsnes, med sertifikat for 180 personar. På resten låg han i opplag på Hareid i 3-4 år.
Atløy er no eigd av Veteranbåtlaget Atløy og driven av Atløys Venner i Florø som legg ned omlag 15.000 timar dugnad i året til drift og vedlikehald. Svært god stand, og i sertifisert drift
L/B Bends 1
Livbåt, klinkbygd i aluminium i 1961 hos Fjellstrand på Omastrand. I si tid godkjend for 13 perosnar. Opprinnelig livbåt for HSD si ferje M/F Hardangerfjord, som vart levert i 1953 med to tre-livbåtar. Båten vart bygd for 3 par årar, men det er no sett inn ein 66-modell SABB på 6 hk. No i privat eige (Stig Jensen), med heimehamn i Lysefjorden. Kjem til Fjordsteam med ein lystig gjeng!
M/K Brand
Den snart 90 år gamle fiskebåten «Brand» er snart ferdig restaurert, og er i dag i Romsdal Kystlag sitt eige. Brand Måler 35x11x4 fot og er bygd i 1925 ved Olauf Dahlen Båtbyggeri, seinare Bremnes Båtbyggeri på Averøya. Byggemateriale var furu på furu, og første eigar var Bersvein Stensønes på Smøla. Seinare vart båten seld til Tarva i Trøndelag, og seinare til Trond Strømgren i Florø, som mellom anna brukte den som flyttebåt frå Trondheim (!!!).
Originalt stod det ein 12/18 Brunvoll semidiesel. Denne vart skifta ut i 1934 til ein 16/24 av same fabrikat, som framleis står i båten. Det er gjort svært få endringar på båten utanom vanleg vedlikehald. Mellom anna er stemnen skifta, ein del hud, spant og dekk. Med motoren er det gjort mykje. Frå starten var det torskefiske på Lofoten og storsildfiske som var drifta, og Brand lasta 115 hl sild på det meste. Lugaren framme var innreid med tre køyer.
Båten ligg ved Reknesmoloa i Molde i sommarhalvåret, og ved kystkultursenteret Nøisomhed på vintrane, der ei eiga gruppe i Romsdal Kystlag tek vare på henne.
S/J Brødrene af Sand
Brødrene af Sand» er ei Ryfylke-jekt som er bygt på Dokkskar i Yrkjesfjorden 1866 og som seinare gikk på fart frå Østhusvik og Sand. Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997, fekk ho restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter, og har frå 1999 brukt ho på ulike tokt i Boknafjord-bassenget. Dette er ei av dei aller siste Ryfylke-jektene som framleis flyt. Nemninga ”jekt” er ei lokal nemning på denne fartøytypen. I litterær og nasjonal språkbruk vil fartøyet bli kalt ei ”jakt”.
Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl, storsegl, breifokk og toppsegl. Rommet er innreia med køyer og bysse.
Det er venneforeninga for ”Brødrene av Sand” som har tatt hovudansvaret for vedlikehald og drift av jekta. Venneforeninga stiller med frivillig skipper og mannskap på turar. Det er plass til 20 personar om bord utanom mannskapet.
M/B Dolphin
Fjordboot frå 1942, ombygd til lystbåt. Eigar Henry Austgarden i Bergen. Det vart bygd 84 slike båtar under krigen på forskjellige båtbyggeri langs kysten. Båtane vart i all hovudsak brukt som patrulje- og forsynings/transportfartøy av okkupasjonsmakta. Teikna av Richard G. Furuholmen. Etter krigen overtatt av marinen og tildels seld til bruk som rute- og reisandefartøy. Dei som er att vert i dag for ein stor del nytta som lystfartøy eller som bubåt. Kjend for mange er kanskje også Staal og Mytilus. Leis meir om esse båtane på www.fjordbaat.no
M/Y Faun
Faun vart bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Båten vart bygd som lystfartøy for sonen til Christian Michelsen, Noregs første statsminister. Faun er 52 fot lang og kosta ny kr. 33.000,-.
Motoryachten Faun var heimehøyrande på Gamlehaugen fram til 1925. Etter dette var båten eigd av kjente reiarar og forretningsfolk i Bergen. I 1955 overtok BKK båten, og brukte han i samband med den store kraftutbygginga i Matrefjella. I 1993 vart båten overdradd til Hardanger Fartøyvernsenter. Våren 2005, nøyaktig 100 år etter at Christian Michelsen på fredelig vis leda nasjonen vår ut av unionen med Sverige, var Faun ferdig restaurert. Istandsetjinga tok fem år og kosta om lag 4,3 millionar kroner.
Faun framstår no som det stasfartøyet han vart bygd som, med mahognyinnreiing, plysj og fasettslipte vindaugsglas. Det meste av utstyret og inventaret frå 1916 var intakt og vart teke i bruk då båten var ferdig oppattbygd.
Båten er i dag eigd av Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund, og sertifisert for 12 personar.
L/S Feie
Bygd som loskutter i 1960 på Nordtveitgrend i Fusa. 46 fot lang, 15 fot brei. Stasjonert på Feie Losstasjon i 1960 åra, Løddingen Losstasjon på 70 tallet, seinare opplæringsfartøy i Svolvær på 80- og 90 – talet. Brukt til turistfiske og turar i Trollfjorden frå 2005, før noverande eigarar (Oddvar Stølsnes og Svein Rune Børslid) tok over i oktober 2014. Heimehamn Håkonshella v/Bergen.
