Mange ville gjerne at talen til Fridtjov Urdal skulle publiserast, og her er den;
God kveld godtfolk, mannskap og andre frammøtte!
Kva er samnemnaren for denne forsamlinga? ,
Rust, råte og kålfyr, klinka naglar, stimkjelar, gamle farkostar fyst og maritim kultur tenkjer eg. Det er vel det vi plar kalle det. Det synest eg vi skal halde fast på. Det er eit høgverdig påskot. Vi må seie til dei hine . Til kommunar, fylke, stat, sponsorar, Riksantikvar og slike. Det må ikkje komme ut at vi er galningar. Det er ikkje normalt å vere oppteken av gamle utrangerte farkostar. Bør ikkje vere det. Ingen normale vi sjå med bægjer på ein rustholk av ein gammal rute- eller slepebåt, eller sleve ut over ein halv og heil roten kutter eller redningskøyte medan ein rallar Colin Archer. Sidan alle her lid av same sykje og det er snakk om grader av galskapen, kan vi vere ærlege mot kvarandre. Fult vitige folk fer ikkje slik åt.
Folk gjer ein god dag i gamle båtar. Dei kan sjå på dei og vere med på tur. Men ein får dei ikkje med på dugnad, eller inn i styre. Når det er så mange av oss her må det vere råd å få greie på kva som er gale med oss og når gjekk det gale? Det må ha skjedd i barndommen noko løynt og uforløyst. Ei forklaring må det vere på ein massiv maritim galskap.
Gjekk det gale alt den gongen ein leika i dammen eller i fjøra?
Vi har aldrig vokse frå å leike med båtar. Derimot så har båtane vokse. Kor enkelt det var då båtane var noko meir eller mindre netthente vaksne hadde laga. Eller det var ei fjøl kvest i eine eiden, med ein kloss til overbygging. Det kunne vere Kitty Sark eller Queen Mary. Ein bete bork og ei fjør er evig nok båt, for ein draum og ein leik .
Vi skal halde fast ved fartøyvern, kyst og maritim kultur, elles er det ikkje sikkert at vi får lov å halde på som vi gjer, og det ville då vere ille.
Kyst og maritim kultur omgrepet hyser så mangt. Det er ikkje èin kultur, – det er mange, like skiftande som hav og kystlandet er . Her er plass for den saktmodige fiskaren «Markus» ein «Sjur Gabriel», «Fiskerjenten» , den eventyrlege» August» og alle dei i mellom. Eit mylder av liv og lagnad. Heimefiskar og storhavsfarar Herren i huset og trellende svenn. Kvinner og menn med jord under neglene og silderist på skautet. Det er segn og skikk: » Gjer ikkje noko rangsøles — vask ikkje golvet når karane fer.» Det er smått og stort frå kaggane ned i naustet til kamelsalen frå Egypt, tekoppane med blomstrande kirsebergreiner og somarfuglbrikka frå Rio. All den heimsende fantestas. på hyll og i skåp. Minne for dei heimkomne og påminning for dei som heime var. Den store verda nær og langt borte.
Det var kort og brev i skatollet og i kommoden Jakarta, Hong Kong, Newport, Kobe, Buenos Aires. Namna der ei kjølstripe enda, og ei ny byrja. Det var folket frå gavlen og åkeren. Bøndene som alltid hadde eit auga ned på sjøen, om ikkje der skulle vere eit kvart, ein sildestim, ein paledott. Sjøfolk i kystfart. Dei på slippen og verkstaden
Nei det er ikkje nemnande alt og alle. Eit mangfald i næring, eit samspel mellom land og sjø.
Det som var er det vi kallar kultur. Det let seg lettare gripe enn det som er. Vi ser vår eiga tid som eit brot, eit tap. Det levde livet er trykt, det levande utrykt. Vi må misse for å få. For nokre år sidan i eit sjøtun ikkje så langt her frå. Bua dørene var stengde graset grodde i vegråsene. det var stilt i tunet. Borte var skøyte, kutter og gavl. Eit par fritidsbåtar låg og nappa landfestene.
