Ei gledeleg melding tikka inn i førre veke; Bergen Veteranvognklubb kjem til å besløke Fjordsteam, og reknar med å bli mellom 20 og 40 bilar. Dei vil komme på allereie torsdag, og blir til søndag. Det er før meldt at også Folkevognklubben i Bergen, VWACB, kjem til Florø.
Alvis -32 modell
Dei planlegg å overnatte på den gamle nattruta MS Sandnes, som vil ligge sentralt plassert i hamna. Dei har tett på 180 gjestesenger, og er sjølvsagt glad for besøk. Skipet vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart.
MS Sandnes - kystens dronning
I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjer-trafikken frå 1960 og utover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipa ”Gann” og ”Sjøkurs” i hhv 20 og 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap tok over i 2007.
Det kan sjå ut til at MS Sandnes vert «bilbasen» under stemnet, og venteleg vil fleire klubbar ta losji der. Om andre ønsker å innlosjere seg der er det berre å ta kontakt med Alf Kåre Olavesen på 51 53 44 00.
Bli med på turen til Florø
/by SanderDu kan bli med på tidenes veteranskipskonvoi Bergen – Skjerjehamn – Florø med båtar som D/S «Oster», D/S «Børøysund», D/S «Stord 1», M/S «Vulcanus»,D/S «Stavenes», M/S «Granvin», M/S «Vestgar», M/K «Glesnes» m.fl.
Starten går frå Strandkaien i Bergen onsdag 4. august klokka 12.00, med fleire stopp nordober til Skjerjehamn. I Skjerjehamn vert vi godt tatt i mot, og der er høve til å overnatte på den gamle skysstasjonen.
Torsdag ber det vidare mot Florø, med felles innkomst klokka 1700. Alle ruter korresponderer med ekspressbåtane til reiarlaget som eigde ein del av båtane. Det er 30% rabatt på desse båtane.
Annonsa kan du lese her; bt2
Etterlysning Armstrong-motor
/by SanderVi har fått følgande etterlysning frå Gunvar Grindheim på MS Atløy sitt søsterskip MS Svanøy;
Hei!
Nytt frå fartøyvernforeninga
/by SanderI dag kom medlemmsinfo frå fartøyvernforenoinga. Du kan lese om neste årsmøte, Kulturminnedagen, tildelingar frå Riksantikvaren, DS «Styrbjørn», MF «Folgefonn», ny momskompensasjonsordning og ein lengre artikkel om hospitalskipet «Viking».
Heile nyhendebrevet finn du her; nytt_om_fartac2b8yvern_2_20101
Etterpåmelding
/by SanderMK Andhomen på 72 fot, einaste norske fartøy som seglde med splittflagg under heile krigen, har meldt sin ankomst til Fjordsteam og Florø. Meir kan du lese på www.andholmen.no
Atløys Venner får kulturprisen
/by SanderAtløys Venner fekk i dag Flora Kommune sin kulturpris framfor ein fullsett stadion. Leiar i laget, Leif Kvalvik, mottok prisen på vegne av den aktive gjengen.
foto: Olav Hatlemark
Atløys Venner har sidan skipinga i 1995 tilført titals millionar til båten og over 150.000 timar dugnad i drift, restaurering og vedlikehald. I grunngjevinga til juryen vart også arbeidet med å skipe til Fjordsteam trekt fram.
Påmeldingsfrist
/by SanderDei siste par dagane har det kome enno fleire båtar til lista, og vi er no oppe i 38 påmelde fartøy og ventar på nokre til. Vi hadde håpa på 20 – 25, så vi er svært godt nøgde. Vi nærmar oss 1000 meter båt, så vi må derfor be om at etternølarar melder seg på snarast råd. Mellom anna skal vi planlegge plassering og straum, og det skal bestillast deltakarplakettar.
BS Brannspøyta og BS Nøkk er mellom dei som kan lage liv i hamna.
Kjenner du nokon som går og lurer er det derfor viktig å pushe ppå litt, slik at vi kan få påmelding innan 1. mai.