M/S Fridtjofen
«Fridtjofen”, krysser, er bygget i 1955 av Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal. Den fikk navnet ”Fridtjof Nansen”, men ble på folkemunne kalt Fridtjofen. Fartøyet ble drevet som forskningsskip av Biologisk Stasjon i Espegrend, Universitetet i Bergen, frem til den ble solgt i 1989. Da skiftet den navn til ”Fridtjofen”. Fra 1994 ble skipet brukt som fritidsfartøy og bobåt. I 1996 ble den originale Unionen byttet ut med en Volvo Penta. Fra 2001 ble ”Fridtjofen” leid/lånt ut til briter som brukte den til charterturer for turister. I 2004 ble den bygget om for å tilpasses som dykkerskip for hobbydykkere, og brukt til dette med base i Orknøyene frem til 2008. Deretter ble båten lånt bort til en person bosatt på Orknøyene. I 2012 ble båten kjøpt av nåværende eier. ”Fridtjofen” ligger ved Engøy i Stavanger og brukes som bobåt og fritidsfartøy. Eiers formål er å bevare fartøyet slik det var etter motorbytte midt på 1990-tallet.
M/S Granvin
Granvin er bygd ved Mjellem & Karlsen i Bergen i 1931 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Tonnasjen var på 115 BRT og skroget målte 27,4 x 5,6 x 2,9 m. Maskinen var ein to-sylinder enkeltverkande semidiesel på 150 HK frå Bolinder Motorfabrikk i Stockholm. M/S Granvin var sertifisert for 150 passasjerar. I tillegg til å trafikkera lokalrutene i indre Hardanger, var båten og tiltenkt å gå i turistrute om sommaren. Innreiinga var etter gamalt mønster med 1. plass på dekk akter og 2. plass under dekk framme. Framfor overbygget var det eit romsleg lastedekk, med lause rekkjer på kvar side, slik at bilar kunne køyrast om bord og i land på sliskar. Under dekk var lasterommet. M/S Granvin var og bilførande og kunne ta med 3 bilar.
M/S Granvin gjekk trufast for HSD i lokalruter fram til 1968. Då vart lokalrutene i indre Hardanger lagde om. Sørfjordruta og ruta rundt Oksenhalvøya, som dei siste åra vart utført av Fjordgubben (tidlegare Lønningdal I) av Olav Linga, kunne no utførast av ein båt. Partrederiet Olav Linga kjøpte M/S Granvin. I samband med salet og omlegginga av rutene, vart M/S Granvin noko ombygd. Lasterommet vart lengd framover, og den gamle 2. plass salongen vart fjerna saman med dekkshuset. Masta vart flytta lenger fram, samstundes som det vart montert ein lengre bom og større lukekarm. Bolinder-motoren vart bytt ut med ein ny 3-sylindra Wichmann-motor på 300 BHK
M/S Granvin gjekk i lokalrute i indre Hardanger fram til våren 1987. Vegutløysing til bygdene på Oksenhalvøya gjorde båten overflødig og ruta vart lagt ned.
I 1988 kjøpte Veteranskipslaget Fjordabåten M/S Granvin med tanke på å bevara båten. Salongen vart bygd opp att. Med tanke på at båten no i hovudsak skulle nyttast som passasjerbåt, vart salongen gjort noko større enn den opphavelege. Båten fekk og tilbake ein høg tynn skorstein etter modell av den gamle.
M/S Granvin fekk vernestatus i 1995 og vart freda av Riksantikvaren i 2011.
M/S Guttormsen Sr
Bygd i 1983 som fiskefartøy. No fritidsfartøy i privat eige. Heimehøyrande i Florø.
M/S Haugefisk
«Haugefisk» er bygd i 1978 på H & E Nordtvedt skipsbyggeri på Fusa i Hordaland. Fartøyet vart brukt som havfiskefartøy med autoline frå 1978 til 2005 og er eit av dei første fartøy som vart bygd for denne nye typen teknologi. I 2005 vart fartøyet unntatt kondemnering. Fartøyet har ein Alpha sekssylindra diesel på 660 Hk. Det er ikkje gjort ombyggingar eller endringar på fartøyet. Nyere utstyr er tatt vekk og fartøyet skal settast i stand til slik fartøyet var kring 1990.
Eigar i dag er Kystmuseet i Sogn og Fjordane som skal nytte fartøyet som museumsfartøy, til kulturformidling og undervisning. «Haugefisk» skal være eit flytande kulturminne og er ein representant for den moderne fiskerihistoria til Norge.
T/B Hebe
Svensk slepebåt på 50 fot bygd 1891, eigd av Reidar Matre i Ølen
M/K Heland
MK «Heland» vart bygd av Einar Helland på Vestnes i Møre og Romsdal i 1937 for Severin og Arne A. Roald og Olaf Røssvik. Fartøyet vart nytta i drivgarnfiske etter storsild, i torskefiske og i brugde- og småkvalfangst i Nordsjøen, Barentshavet, ved Jan Mayen og ved Island. Frå 1950 vart fartyet brukt i størjefiske med størjenot i sommarhalvåret.