«Du ser ikkje ein unge som leika i fjøra lenger, – kor skal det verte fiskarar og sjøfolk av slikt? Vi var med sjøen støtt vi jentungane. Det er vist andre tider no. Kor e` ungane? Sete dei inne i husa?»
Tida hadde skift. Barneleiken er ein lovnad om det kommande livet, mindre om det som har vore. Blåskjell er ikkje kyr og kukelurane er ikkje sauer. Det er ei anna tid og bu seg på og ein annan leik .
Min fylgjesmann tykte det var trist tida hadde vend han ryggen. Han var av det blå folket, ein av dei siste i ei lang lekkje av fiskar bønder med ei ungdomstid i utanriksfart. På dette vis fortalde han om lagnaden sin;
Eg reiste ut i 37 med ein av båtane til Knutsen i Haugesund. Kom att i 45, hadde skreve frå Galveston, men brevet var ikkje kome fram. Mønstra av i Newcastle. Heime viste dei ikkje om eg var levande eller daud. Då eg kom te Bergen ringde eg men telefonen var i ustand. Kom heim med fylkesbåten. Der var ingen av mitt folk på kaia dei viste no ikkje noko. Eg kom heim i Nonstida, går inn i bislaget. Då kjem ho mor ut i dørene. «Å er da du så kjem, eg tykte eg kjende deg på fotalaget. Du får komme inn å få deg non».
Der sat han far og dei to brørne mine. Dei tok i mot meg som eg hadde vore vekke eit snarærend og var att kommen. Då seie han far:» Vi er ein mann for lite med bruket, eg tenkje du får vere med oss.» Så vart det. Vi røyste oss frå bordet og gjekk i båten. Eg gjekk i frå det eine livet til det andre, over dør-gåtta heime.
Han var av det blå folket. Dei som gjekk i blå bleika dongeri av merke Dovre og Berserk, Viking gummistøvlar og blank skyggehue. Båt med Sabb motor, part i landnot, smale i fjøsen og rips i hagen. Konene hadde kåper av gabardin til best. Sto i saniteten og skipa til basar. Det var mykje ugjort i landet og nokon måtte gjere det, og dei gjorde det. Dei hadde barndom og ungdom mellom to krigar. No kverv dei or tida. Dei prata stundom om at dei no i grunnen hadde det for godt.
Det er dei som hadde desse farkostane i kvardag og yrke. Dei helt til i eit framandt land, eit vi bere har segn og soge og eit og anna minne frå. På nokre tiår har ei livs og kulturform godt under.
Då Apollo 11 landa i det stille havet, gjorde han Bjarne og han Kolbjørn eit landnot kast ned på heimevågen med gode 200 hektoliter somarsild. Dagen etter lukta halve bygda av stekt sild og løk. Slik trudde vi det skulle vere.
That’s one small step for a man, one giant leap for mankind» galdt ikkje, her var det stekt sild og dei fyrste nypotetene.
Vi kan romantiser det. Vi kan syrgje det. Vi kan ikkje leve det, ikkje vende attende. Vi er i vår tid sjølv om vi står på eit gamalt dekk. Det som tykkjest oss for verdfullt til å øydast og gløymast. Kan vi freiste verne frå gløymsle og forfall. Det har noko med å ha røter og band, høyre til på godt og vondt.
I diktet «Godt år for Norge har Nordal Grieg» eit vers som målber dette: .
For oss er gården i lien
og båtnøstet i sin vik
ord vi kan tyde fra slekten
som la dem nettopp slik.
Kan vi ta feil av veien
vi sprang den i glede så titt
vi gikk den en dag bak en kiste
og lærte den skritt for skritt.
