Meir om M/S «Sognefjord»

Vi har motteke ein mail frå ein kjenning av gamle M/S  «Sognefjord». Ho er opptatt av gamle båtar og lokalhistorie og  ønsker å informere om den gamle båten «sin» ; ho skriv mellom anna;

Frå båtdekk ein stad "på varmen"

Frå båtdekk ein stad "på varmen"

….Det var andre eg tenkte på som kunne lika å få greie på at ho er i god behald, dei som kanskje la grunnlaget for at vi har henne enno.. mannskapet frå den gong ho heitte Sognefjord. Ho tjente trufast i 32 år nesten utan uhell, det må ha vore godt sjømannskap både frå båtførar og mannskap.! Ikkje nok med at ho no er restaurert, men det er gjort av ein som har både kunnskap om og hjarte for korleis ein best tek seg av veteranskip.!
 
…Det må vera veteranar frå den besetningen som ville lika å høyra at ho er i god behald……Om dei ikkje har halde seg oppdatert sjølv da, men gode nyhende toler da vel å bli repeterte..?

Det var som sagt eit svært godt arbeidsmiljø om bord, der alle gleda seg til å gå på jobb kvar dag. Trur det var svært leit for dei da skipet vart seld ut, dei kunne ikkje den gong vita om dei såg meir til ho.. eller korleis det gjekk. Meinar at nokre av mannskapet er her frå fylket, og nokre av offiserane?

I boka «101 Fjordabåtar» (M H Torvanger/ Selja Forlag)er det bla eit bilete teke under siste turen, då er namna med. Som skipsførar Knut Stavøstrand seier i boka er dette eit heilt spesielt skip, eit skip med stil og sjarm; kan ein leggja til- noko noverande eigar har teke godt vare på.

Trur som nemnd at salet av denne juvelen kan ha utløyst den gode trenden vi har no med å ta vare på veteranskip, det må ha vore ein vekkjar..! Hadde det vore vanleg å ta vare på veteranskip den gong ho vart seld av FSF, ville ho garantert vorte snappa opp rimeleg kjapt..!!
 
Skipet kom i trafikk i 1950, og har uansett jubileum neste år. Ein sprek jubilant, med andre ord!

Info finn de på skipet si heimeside: www.orientexplorer.com  OG www.picasaweb.google.ca/sensiborneo/OrientExplorer  Sjå og diskusjonsforumet www.captainsvoyager.com , der er det masse info og bilete. På www.sensiborneo.com er det info om skipet, innreiing og linkar til anna info. I e-post frå eit norsk reisebyrå som opererer i Malaysia, fekk eg opplyst at ein kan bestilla turar med skipet. Ho går mellom Malaysia og Sabah/ Borneo. Blant dei som har reist med henne siste åra, er folk som tidlegare har vore mannskap om bord. Inkludert nokre som var mannskap der før ho vart seld til Noreg om ombygd til passasjerskip..!
 
Det siste som har vore sagt om skipet i media her, er -stort sett- at ho vart seld i 1997.Historien vidare har det vore lite om, intil  nyleg da det heldigvis har vorte meir merksemd.

Som de ser av dei mange bileta, er ho teken godt vare på av noverande eigar. Det er ein nederlender som eig ho, og skipet er registrert i Rotterdam. Men det velkjende FSF-flagget er godt synleg framme på bauen, og på bakdekket er bokstavane «Sognefjord»  synlege over det noverande namnet «Orient Explorer». Sjølve skipet er restaurert slik ho må ha vore i glansdagane på 50- talet, du kjenner fort att det gamle interiøret – no i oppussa utgåve. Til og med maskinene om bord er dei same GM- gigantane som har vore sidan ho vart bygd i `43, so brua om bord er eit syn for auga..!!
 
Eg var om bord i Atløy sist båten var her i kommunen, og fekk teke bilete og kjøpt bøker om båten. Det er ein heilt anna stil over dei eldre fartya, det vert ikkje bygd slike no lengre.

Med helsing:
Eli K Hamre.

Samarbeid med bygdelag

Foreløpig har det vore kontakt med Høydalane og Kalvåg om program for turane på fredag frå Florø.

I Høydalane vil det bli stopp ved den gamle rutebåtkaia, og grendalaget ved Helge Terøy ønsker velkommen. Det vil verte omvisning på motormuseet,  demonstrasjon av gamle båtmotorar og kanskje kjem ein lokal skald på besøk. Det vil også være naturlig å besøke helleristningsfeltet med snutebuss og få omvisning der.

I Kalvg vert det Maritim Festival med mange aktivitetar i hamnebassenget, musikk og god mat.  Knutholmen vert det naturlige midtpunktet for desse aktivitetane.

Etter kvart håper vi at fleire bygdelag tek kontakt, og inviterer eit av dei flotte skipa til si bygd, så skal vi henta bygda til Florø og marknadsdag på laurdagen som takk. Dette er også eit godt høve for bygdelag til å presentere både seg sjølv og bygda si.

Vulcanus sikra

Då melder Egil Sunde at slepebåten Vulcanus er «sikra». Han skriv;

«Nå har vi kjøpt ”Vulcanus”. Kommer noe i BT og BA i morgen om det. Den formelle overtakelsen skjer i neste uke. Vi må først få registreringen av laget godkjent i Brønnøysund slik at alle papirer blir ordnet skikkelig…. Det ser med andre ord lyst ut for Fjordsteam til sommeren.»