I november 1941 stakk «Heland» etter oppdrag frå Milorg på Vigra med agentar og flyktningar over til Shetland. Fartøyet gjorde seinare fleire turar mellom Shetland og Norge for Shetlandsgjengen, men vart i 1943 stasjonert som reservebåt i Scalloway.
Som ny fekk «Heland» installert ein Håhjem-motor. Denne vart bytt ut med ein 130 Hk Heimdal i 1960. Denne motoren står fortsatt om bord. Det vart gjort ombyggingar på overbygninga etter krigen.
I 1971 vart «Heland» kondemnert og overtatt av Sunnmøre Museum same år. Fartøyet skal bevarast som typisk representant for fiskeflåten for perioden 1930-60, og som representant for Shetlandsbussane. «Heland» vart restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter frå 1994 – 1998.
KNM Hitra
KNM «Hitra», (tidligere USN SC-718) er en av tre ubåtjagere som den norske marinen fikk av USA i 1943. Det ble totalt bygget 878 slike ubåtjagere, og flere allierte land gjorde bruk av båttypen. I den norske marinen ble de benyttet av shetlandsgjengen fra høsten 1943. Skipssjef på KNM «Hitra» var Ingvald Eidsheim. Etter krigen ble KNM «Hitra» satt inn i tjeneste som kystvakt og kystoppsyn frem til 1953 da hun ble lagt i opplag. I 1959 ble skipet solgt, men ble i 1981 gjenoppdaget halvt nedsunket i Sverige. En pengeinnsamling for å berge henne ble startet, og i 1983 ble skipet hevet og slept til Omas Båtbyggeri på Stord, Norge.
På dagen 42 år etter den tyske kapitulasjonen i 1945 (8. mai 1987) ble det nyrestaurerte skipet overlevert Generalinspektøren for Sjøforsvaret. Hun var igjen et marinefartøy med prefikset KNM (Kongelig Norsk Marine), men oppgavene var nå av fredelig karakter – som seilende museumsskip. I 1999 totalhavarerte skipets to hovedmotorer, og KNM «Hitra» sto i fare for å bli satt på land. Sjøforsvaret hadde ikke midler til reparasjonen, og en innsamling fra private og bedrifter startet.
Motorfabrikanten Motoren- und Turbinen Union i Friedrichshafen, Tyskland ble hovedsponsor og forærte to nye motorer. Pengegaver fra andre givere var tilstrekkelig til å dekke innkjøp av gir og montering og tilpassing av de nye hovedmotorene. Skipet var dermed sikret en videre karriere som seilende museum. KNM «Hitra» er det siste fartøy av sitt slag som finnes i (nesten) opprinnelig stand, og det eneste norske marinefartøyet fra andre verdenskrig som fremdeles er i drift. Endel slike båter ble bygget om til lystbåter etter krigen. KNM «Hitra» eies i dag av Marinemuseet i Horten, men er stasjonert på Haakonsvern i Bergen. Skipet er i dag museum og seiler langs kysten av Norge i sommermånedene. Hun har også tre ganger besøkt sin tidligere base i Scalloway på Shetland.
Koret Navy Vocalis vil ha base om bord under Fjordsteam!
M/K Inger
M/K Inger er bygd i Rognan i 1966, og brukt til reketråling og linefiske i Nord Norge. Scania 182 hk. No eigd av Mjømna Havfiskeklubb.
M/K Klaus Ås
Fartøyet ble bygget i 1963 ved Mjosundet Båtbyggeri på Aure for Reidar Aukan og fikk navnet «Hans R». Inge Ås konstruerte fartøyet, som ble bygget som en tradisjonell krysser etter Klaus Ås byggemetode.
Fra 1963 til 2000 var fartøyet i fiske på Mørekysten og nordover til Finnmark. I 1984 gikk fartøyet gjennom en omfattende modernisering ved Mjosundet Båtbyggeri, og ble overtatt av eierens sønn. Under moderniseringen ble alt over dekk revet, og det ble montert nytt styrhus og ny innredning foran. Ombyggingen ble designet av fartøyets konstruktør, Inge Ås. Fra det opprinnelige fartøyet gjensto skrog og dekk. Skroget er det eldste i Norge som er bygget med limt treskrog etter Klaus Ås sin patenterte byggemetode som siden ble standard for det meste av trebåtbygging i Norge utover 1960-70 tallet. Etter at Reidar Aukans sønn Helge solgte fartøyet til en lokal fisker fra Aure fikk fartøyet navnet «Bjørnholm Senior», men det er ukjent hvilke år dette var.
Fartøyet har senere hatt ulike eiere og blitt benyttet i fiske frem til 2000, da den ble kondemnert som fiskefartøy. Fartøyet ble da unntatt kravet om destruksjon, fikk ny eier og navnet «Vardøværing». I 2007 fikk fartøyet ny eier igjen og skiftet navn til «Klaus Ås». Fartøyet er i sin helhet slik den var da den gikk ut av fiske, og står i dag på Riksantikvarens liste over vernete fartøyer. «Klaus Ås» er i dag fritidsbåt med hjemhavn i Molde.
Følgefartøy for M/K Brand og Romsdal Kystlag under Fjorsteam.