Kan hende er det dette det står om, – å ha røter. At det som har vore ikkje skal gå oss or minne. Slik kan vi sjå oss sjølv i ein samanheng og rekkje fara våre. Det var ikkje så mange som forsto seg på det då Johan Christian Dahl sende den unge Franz Schiertz stad for å måle opp norske stavkyrkjer heller. Slikt var då til å rive ned. Kva skulle ein med eit forfalle kornlager, som vist skulle ha vore konge hall. Ein steinhaug av ein katedral. Kva skal ein med det?
Garden i lia, naustet i vika. Var det då ein grov skipa or haugane på Gokstad og Oseberg, var det fyrst då at båten vart kulturminne?
Det var mange som tykte det var galskap og bry seg med rotne bord. Det var då så mykje anna og bry seg med. Ja så får dei bry seg med sitt dei då, så tek vi vårt.
Lat det vere alvor og leik og tak leiken alvorleg for om det ikkje lenger er nokon som leikar med små båtar i dammen og langs fjøra så vert det snart ingen som vil leike med store båtar heller.
Ein braksuksess
/by SanderAldri har det vore meir folk i Florø, aldri har været vore betre, aldri har det vore så mange eldre båtar (?) samla i fylket. Tilbakemeldingane har vore mange og gode;
Kvil deg no – i vissa om at du drog i gang og gjennomførde eit minnerikt arrangement til glede for veldig mange!
Edvin Helgheim, jubileumsgeneral
Min mobil døde i kvitvin på lørdag, men ellers var det en spill levande by i helga 🙂 Tusen takk for at de gjorde enn kjempejobb med Fjordsteam 🙂
Per Øyvind Helle, POS Aktiv / HippHipp Florø
Ei kjempehelg! Ei flott markering av ein kystby! Her må ein sjå om det er muleg å få til mindre liknande arrangement seinare men ikkje kvart år for da blir det ikkje same interessa. Det var kjekt å sjå så mange tilreisande. Her lykkast ein å vekka interessa over eit større område.
Gry Seim, Turistvert Kinn
Vi ville bare takke for et FLOTT Fjordsteam – arrangement!! Stor ære til dere som legger inn store ressurser i tilbud og arrangement som er til stor glede både for innbyggere, turister og andre besøkende!
Hilsen Visit FjordKysten 🙂
Gratulerer med flott arrangement. Var på konserten med Sigrid Moldestad laurdag. Den var veldig bra, og alle skrytte over arrangementet på dagen !
Anders Ole Sunnarvik, grendalagsleiar, arrangør og propell
Vil i all beskjedenhet takke for at vi fikk være med på arrangementet. For alle oss om bord på my Sporen ble dette en stor opplevelse. Vi virkelig koste oss. Pleiet vårt sosiale behov ved å samtale med gamle og nye kjenninger, og vi deltok på arrangementene til glede og inspirasjon. Opplevelsene stod i kø og gav ”livet” en vitamininnsprøyting. På kalde og mørke vinterdager vil det ”varme” å tenke tilbake på dagene i Florø. Stor takk til arrangementkomiteen, til Atløys venner og Florø by. Etter min erfaring ble arrangementet gjennomført til alles tilfredshet og bar preg av at impliserte krefter i Florø hadde lagt ned et kjempearbeid for nettopp det at deltakere og skuelysne skulle bli tilbudt det aller beste. Hurra for Florø.
Plaketten – som i seg selv var et lite kunstverk, og som jeg var kry av å få, vil alltid gi meg assosiasjoner til de fine dagene i Florø 2005. Mitt ærbødige kompliment gies til alle ”venner” av Fjordsteam 2010.
Skipper og mannskap på my Sporen
Dag Stray Breistein
Gratulerer med eit fantastisk arrangement i helga. Dette var stort! Mange lurte på om vi ikkje kunne få til noko slikt fleire gonger!
Eivind Hjellum, Spesialrådgiver, Flora Kommune
Kanonhelg!
Fikk til og med tatt med gamlingen på båttur til Likkje-Høydal med Granvin. Stor stas. Heilt topp det at båtene tok diverse turer her og der.
