Billettar
Det er mange turar å være med på, både til og frå Florø og under sjølve stemnet. Fram til og med måndag før stemnet kan desse kjøpast online her på sida, sjå billettar. Her finn du også nærmare presentasjon av kvar tur. Frå og med tysdag kan billettane kjøpast ombord ved avgang. Hugs at det er stor pågang, særleg på dampskipa. Det kan derfor være lurt å kjøpe på førehand. Hugs at du for laurdagsturane evt må bestille tur/retur, også om du vil ha rundtur med avgang på morgonen eller kl 15:00.
Turane til og frå Florø bestiller du direkte hos båten (rutetider her);
D/S «Stord1» – 911 62 906
D/S «Oster» – 975 47 816
M/S «Granvin» – 916 81 398
M/S «Atløy» – 900 51 867
Merk at billetten ikkje inkluderer mat/overnatting utan etter avtale. Overnatting på Skjerjehamn ordnar ein direkte med dei.
Kostnader for inviterte fartøy
Det er inga påmeldingsavgift utover faktiske kostnader til mannskapsfesten på laurdag. Fjordsteam inviterer mannskap til velkomstkro torsdagen med enkel servering på vår rekning. Kaiavgift og straum er betalt av Flora kommune ved Florø Hamn og Atløys Venner.
Hamneplan
Hamneplanen finn ein her.. Alle spørsmål kring plassering av inviterte fartøy kan resttast til Rolf Grønnevik på telefon 915 91 089. Florø Gjestebrygge reserverer ikkje plass.
Viktige kontaktar
Oversikt over viktige kontaktar – Fjordsteam finn du her.
Deltakarpass
Mannskap på alle inviterte båtar vil få deltakarpass som sikrar reduserte prisar på fleire arrangement og mannskapspris på mannskapskroa.
Overnatting
Vil du bu på land har vi i Florø tre hotell, campingplass og ein del private utleigarar. Lenker til desse kan du finne på www.fjordkysten.no . Her finn du også meir informasjon om distriktet.
Fritidsbåt
Det er god plass hos Florevika Gjestebrygge midt i sentrum, og Fjordsteam vil ikkje nytte seg i særleg grad av desse kaiene. Her er plass til 150 båtar, straum, vatn og serviceanlegg. Du får tilvist plass ved ankomst, men kan ikkje reservere plass. Vakttelefon 414 03 729.
Veteranbil
Sist vi arrangerte Fjordsteam i Florø kom det innpå 150 veteranbilar frå heile vestlandet. Laurdag vert det «show&shine» i Strandgata med over 200 bilar, og det vert truleg felles avgang frå Førde. Veteranbilar som vil være «i gata» laurdagen møter opp seinast 10:45 på Evja. Det vert felle innkøyring 11:15. Følg rettleiing frå vakter. Spørsmål kan rettast til Morten Mortensen på telefon 916 30 671. Deltaking er gratis
Om du kjem utan båt
Widerøe og AirWing flyr direkte frå Florø til Bergen/Oslo/Stavanger/Kristiansund/Notodden/Førde og Ørsta/Volda dagleg. Du kan også følgje ekspressbåt både sørifrå og nordifrå, Hurtigruten eller nytte ekspressbuss frå Norway Bussekspress.
Sjå;
www.airwing.no
Kontakt oss:
Fjordsteam 2010
v/Sander Ødelien
Gaddevåggt. 10
6900 Florø