S/J Loyal
Galeasen Loyal er ei to-masta kravellbygd seglskute på 85 fot, bygd i Rosendal i 1877 av Knut Johannesen Nes, eller «Gjøa-Knuten» som han vart kalla fordi han bygde nettopp Gjøa og slik gjorde Hardangerjakta verdskjend. Den er slik – i motsetning til ein galeasrigga jakt – ein ekte galeas, og truleg verdas eldste seglande. Det gjekk gjetord om henne heilt frå ho vart sjøsett, og ho fekk av raskt tilnamnet «Kvitegaleasen». Loyal vart bygd for å frakte inntil 900 tønner sild og var berekna til seglas på dei store hav.
Tida frå 1874 til 1895 var ei langvarig depresjon. Trass depresjonen og den spesielle saltsildkrisa frå 1877-95 vart det bygd 34 nye galeasar til Haugesund. Det var folk frå Haugesund som starta Islandsfisket sjølv om konjunkturane var svært dårlege. Loyal vart først og fremst bygd med tanke på fiskehandel ved Island og i Nordland, samt den store eksportmarknaden. Vêrforholda ved Island sette store krav til skutene. Då svært mange jakter havarerte overtok galeasane stadig meir fordi dei var større og meir sjødyktige. Dei hadde også ein lettare handterleg rigg, noko som gjorde seglasane sikrare.
Loyal har også segld rundt Kapp Horn med klippfisk til Chile. Frå munnlege kjelder vert det forteld at ho også har vært med å frakte koparen til Frihetsstatuen i New York.
Loyal har vore registrert på vestlandet frå Haugesund i syd til Kristiansund i nord og har heile tida hatt namnet ”Loyal”. Sin første motor fekk ho først i 1932, men hadde også segl til langt inn i 1950-åra.
I 1974 vart ho kjøpt av John Hausberg som saman med sonen Audun restaurerte henne tilbake til seglskute. Ho vart sjøsett på nytt i 1997, og har sidan 1998 operert i kommersiell fart og inntil nyleg med Audun Hausberg som skipper.
M/B Mytilus
Siste originale Fjordbåt (av 27 som er igjen), bygd i 1942. Seire 2, på 54 fot. Det vart bygd 84 slike båtar under krigen på forskjellige båtbyggeri langs kysten. Båtane vart i all hovudsak brukt som patrulje- og forsynings/transportfartøy av okkupasjonsmakta. Teikna av Richard G. Furuholmen. Etter krigen overtatt av marinen og tildels seld til bruk som rute- og reisandefartøy. Dei som er att vert i dag for ein stor del nytta som lystfartøy eller som bubåt. Kjend for mange er kanskje også Staal og Dolphin. Leis meir om esse båtane på www.fjordbaat.no
M/K Møst
M/K Møst, ein 50 fots kutter frå 1943 heimehøyrande i Mosterhamn. Bygget i 1943 ved Bremsnes båtbyggeri, sjøsatt i 1945 med ny Union 30Hk ombord. Forlenget til 50 fot i 1950 ved Flatsetsund båtverksted. Gikk som Lokal rutebåt fra Møstavåg til Kristiandsund i mange år. Ble også brukt som agentbåt for handelsreisende i mangen år mellom Kristiandsund og Bodø. Var i tillegg reservebåt for MRF i en periode på 60 tallet. Ny Scania Vabis 200hk montert i 1969. Har hatt en omflakkende tilværelse på 70-90 tallet. Har vært eiet i Sogn-Moss, Horten, Karmøy og Oslo før nåværeende eier hentet den i sørgelig forfatning på Bygdøy utenfor Oslo. Den hører nå til i Mosterhamn og er under restaurering om vinteren, og turbåt om sommeren.
M/S Nybakk
MS «Nybakk» er en kravell bygget skøyte fra 1961. Båten ble bygget på Vaagland Båtbyggeri kontrahert Albert Nybakk og hans fire sønner. «Nybakk» ble bygd som en line- og garnbåt, men på slutten av 1970-tallet og fram til 1997 ble det kun drevet garnfiske fra båten. «Nybakk» hadde som ny en Union på 160 hk, og i 1967 ble det installert en Callesen på 460 hk.
I 2007 overtok MS Nybakks Venner, og fartøyet ble fritatt kondemneringsordninga i 2008. M/S Nybakks Venner har planer om å bringe fartøyet tilbake slik den så ut i 1984 etter retningslinjer fra Riksantikvaren. «Nybakk» blir i dag benyttet til å vise fram båtbyggerfaget, kystkultur og det har vært flere utstillinger om bord. «Nybakk» er også jevnlig på besøk på Shetland og Orkenøyene og det er planer om å besøke Hebridene og Færøyene da det var fiskefeltene rundt disse øyene «Nybakk» arbeidet på. Eiers formål er at «Nybakk» skal framstå som en levende båt og en kulturinstitusjon.
Under Fjordsteam vil du garantert få servert bacalao av beste sort om bord!
M/S Nøkk
31. mai 1938 avga Stavanger formannskap innstilling til bystyret om å bevilge penger til ny brannsprøyte. Båten fikk navnet Nøkk, og ble levert som byggenummer 148 fra Rosenberg Mekaniske Verksted 11. september 1939, og ble satt inn i full tjeneste 20. desember samme år. Fra denne dag av er det skrevet journal hver eneste dag helt fram til dags dato både for dekk og maskin.