Tage Herstad, FotballFlora arrangør
Einig i at dette var flott Florø-reklame. Og ei helg som stemmer med det reiselivet reklamerer for. Vonar dette gav meirsmak til andre som kan tenkje seg å arrangere gode tilstellingar med kvalitet! Dette treng vi meir av slik endå fleire turistar får oppleve at det som stod i reklamen var sant!
Aud Norunn Viig
Sjå kva byen har klart å syne fram i jubileumsåret! Vi blir neppe største byen på handel, men i livskvalitet ligg Flora i elitedivisjonen. Utan massiv dugnadsånd og leiande eldsjeler hadde ei slik framsyning av kystkultur og livsglede ikkje vært mulig å mønstre. Dette er med å syner kva potensiale som ligg i Flora og kva ein kan utvikle for framtida. Ære til dei som har stått i bresjen, og stor takk til dei hjelpande hender som har bore dette fram, og gjeve mange mennesker minner for livet, og grunn til å være stolte av byen vår.
Hans Jacob Sunde
Ei kjempehelg! Flott Florø-reklame! Takk til alle dei som ofrar fritida si for å få dette til, det var ikkje forgjeves !!
Bjørn Angell Jacobsen
I slike helger er eg meget stolt av og vere florøværing og patriotismen vokser Kjempe bra opplegg og har aldri noen gang sett så mange flotte båter og biler på en gang og samstundes i FLORØ. Det beste 150års innslaget hittil i år!
Øystein Jagedal
Det var eit fantastisk arrangement i helga, Sander! Årets beste i Florø så langt. Og har vanskeleg for å sjå kva som kan overgå dette.
Roald Hansen
Ei rett og slett fantastisk helg! Gratulerer med vel utført arrangement!!
Åse Saunes
Takk Sander & co. Fjordsteam er nok det vi vil huske på først, når vi oppsummerer Jubelåret 2010
Halvor Halvorsen
Gratulerer med flott gjennomført arrangement; Well done !!
Kjartan Strand
Kjempe helg! Det må vere den beste noensinne!
Terje Nordal
Flott Sander og takk til de andre som også har delteke i arbeidet.
Øyvind Bang Olsen
Takk for det fine været og arrangementet! Flott Florøreklame!
Otto Inge Søvig
Fjordsteam, berre heilt fantastisk!! Kjempebra.
Margunn Frammarsvik
Gratulerer med storvegs arrangement. Jeg er mektig imponert og begeistra! Dette må være det beste arrangementet i Flora ever!
Først mine største komplimenter for et fantastisk Fjordsteam arrangement. Sendte deg en sms i vill begeistring, og dette er noe jeg kommer til å huske lenge. God stemning i byen både tidlig og seint og mange minner fra barndommen ble vekket til live
Johan Trygve Solheim
Gratulerer med flott arrangement i helga. Flott jobba
Erling Waage, Fjordenes Tidende
Fridtjov Urdal sin tale til middagen
/by SanderMange ville gjerne at talen til Fridtjov Urdal skulle publiserast, og her er den;
God kveld godtfolk, mannskap og andre frammøtte!
Kva er samnemnaren for denne forsamlinga? ,
Rust, råte og kålfyr, klinka naglar, stimkjelar, gamle farkostar fyst og maritim kultur tenkjer eg. Det er vel det vi plar kalle det. Det synest eg vi skal halde fast på. Det er eit høgverdig påskot. Vi må seie til dei hine . Til kommunar, fylke, stat, sponsorar, Riksantikvar og slike. Det må ikkje komme ut at vi er galningar. Det er ikkje normalt å vere oppteken av gamle utrangerte farkostar. Bør ikkje vere det. Ingen normale vi sjå med bægjer på ein rustholk av ein gammal rute- eller slepebåt, eller sleve ut over ein halv og heil roten kutter eller redningskøyte medan ein rallar Colin Archer. Sidan alle her lid av same sykje og det er snakk om grader av galskapen, kan vi vere ærlege mot kvarandre. Fult vitige folk fer ikkje slik åt.
