Fjordsteam vert drive på dugnad av ein aktiv gjeng entusiastar. Vi hadde likevel ikkje klart oss utan god støtte frå sponsorar som ser verdien i både kystkulturen, fjordabåtane og ikkje minst den store aktiviteten som vert skapt lokalt. Vi hadde ikkje klart å lage desse festdagane utan bidrag og god støtte frå;
Fjord1 støttar oss med ein betydelig sum pengar.
Pengane kjem vi til å bruke til arrangementet, og til støtte
for fleire av dei deltakande fartya. Ein framifrå støttespelar
Flora Kommune støttar oss med både pengar og folk!
Då det vart klart at det vart Fjordsteam i Florø, løyvde
bystyret på rappen 100.000,- kroner. Dessutan «låner»
dei ut varaordførar som koordinator for dugnadsgjengen
…..det hadde ikkje gått utan!
Flora Hamn vert ein solid og god støtteseplar via tilrettelegging
av både det eine og det andre. Mellom anna har dei lova ny, solid kai
på plass før arrangementet, og tilrettelegging av straum, vatn og anna
naudsynt infrastruktur.
For at Fjordsteam skal bli ein folkefest, må folket få vite om
kva som skjer og når det skjer! Ingen gjer det betre enn lokalavisa vår, Firdaposten.
…..dei bryr seg!