De fem krigsårene i 2. verdenskrig var en meget aktiv periode for Nøkk. Ut fra journalen kan man lese at det omtrent ikke fantes en dag uten oppdrag. Det kunne være assistanse ved brann, lensing eller tauing. Det kommunale vannettet var heller dårlig på den tid, så det kom godt med at Nøkk ble bygd med så stor vannkapasitet som 14.000 liter i minuttet. Etter krigen har Nøkk vært med på å slukke en rekke store branner i byen.
Fra 1983 ble båten innlemmet i oljevernberedskapen på havnen. Den hadde installert en del utstyr om bord med for eksempel oljelenser etc. Nøkk hadde et mannskap på tre mann, en fører, en maskinist og en dekksmann. 31. april 2004 gikk Nøkk ut av tjeneste etter 65 års drift. Stiftelsen Engøyholmen Kystkultursenter overtok den gamle brannbåten.
D/S Oster
DS «Oster» vart bygt i Kristiansand i 1908 for å bryta vinterisolasjonen for Modalen Kommune. «Oster» var den første Fjordabåten i Bergen, med elektrisk belysning. I 1915 vart båten forlenga med 12,5 fot til 125 fot. Fram til 1952 hadde «Oster» berre to kapteinar, Tobias Hordvik avløyst av Andreas Mostrøm i 1931.
DS «Oster» vart identifisert som sjølvaste Gamle Dampen då dampbåtlaget ikkje hadde midlar til moderniseringar. I 1963 skreiv døveprest Ragnvald Hammer ein hyldningssong til ære for «Oster», og Ivar Medaas sette tone til og framførte songen på ein framifrå måte.
I 1964 gjekk «Oster» ut av rutefarten, vart ombygt og segla frå 1966 som fraktebåten MS «Vaka». I mars 1996 vart båten heimkjøpt og tilbakeføringa til dampbåt tok til. Riksantikvaren ærklærte gamle «Oster» for å vera verneverdig det same året. I august 2000 dampa «Oster», inn på Vågen, for første gong på 36 år, med eit nyinnstallert dampmaskineri. 40.000 strilar og bergensarar hadde møtt fram på opningsseremonien for Nordsteam-2000, og det vart eit tåredryppane gjensyn med Gamle Dampen.
På Torgdagen i Bergen i 2005 vart «Oster» erklært for å vera ferdig restaurert. «Oster» deltek på kulturarrangement i regionen. Det blir også segla turar med bedrifts- og private leigetakarar i sommarsesongen. Du kan følgje henne på tur under Fjotrdsteam.
M/S Poseidon II
Fartøyet er opprinnelig bygget som svensk redningskrysser GRÄNGESBERG i 1958 ved G de Vries Lintsch Werft, Nieuwendam, Nederland. Midler til bygging var en gave til SSRS for bygging av en ny isbrytende redningskrysser til redningstjenesten i den nordlige del av Østersjøen. I 2005 ble fartøyet solgt til Norge til Selskapet Breisund i Ålesund og omdøpt til «Minna». I 2007 ble fartøyet solgt igjen til Baatskolen Poseidon ved Jan Welde i Stavanger og omdøpt til «Poseidon II».
M/B Quest
Bygget i 1944 på Lunde båtbyggeri, Lundegrend Tysnes som agentbåt for Hansa Bryggeri. Gikk i fart helt fra Rogaland til Finnmark på det lengste. Båten ble senere solgt til et konfeksjonsfirma i Bergen og ble kjøpt derifra av nåværende eier i 1976. Båten er privat eid i dag av Gerhard Eikeland og ligger i Åsane Bergen. Båten er 60′, treskrog med aluminiums overbygg. Det sies at dette overbygget var det første Lunde bygget i dette materialet. Det stod opprinnelig to 20 Hk Union maskiner og disse ble byttet ut i 1967 med en Deutz på 190 Hk. Båter er i dag i orginal stand.
Eit av få attverande agentfartøy (Hansa Bryggerier AS) som er i original stand. Det var ei stor flåte av slike fartøy i virke i tida før bruer og bilferjer gjorde bilvegen meir attraktiv som fraktveg. Fartøyet er i god stand. Eit særmerkt fartøy der eigar med familie har lagt ned eit stort arbeid for å holde fartøyet i god stand.
Meir om båten og eigaren kan du lese her Artikkel Quest
M/S Riskafjord II
«Riskafjord II» ble bygget ved Gøteborgs mek. verksted Axel Keiller & Co i 1864. Fartøyet ble satt i rute på strekningen Gøteborg – Särö – Onsala under navnet «Särö».
Fartøyet skiftet eier en rekke ganger frem til 1927 da A/S Riskafjord overtok og døpte fartøyet om til «Riskafjord II». Under 1. verdenskrig gikk fartøyet i nøytralitetsvakten ved Hvaler. I 1950 drev «Riskafjord II» på land og veltet under opplag. Fartøyet ble hevet, ombygd til motorskip og reparert. All innredning og overbygning ble fornyet, og «Riskafjord II» ble registrert for 164 passasjerer. «Riskafjord II» gikk i rute frem til 1996. Fartøyet går i dag i charter og turisttrafikk
Truleg eldste fartøy som deltek på Fjordsteam.
M/S Saltnesvåg
Kryssar frå 1972 eigd av Askøy Kyslag. 52 fot.