Folk gjer ein god dag i gamle båtar. Dei kan sjå på dei og vere med på tur. Men ein får dei ikkje med på dugnad, eller inn i styre. Når det er så mange av oss her må det vere råd å få greie på kva som er gale med oss og når gjekk det gale? Det må ha skjedd i barndommen noko løynt og uforløyst. Ei forklaring må det vere på ein massiv maritim galskap.
Gjekk det gale alt den gongen ein leika i dammen eller i fjøra?
Vi har aldrig vokse frå å leike med båtar. Derimot så har båtane vokse. Kor enkelt det var då båtane var noko meir eller mindre netthente vaksne hadde laga. Eller det var ei fjøl kvest i eine eiden, med ein kloss til overbygging. Det kunne vere Kitty Sark eller Queen Mary. Ein bete bork og ei fjør er evig nok båt, for ein draum og ein leik .
Vi skal halde fast ved fartøyvern, kyst og maritim kultur, elles er det ikkje sikkert at vi får lov å halde på som vi gjer, og det ville då vere ille.
Kyst og maritim kultur omgrepet hyser så mangt. Det er ikkje èin kultur, – det er mange, like skiftande som hav og kystlandet er . Her er plass for den saktmodige fiskaren «Markus» ein «Sjur Gabriel», «Fiskerjenten» , den eventyrlege» August» og alle dei i mellom. Eit mylder av liv og lagnad. Heimefiskar og storhavsfarar Herren i huset og trellende svenn. Kvinner og menn med jord under neglene og silderist på skautet. Det er segn og skikk: » Gjer ikkje noko rangsøles — vask ikkje golvet når karane fer.» Det er smått og stort frå kaggane ned i naustet til kamelsalen frå Egypt, tekoppane med blomstrande kirsebergreiner og somarfuglbrikka frå Rio. All den heimsende fantestas. på hyll og i skåp. Minne for dei heimkomne og påminning for dei som heime var. Den store verda nær og langt borte.
Det var kort og brev i skatollet og i kommoden Jakarta, Hong Kong, Newport, Kobe, Buenos Aires. Namna der ei kjølstripe enda, og ei ny byrja. Det var folket frå gavlen og åkeren. Bøndene som alltid hadde eit auga ned på sjøen, om ikkje der skulle vere eit kvart, ein sildestim, ein paledott. Sjøfolk i kystfart. Dei på slippen og verkstaden
Nei det er ikkje nemnande alt og alle. Eit mangfald i næring, eit samspel mellom land og sjø.
Det som var er det vi kallar kultur. Det let seg lettare gripe enn det som er. Vi ser vår eiga tid som eit brot, eit tap. Det levde livet er trykt, det levande utrykt. Vi må misse for å få. For nokre år sidan i eit sjøtun ikkje så langt her frå. Bua dørene var stengde graset grodde i vegråsene. det var stilt i tunet. Borte var skøyte, kutter og gavl. Eit par fritidsbåtar låg og nappa landfestene.
«Du ser ikkje ein unge som leika i fjøra lenger, – kor skal det verte fiskarar og sjøfolk av slikt? Vi var med sjøen støtt vi jentungane. Det er vist andre tider no. Kor e` ungane? Sete dei inne i husa?»
Tida hadde skift. Barneleiken er ein lovnad om det kommande livet, mindre om det som har vore. Blåskjell er ikkje kyr og kukelurane er ikkje sauer. Det er ei anna tid og bu seg på og ein annan leik .
Min fylgjesmann tykte det var trist tida hadde vend han ryggen. Han var av det blå folket, ein av dei siste i ei lang lekkje av fiskar bønder med ei ungdomstid i utanriksfart. På dette vis fortalde han om lagnaden sin;
Eg reiste ut i 37 med ein av båtane til Knutsen i Haugesund. Kom att i 45, hadde skreve frå Galveston, men brevet var ikkje kome fram. Mønstra av i Newcastle. Heime viste dei ikkje om eg var levande eller daud. Då eg kom te Bergen ringde eg men telefonen var i ustand. Kom heim med fylkesbåten. Der var ingen av mitt folk på kaia dei viste no ikkje noko. Eg kom heim i Nonstida, går inn i bislaget. Då kjem ho mor ut i dørene. «Å er da du så kjem, eg tykte eg kjende deg på fotalaget. Du får komme inn å få deg non».
