M/S «Polarstar» til Fjordsteam?

M/S Polarstar er ein spennande båt vi gjerne skulle sett i Florø. Så seint som i 2007 var denne båten på selfangst i vesterisen/Grønnland. I dag ligg ho på land i Tomrefjorden utan sertifikat, men om alt går etter planen er papira på plass til jul.

Første tur på fangst i 1949. Foto S. Bøe

Første tur på fangst i 1949. Foto S. Bøe

Skuta er i dag eigd av eit partslag md Willy Nesset (Ullsteinvik/Hareid) i spissen. Etter planen skal partshavarane gi båten til ei stifting. Drifta vil basere seg på samarbeid med maritime skular og opplevelsescharter for grupper i sesongen.