M/S Sandnes
MS «Sandnes» er bygget som passasjerskip ved Nyland Mek verksted i 1950 for å gå i «Nattruten» som gikk fra Sandnes til Bergen. Ved levering heilt sikkert det vakraste skipet som er blitt levert i Norge. Fartøyet i nattrute fram til 1974, da nattruten ble nedlagt. I etterkant har fartøyet hatt forskjellige bruksområder , blant annet som losjiskip og skoleskip. I 2007 ble den kjøpt til Stavanger av Ryfylke damskipsselskap og fikk tilbake sitt originale navn og den karakteristiske grønnfargen.
Fartøyet har sveiset skrog med huden klinket til spantene. Overbygg er av stål og aluminium. Av ombygning kan nevnes utviding av salongen for å tilpasse behovene ved skoleskipsdrift som ble gjort i 1978. Motoren som står i båten er den originale dieselmotoren fra 1950, en Atlas Polar. Eier ønsker å bevare «Sandnes» mest mulig slik fartøyet framstår i dag.
M/K Skallagrim
«Skallagrim » er ein 26 fot åpen motorgavl med 6-12 hk Sabb semiediesel , byggeår for båt og motor 1954. Båten er rigga med galeasrigg, gaffel storseil, fokk og klyver og seiler godt. Eigar Arvid Monrad, Selje.
M/S Sporen
«Sporen» ex. «Kornvall» er en kutter bygget i Ølve i 1933. Kontrahent var Sigmund Bakken fra Folderøyhav som leide båten ut til handelsreisende. I 1950 overtok firmaet Sundt og Co i Bergen båten og byttet navnet til «Sundt III». Disse gjorde båtens fasong og innredning mer moderne.
Båten ble konfiskert av Tyskerne i 1940. I 1945/46 ble den innleid av Staten i forbindelse med gjenreisingen av Nord-Norge. Fra 1946 og frem til 1950 var fartøyet oppsynsfartøy i Fiskerioppsynet. Firmaet Sundt nyttet båten som deres agentbåt frem til 1974 da virksomheten ble lagt ned.
Dagens eier kjøpte båten i 1974, som da var i dårlig stand, og startet en omfattende restaurering. Linjene i skroget er fremdeles de samme som i 1933, men overbyggets fasong fra 1950 ble modernisert. Det er ikke gjort noen forandringer siden 1978 og fartøyet fremstår i dag slik den ble ferdigstilt det året. Dette gjelder også inventar og utstyr.
Båten har siden 1979 vært brukt som representasjonsfartøy og til utleie, men blir i dag benyttet privat. Eiers formål er å ta vare på fartøyet som et historisk bilde på et handelsreisende fartøy.
D/S Stavenes
DS «Stavenes» ble levert fra Bergen Mekaniske Værksted 1. september 1904 til Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, fra 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. I 1934 ble «Stavenes» det første bilførende fartøy på Sognefjorden, da den ble noe ombygget for å kunne ta med biler på dekk. Båten var også kjent for å være en god isbryter.
I 1954 ble båten ombygget til motordrift. I 1972 ble båten solgt til England og hadde noen år med omflakkende tilværelse, først som lystfartøy siden som et heller mislykket restaurerings- og arbeidstreningsprosjekt.
I 1991 kjøpte Veteranskibslaget Stavenes båten tilbake fra England for å restaurere den tilbake til dampskip. Etter noen år stoppet arbeidet opp. «Stavenes» ble slept til Nordsteam i Bergen i 2005 og derfra videre til Dåfjorden Slipp på Fitjar hvor den har ligget siden, med eit lite opphald under Fjordsteam i Florø i 2010.
1.12.07 ble Veteranskipslaget Stavenes reorganisert med det mål for øye å få fortgang i restaureringsarbeidet. Sentrale personer fra det bergenske veteranskipsmiljø har engasjert seg, og medlemsmassen er i kraftig vekst. Det er økende oppslutning rundt prosjektet, og med støtte fra Riksantikvar, Fylkeskommune og ikke minst Fjord1 Fylkesbaatane er «Stavenes» nå et prosjekt i framgang. Det er stor interesse for båten lokalt, og man ser for seg at «Stavenes» har stort potensial i turisttrafikken blant annet på Sognefjorden.
«Stavenes» vil bli restaurert slik den er på bildet etter ombygningen i 1934. Den vil være et verdifullt tilskudd til den norske veteranskipsflåten og ikke minst formidle vestlandsk kommunikasjonshistorie fra første halvdel av 1900 – tallet. Styret har bestemt at «Stavenes» skal være kullfyrt, det eneste i sitt slag på Vestlandet. Det neste store målet er å delta med «Stavenes» på Fjordsteam i Florø 6. – 9. august 2015 for eiga maskin.
D/S Stord
«Stord I» ble bygd i 1913 ved Laxevaag Maskin og Jernskibsbyggeri, som byggenummer 110. Kontrahent var Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap som døpte skipet «Stord». Fartøyet ble satt i rutefart mellom Bergen, Sunnhordland, Stavanger og Hardanger, og var i selskapets eie frem til 1969, de siste årene som reservebåt. Fartøyet ble solgt til Blå Kors i Oslo i 1969 og benyttet som losjiskip under navnet «O.T. Moe».