Der sat han far og dei to brørne mine. Dei tok i mot meg som eg hadde vore vekke eit snarærend og var att kommen. Då seie han far:» Vi er ein mann for lite med bruket, eg tenkje du får vere med oss.» Så vart det. Vi røyste oss frå bordet og gjekk i båten. Eg gjekk i frå det eine livet til det andre, over dør-gåtta heime.
Han var av det blå folket. Dei som gjekk i blå bleika dongeri av merke Dovre og Berserk, Viking gummistøvlar og blank skyggehue. Båt med Sabb motor, part i landnot, smale i fjøsen og rips i hagen. Konene hadde kåper av gabardin til best. Sto i saniteten og skipa til basar. Det var mykje ugjort i landet og nokon måtte gjere det, og dei gjorde det. Dei hadde barndom og ungdom mellom to krigar. No kverv dei or tida. Dei prata stundom om at dei no i grunnen hadde det for godt.
Det er dei som hadde desse farkostane i kvardag og yrke. Dei helt til i eit framandt land, eit vi bere har segn og soge og eit og anna minne frå. På nokre tiår har ei livs og kulturform godt under.
Då Apollo 11 landa i det stille havet, gjorde han Bjarne og han Kolbjørn eit landnot kast ned på heimevågen med gode 200 hektoliter somarsild. Dagen etter lukta halve bygda av stekt sild og løk. Slik trudde vi det skulle vere.
That’s one small step for a man, one giant leap for mankind» galdt ikkje, her var det stekt sild og dei fyrste nypotetene.
Vi kan romantiser det. Vi kan syrgje det. Vi kan ikkje leve det, ikkje vende attende. Vi er i vår tid sjølv om vi står på eit gamalt dekk. Det som tykkjest oss for verdfullt til å øydast og gløymast. Kan vi freiste verne frå gløymsle og forfall. Det har noko med å ha røter og band, høyre til på godt og vondt.
I diktet «Godt år for Norge har Nordal Grieg» eit vers som målber dette: .
For oss er gården i lien
og båtnøstet i sin vik
ord vi kan tyde fra slekten
som la dem nettopp slik.
Kan vi ta feil av veien
vi sprang den i glede så titt
vi gikk den en dag bak en kiste
og lærte den skritt for skritt.
Kan hende er det dette det står om, – å ha røter. At det som har vore ikkje skal gå oss or minne. Slik kan vi sjå oss sjølv i ein samanheng og rekkje fara våre. Det var ikkje så mange som forsto seg på det då Johan Christian Dahl sende den unge Franz Schiertz stad for å måle opp norske stavkyrkjer heller. Slikt var då til å rive ned. Kva skulle ein med eit forfalle kornlager, som vist skulle ha vore konge hall. Ein steinhaug av ein katedral. Kva skal ein med det?
Garden i lia, naustet i vika. Var det då ein grov skipa or haugane på Gokstad og Oseberg, var det fyrst då at båten vart kulturminne?
Det var mange som tykte det var galskap og bry seg med rotne bord. Det var då så mykje anna og bry seg med. Ja så får dei bry seg med sitt dei då, så tek vi vårt.
Lat det vere alvor og leik og tak leiken alvorleg for om det ikkje lenger er nokon som leikar med små båtar i dammen og langs fjøra så vert det snart ingen som vil leike med store båtar heller.
Rekkefølgje innsegling
/by SanderTorsdag kl 1715 passerer første fartøy Fugleskjærskaia, og og på vestre enden vil Trond Strømgren fortelle om kvart einskild fartøy etterkvart som dei passerer. Florø Båtforening og Florø Seilforening vil også henge seg på konvoien i Nekkøyosen.