KNM Hitra
/by SanderDet såg ei stund ut til at KNM Hitra skulle komme til Fjordsteam, men desverre ser det ikkje ut til at dei klarer det. Vi har mottat følgande melding frå Karstein Storaas;
«Alle vi som sysler med KNM Hitra hadde gledet oss til en ny frisk giv med fartøyet etter de oppgraderings- og vedlikeholdsarbeider fartøyet har vært gjennom. Beklageligvis sa skipssjefen opp sin stilling like før vi skulle sette sammen programmet for sesongen 2010. Vi har siden arbeidet aktiv for å få på plass en erstatter. Men så langt har vi ikke lyktes med å finne hans etterfølger.
Avtroppende skipssjef har likevel vært velvillig og stilt seg til rådighet for avvikling av programmet fra ca 17. mai og frem til 10. juni. Men etter denne datoen kan vi ikke planlegge med annet enn korte dagsturer i Bergensområdet.
Vi må derfor meddele at KNM Hitra ikke kan delta på Fjordsteam i august i Florø….»
Dette er vi sjølvsagt lei oss for, og vi håper dei klarer å finne ein erstattar for skipssjefen.
Mange spanande brannbilar
/by SanderFredag var det møte i brannbefalslaget i Sogn og Fjordane, og mellom anna vart «vår» brannsjef Leif Amundsen, ansvarlig for brannbilane under stemnet, utnemnd til æresmedlem.
21 modell American Lafaytte
MF Skånevik skal i trafikk i Sognefjorden i sommar, så planen med å fylle denne med brannbilar frå Bergen vert det derfor desverre ikkje noko av. Det vert likevel godt oppmøte av gamle brannbilar, og allereie har vi følgande bilar påmeldte;
– 1920 modell American LaFrance
– 1923 modell Delahaye
– 1931 modell Buick
– 1935 modell Ford
– 1963 modell Willys
– 1964 modell Studebaker
– 1967 modell Magirus stigebil
– 1975 modell Dodge
Dette er bilar frå Bergen og 3 bilar Sunnfjord Veteranvognklubb har overtatt frå Gjensidige. I tilleg til desse kjem bilar frå heile Sogn og Fjordane og Osterøy som vi enno ikkje har oversikt over.
Legomodell av 1922 Delahaye
Bergen VeteranVogn Klubb
/by SanderEi gledeleg melding tikka inn i førre veke; Bergen Veteranvognklubb kjem til å besløke Fjordsteam, og reknar med å bli mellom 20 og 40 bilar. Dei vil komme på allereie torsdag, og blir til søndag. Det er før meldt at også Folkevognklubben i Bergen, VWACB, kjem til Florø.
Alvis -32 modell
Dei planlegg å overnatte på den gamle nattruta MS Sandnes, som vil ligge sentralt plassert i hamna. Dei har tett på 180 gjestesenger, og er sjølvsagt glad for besøk. Skipet vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart.
MS Sandnes - kystens dronning
I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjer-trafikken frå 1960 og utover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipa ”Gann” og ”Sjøkurs” i hhv 20 og 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap tok over i 2007.
Det kan sjå ut til at MS Sandnes vert «bilbasen» under stemnet, og venteleg vil fleire klubbar ta losji der. Om andre ønsker å innlosjere seg der er det berre å ta kontakt med Alf Kåre Olavesen på 51 53 44 00.
Hovudkomitè
/by SanderDå er endeleg arbeidet organisert i ein hovudkomite. Komiteen vil samlast kvar fjortande dag, torsdagar klokka 1900. Komiteen består av folk frå Atøys Venner, Svanhilds Venner, Veteranskipslaget Stavenes, Florø Sentrum og andre vi meiner vil styrke arbeidet. POS Aktiv som skal arrangere både revy og konsertar under stemnet håper vi også vil tiltre komiteen.
Komiteen med ansvar finn du her; Hovudkomite-med-ansvar1