«Stord I» fikk installert en trippel ekspansjon dampmaskin på 470 IHk bygd ved Laxevaag. I 1931 ble fartøyet forlenget med 10,5 fot og brønnen i forskipet bygd igjen. I 1949 ble dampmaskinen skiftet ut med 2 Paxman Ricardo dieselmotorer på til sammen 1000 BHk. Innredningen ble delvis fornyet. «Stord I» ble overtatt av Veteranskipslaget Fjordabåten i 1981 og flyttet til Stord, senere Bergen. Her ble fartøyet restaurert tilbake til utformingen fra perioden 1931-1947 og fikk installert en trippel ekspansjon dampmaskin på 500 IHk. I 1987 ble fartøyet skadet av brann.
Fartøyet er nå under restaurering. Stålarbeid og tekniske installasjoner er i hovedsak på plass. Sommeren 2005 kunne «DS Stord I» igjen gå for egen dampmaskin under Nordsteam i Bergen. De siste årene har Hardanger Fartøyvernsenter foretatt innredningsarbeider om bord. Det forutsettes at dette arbeidet er ferdig til DS «Stord I» kan feire 100-års jubileum i 2013. I 2006 ble DS «Stord I» overført til en egen stiftelse.
S/J Svanhild
Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt på Nordvik i Surnadal på Nordmøre i 1889. Båten er 76 fot lang og 21 fot brei. Skuta gjekk i fraktefart, hovudsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten.
Omlag ca. 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, dvs. den fekk to master. På midten av 30-talet blei det installert motor i Svanhild og den store riggen vart teken vekk. Svanhild heldt fram å gå i fraktefart langs kysten heilt til 1976. Då vart skuta kjøpt av privatpersonar i Kristiansund, og meininga var å rigge båten om til seglfartøy igjen. I 1984 vart det danna eit andelslag med fleire eigarar frå Florø. To år med restaurering og rigging gav frukter, og i perioden 1985-1988 var Svanhild på ei tre år lang jordomsegling. Etter heimkomsten i 1988 gjekk eit par år med nokre leigeoppdrag, mellom anna til København og til Vågsberget for filminnspeling av Hamsuns “Landstrykere”. I 1995 vart Stiftinga Svanhild oppretta og alle dei gamle eigarane overførte vederlagsfritt sine andelar til stiftinga.
I perioden 1991 til 2001 har Svanhild gjennomgått ei omfattande restaurering. Det meste av båten er skifta ut og gjenoppbygd ved Hardanger Fartøyvernsenter i åra 1991-1997. Den nye riggen er laga i Florø. I dag driv Svanhilds Venner båten, med utgangspunkt i Florø.
M/K Tampen
Kutter på 60 fot bygd i 1902, med ein 100 – 140 hk 2 sylindra semidiesel. Gromlyd. Frå Frøya, no heimehøyrande på Frøya og i privat eige. Nyleg verna av Riksantikvaren, då den er ein av svært få i så original stand som Tampen. Har ikkje vore gjort endringar på båten sidan siste ombygging, som var i 1948. Etter Fjordsteam ber det vidare til Hardanger Fartøyvernseter, der det skal skiftast hud og kjølbåltar og byggast ny rekke. Planen er å være ferdig til våren 2016. Høyr den fine lyden av semien under….under kappkøyring med SDS Hansteen på Trondheimfjorden. Dampfløyta er sjølvsagt Hansteen si!
R/S 46 Thomas Fearnley
RS «Thomas Fearnley» (RS 46) er ei tidlegere redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet av K. Christensen & Co. i Risør i 1938. Den var den niande av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassen som vart bygd for Redningsselskapet. Fartøyet er kalla opp etter den norske målaren Thomas Fearnley.
Fram til 1967 var «Thomas Fearnley» i teneste som redningsskøyte og berga 109 personar frå «den visse død», 7 fartøyer frå totalforlis og gjeve assistanse til totalt 621 fartøy. «Thomas Fearnley» er eigd av Reidar Misund og heimehøyrende i Midsund i Romsdal.
D/S Thorolf
D/S THOROLF er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia. D/S Thorolf er bygd av skipsbyggjaren Andreas Svoldal, Rosendal, I 1910-1911, men fullført ved Brunholmen Mek.Verkstad i Ålesund. Skipet vart tiring av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar, prøveartiklar, råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg, frå Sørlandet til Finnmark. Firmaet åtte og brukte D/S Thorolf til slutten av sekstiåra, då det forliste. Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig.
I 1988 vart stiftinga D/S Thorolfs Venner etablert, og overtok skipet. 21. mai same år førte medlemmane skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei til med ei omfattande restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen sjødyktig. I 1998 vart det oppdaga omfattande roteskader i tillegg til omfattande skader på kjelesystemet og båten måtte gjennom ei omfattande restaurering ved Mellemverftet i Kristiansund. No er båten igjen sjødyktig.
R/S 63 Torungen
Torungen vart levert frå Stord Verft som byggenummer 55 , i november 1960. Tenestegjorde for NSSR fram til 1987 og berga 26 menneske frå den visse død og assisterte 462 farty. Frå 1987 og til 1997 tenestegjorde den for SSSR med stasjon på Gotland. Kom heim til Noreg nesten på dagen 100 år etter frigjeringa frå Sverige. Eigar Svein Rune Børslid, Bergen.