Rekkeføgja på innseglinga vert i alle fall slik;
D/S Stavenes
T/B Vulcanus
T/B Lessing
T/B Hebe
M/S Norlys
D/S Thorolf
M/S Dolphin
M/S Arnefjord
M/S Orient
S/K Cardinal
M/S Saltnesvåg
M/S Ullaholm
M/S Andholmen
M/S Glesnes
M/S Nybakk
M/S Reinebuen II
M/S Sporen
M/B Quest
M/S Poseidon
B/S Nøkk
R/S Sandefjord
R/S Lille Torungen
R/S Ragnhild Schanke
R/S Thomas Fearnley
R/S Olav Ringdal Jr
R/S Poseidon II
S/Y Auno
S/J Caroline af Sandnes
S/J Mathilde
S/J Svanhild
M/S Haugefisk
M/S Hindholmen
M/S Vestgar
M/S Granvin
D/S Børøysund
D/S Oster
D/S Stord 1
M/S Sandnes
M/S Atløy
Alle fartøy vert bedne om å nytte VHF kanal 6 som arbeidskanal
Ta båtførarprøva på Fjordsteam
/by SanderFjordsteam har i samarbeid med «Båtskolen POSEIDON» orda ein mogelegheit for å avlegge båtførerprøva laurdags ettermiddag under Fjordsteam.
Den tyske navigatøren som gikk på grunn på Leiaskjæret ved Florø for eit par år sidan skulle kanskje hatt seg ein tur på kurs?
Dei som består prøva får utstedt det båtførarbeviset som no krevast for å føre båtar over 8 meter eller med meir enn 25 HK. (Foreløpig fritak for folk fødd før 1980).
Tida tillèt diverre ikke at vi kjøyrer eit fullstendig båtførarkurs under Fjordsteam, men vi skal klare å få ordna ein rask repetisjon før prøva slik at dei som føler seg usikre òg vil ha repetert det viktigaste kan gå til prøva med godt mot. Det vert understreka at repetisjonen ikkje er obligatorisk, den er kun eit frivillig tilbod. Repetisjonen foregår på HAFFEN laurdag 7. august kl 1600-1700.
Sjølve båtførerprøva foregår same stad kl 1730-1830. Gebyret for å avlegge båtførerprøva har Norsk Test fastsett til NOK 525 og dei som ønskjer å være med på repetisjonen betalar NOK 275 i tillegg. Begge beløpa vert å betale til Baatskolen POSEIDON kontant ved oppmøte. Som støtte til Fjordsteam overfører POSEIDON NOK 100 til Fjordsteam for kvar deltakar som blir med på repetisjonen.
For påmelding eller nærare opplysningar kan du ta kontakt med Jan i Baatskolen POSEIDON, pr tlf 900 81 452 / jan@baatskolen.no eller ombord i skoleskipet POSEIDON II i løpet av Fjordsteamstemnet.
Diskusjon rundt fartøyvernet
/by SanderMange fartøyvernarar føler seg som ei ribba høne (om ikkje i hendene til Meryl Streep), og mange aktive slike vil være til stades under Fjordsteam. Øyvind Konglevoll i Veteranskipslaget Stavenes har derfor tatt initiativ til møte for å diskutere aktuelle tema.
Vi møtest derfor fredag kl 1000 på M/S «Sandnes» for ein diskusjon. Invitasjon er gått ut til alle deltakande båtar som er medlemm av NFF, men andre som meiner noko om dette kan også delta.
Er det andre saker du meiner bør diskuterast eller har andre synspunkt, gjer vel å melde dette til Øyvind på konglev@online.no eller 95 11 32 23.
Lyst til å bidra?
/by SanderUnder stemnet vil vi trenge litt hjelp til å bemanne ein salsbod, litt vakt-teneste, sjauing på torget, guide og lokal kontakt for dei besøkande fartøy. Har du lyst å bidra er vi glad for å sjå deg på Haffen tysdag 3/8 klokka 1900.
Betalinga er sjølvsagt god, og følgjer Atløys Venner sitt regulativ; gratis kaffi og gode minner!!!
Kurs i tauarbeid
/by SanderUnder Fjordsteam vil Thor Jansen, forutan salsbod, ha eit 12 timars kurs i tauarbeid eller sjømannsarbeid som det også kallast. Her vil du lkære og lage apenevar, fendrar og andre bruks- og prydting i tauverk. Thhor er på plass allereie torsdag.
Er dette av interesse, tar du kontakt med Thor på telefon 92 41 98 70.
Thor Jansen
Hamneplan
/by SanderDet har vore eit puslespel å plassere såpass mange fartøy som skal delta i Florø i hamna. Mange ønske skulle stettast; flest mogeleg skulle ligge saman med «sine», mest mogeleg sentralt, mest mogeleg vakkert, det skulle være nok vatn, Hurtigrute og vanleg rutetrafikk må kunne komme til og frå, ein del av dei gamle damene er tunge å buksere og ikkje minst skal mange av dei deltakande båtane til og frå kai under stemnet.
Etter to runder har vi i alle fall kome fram til planen du finn på denne lenka.
Dampøl frå Kinn Bryggeri
/by SanderKinn Bryggeri i Florø vil produsere eit eige øl til Fjordsteam 2010. Det skal heite «Dampen» og er eit øl av øltypen dampøl (steam beer, populær i San Fransisco frå 1800 -talet, populær fram til vår tid). Ølet er 4,7%, lyst koparfarga, humlearomatisk og med markert beisk ettersmak. Eit veldig friskt og lettdrikkeleg øl… som er noko heilt anna enn industripilsen, men som likevel vil ha ein sterk appell til både mannskap og publikum. Det blir produsert 750 l øl på fat og ca 1000 flasker a 75 cl.
Kinn Bryggeri er eit av dei minste bryggeria i Noreg og det blir drive av Espen Lothe, fleire gonger Noregsmeister i ølbryggjing. Kinn Bryggeri er eit ekte handverksbryggeri der all produksjon frå meisking til tapping blir gjort manuelt og øla blir gjæra med ekte overgjær i opne kar for ein best mogeleg smak.
Ølet vil også bli tilgjengelig på 19 liters stålfat, og bryggeriet kan ordne tappeutstyr for dei fartøya som vil ha dette. Om fartøy vil selge anten på flaske eller fat, kan dei ta kontakt med Kinn Bryggeri v/Espen Lothe på telefon 47339047 eller post@kinnbryggeri.no.
Publikum vil kunne kjøpe ølet i dei fartøya som har dette, i Kinn Bryggeri sitt eige utsal ved bryggeriet i Strandgata eller på nokre av pubane i Florø under Fjordsteam.
10.000,- frå Fylkekommunen
/by SanderDet er ingen løyndom at økonomien til Fjordsteam er anstrengt. Dette fordi mange av dei større aktørane vi hadde trudd ville ha interesse av eit samarbeid , eller har signalisert interesse, har trekt seg, latt være å svare eller redusert løyvingane sine. I tillegg ser det ut til at vi får ei ekstyrarekning på i alle fall 50.000 foir framføring av straum.
Det var derfor gledeleg at vi i går mottok melding frå Sogn og Fjordane Fylke v/kulturavdelinga om løyving på 10.000,- kroner etter søknad. Samstundes går handelsstand og næringsliv i kommunen inn med omlag 100.000,- i kontantar.
Dedn manglande økonomien vil ikkje gå utover sjølve stemnet, men det kan føre til at vi ikkje klarer å marknadsføre Fjordsteam så mykje vi eigtl ville. Det er likevel på det reine at lokalavisene i fylket støttar oss med annonseplass på nett og papir, så det ser framleis lyst ut for folkefesten dette skal bli!