Deltaking på Fjordsteam 2015 er ikkje endeleg stadfesta.
M/Y Tysso
M/Y «Tysso» er en motoryacht bygget i 1917 av båtbygger Ole Oma i hans båtbyggeri på Døso ved Leirvik, Stord. Hun ble bygget for Danmarks konsul i Bergen, Christian Magnus Kjær (1865–1935), til en avtalt pris på 4 000 kr. Oma hadde tidligere drevet båtbyggeriet Oma Boat Building i Seattle og M/Y «Tysso»s design er basert på lystbåtene Oma fikk bygget i USA. M/Y «Tysso» er 58 fot lang og 10 1/2 fot bred og bygget i eik og furu med overbygg i mahogni. Motoryachtens innredning ble bygget med tanke på størst mulig komfort, med salonger, soverom, kjøkken, w.c., mannskapslugar og et stort maskinrom med plass til en kraftig motor på 100 Hk. Malerarbeidet ble utført av J. Kattetvedt og K. Risan på Leirvik
Etter noen år som eier solgte båten til Glomfjord Smelteverk i Nordland. I den forbindelse ble styrehuset forlenget til den fasong det har idag. Etter at sinksmelteverket i Glomford ble kjøpt av staten på tvangsauksjon i 1924 ble motoryachten solgt videre til de store industribedriftene i Odda. Båten ble brukt som lystbåt og skyssbåt mellom Odda og Granvin. Tilreisende direktører, styremedlemer kunne fra 1935 ta tog direkte til Granvin med Hardangerbanen. Det Norske Nitridaktieselskaps aluminiumsfabrikk i Tyssedal fikk driftsansvaret og båten fikk navnet M/Y «Aluminium».
Etter at A/S Tyssefaldene overtok drifts- og eieransvaret i 1949 ble båtens motor skiftet og innredningen modernisert. Båten endret nå også navn til M/Y «Tysso». Tidlig på 1960-talet fikk M/Y «Tysso» ny lettbåt i mahogni, også den bygget av Ole Oma. Behovet for en passasjerbåt opphørte etterhvert og i 1987 ble båten solgt tilbake til Oma Baatbyggeri AS. I 1995 ble motorcruiseren solgt til Tysso AS i Norheimsund som ønsket å bruke motoryachten i reiselivssammenheng. Båten ble i 1997 oppført på Riksantikvarens liste over verneverdige fartøy.[1] Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum eier i dag M/Y «Tysso» og fartøyet har vært til restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter fra 2005. Sommeren 2009 ble båten sjøsatt ved Fartøyvernsenteret.
Deltaking på Fjordsteam 2015 er ikkje endeleg stadfesta.
M/S Vestgar
MS «Vestgar» ble bygget på P. Høivolds Mek. Verksted i Kristiansand som byggnr. 12 og overlevert til Øygardsbåtane L/L i 1957. Fartøyet blei satt inn i båtselskapets langrute, fra Bergen og til nordre Fjell kommune og helt ut til siste utpost i Øygarden kommune, Nordøysund.
I 1979 gikk fartøyet i opplag og fikk endret navn til «Vestgar Senior». Senere samme år ble fartøyet solgt til Pinsemenigheten Filadelfia i Oslo og fikk etter hvert navnet «Fredsbudet».
Fram til 2007 ble fartøyet brukt som kirkeskip langs hele Norskekysten, men ble deretter solgt til Øygardsbåtane AS på Sotra med tanke på å bevare båten som et flytende kulturminne. Av endringer er salong på øvre dekk forlenget og skorsteinen er også flyttet akterover i 1979/80. Mast og bom ble fjernet i 1989.
«Vestgar» skal tilbakeføres til 1979, og fartøyet er forholdsvis inntakt hva gjelder valgte epoke for bevaringen. Kjem mest sannsynleg til Fjordsteam 2015.04.05
T/B Vulcanus
«Vulcanus» ble bygget av Det Bergenske Dampskipsselskap som havneslepebåt for bruk i Bergen i 1959, men var i bruk langs hele kysten. I 1986 ble fartøyet overtatt av Buksér og Berging og i 2009 ble «Vulcanus» kjøpt av nåværende eier, Vulcanus Taubåtkompani.
«Vulcanus» var med 950 hk motor en av de kraftigste slepebåtene på kysten. Foruten tjeneste for eierselskapet ble den derfor satt inn også for andre, spesielt i forbindelse med tunge slep og større havarier. «Vulcanus» har i løpet av 50 år gjennomgått kun minimale forandringer. Bortsett fra skrogfargen er den stort sett som før. Det aller meste av skipets utstyr er fortsatt om bord og i fullt operativ stand.
Eiers formål er å sikre, vedlikeholde, drifte og holde «Vulcanus» sertifisert som taubåt. Arbeidet skal gjøres etter antikvariske prinsipper, og båten skal tilbakeføres og holdes i mest mulig original stand slik den var i BDS sitt eie.
Driften av båten som aktiv veterantaubåt skal skje på en skånsom måte som ikke går på bekostning av de antikvariske verdier. Båten har hjemmehavn i Bergen.
Under Fjordsteam vil den assistere, og særleg ha eit godt auge til D/S Stavenes som er på jomfrutur med «ny» maskin.