Vi gleder oss med dei, og er glade for at dei kjem til Florø. Vær med å støtt om arbeidet deira om du kan!

D/S Stavenes har også vore i kontakt med Sunde….det kan jo være greitt med ein slepebåt i nærleiken…sån for sikkerheits skuld.

Rutebil

jubileumslogolFredag under Fjordsteam ønsker vi å få i stand ein samferdslehistorisk dag.

Samferdsle er ikkje berre båtar, vi må ha med rutebilar og – bussar også. Helst skulle vi også hatt tog, men då vert kostnadane for store for oss!

Vi har derfor starta samtalane med Rutebil Historisk Forening – avdelig Sogn og Fjordane for ei stund sidan, og dei er positive til eit samarbeid utan at vi konkret veit kva det vil føre til enno.  Som ein start vil stemnet bli presentert i neste nummer av medlemmsbladet Rutebil , og i påfølgande nummer vil det bli ein artikkel om bygginga av vegen Førde – Florø som ein oppfølgar.

S-1967, Rutebilane i Bremanger sin -54 modell Volvo snutebuss

S-1967, Rutebilane i Bremanger sin -54 modell Volvo snutebuss som er ferdig restaurert til våren

Avdeling Sogn og Fjordane har 15 ekvipasjar som medlemmer, så det kan bli ein svært god start på «noko».  Er vi heldige kjem det bilar også frå Bergen, Storfjorden og Ålesundsområdet som også vil skape liv og røre. Frå før har vi ei forventning om ein delegasjon med gamle brannbilar. Heimesidene til RHF  finn du her.

M/S «Sognefjord»

Under kategorien «farty som ikkje kjem» her på sidene er M/S «Sognefjord», no M/V «Orient Explorer» omtala. Båten gjekk for Fylkesbaatane frå 1950 til 1982 og var eit kjent syn for folk i fjordafylket og Hordaland. Fartøyet er etter eit omflakkande tilvære som marinefartøy i England, passasjerbåt på vestlandskysten, filmbåt på Svalbard, restaurantskip i Finland, cruisebåt i Honduras og no endeleg i Malaysia som dykkarfartøy.

sognefjord

M/V Orient Explorer i tørrdokk i Malaysia i 2009!

Båten ser ut til å være i framifrå stand, noko desse bilda frå dekk, lugarar, maskin og tørrdokk  på eigen blogg om fartyet kan tyde på. Legg spesiellt merke til at båten framleis har det no mykje omdiskuterte FSF flagget i baugen!

FSF – flagget

flagget2Debatten kring Fjord1 sitt vedtak om å pensjonere FSF flagget for godt rasar både på nett og i lokalavisene.

Flagget er like gamalt som reiarlaget (frå 1858 Nordre Bergenhus Amts Damskibe, frå 1919 Fylksesbaatane i Sogn og Fjordane og no Fjord1 Fylkesbaatane) og er det eldste flagget brukt av eit reiarlag i Noreg. No er det altså på det næraste slutt!

Synet er sjølvsagt delt på om dette er god merkevarebygging eller ikkje, og vi vel ikkje å ta del i denne debatten. M/S «Atløy» frå 1931 vil sjølvsagt fortsette å bruke flagget, og to andre verneverdige farty vil  bruke flagget i framtida: D/S «Stavenes» frå 1904 og  M/S «Svanøy» frå 1925. Dei som framleis ønsker å sjå FSF-flagget i bruk på sjøen, bør derfor støtte opp om desse fartya. Aksjonen på facebook vil i alle høve la overskotet frå sal av T-skjoreter gå til fartøya.

M/S «Stangfjord»

Ein av dei lokale båtane som ganske sikkert ikkje kjem seg til Fjordsteam er M/S «Stangfjord». Båten er sidan 1995 eigd av Askvoll Kommune sør for Florø, og ligg no til full restaurering på Hardanger Fartøyvernsenter. Arbeidet, som er forventa å kosta omlag 5 mill er finansiert, er i full gang og forventa ferdig i 2011.

Båten vart bygd for Stongjorden Elektrokjemiske Fabrikker på Løvfallstrand i 1933, og teikna av ein av ingeniørane på verket. Den gjekk i passasjertransport for den veglause bygda fram til slutten av 50 talet, og seinare mellom anna som oppsynsbåt under sildefisket. I 1985 kjøpte Karl Vie den, slik at den kom tilbake til bygda. I 1995 måtte han selge, og Askvoll Kommune tok over med støtte frå Norsk Hydro.

På veg inn i Vikinghallen på HFS

På veg inn i Vikinghallen på HFS

Rapport frå arbeidet pr oktober finn du her status oktober og fotodokumentasjon frå 2004 her; fotodokumentasjon

Vulcanus Taubåtkompani

Styrehuset slik det ser ut i dag, det vil sei stort sett slik det såg ut i 1959

Styrehuset slik det ser ut i dag, det vil sei stort sett slik det såg ut i 1959

Då ser det ut til at «det går vegen» for gjengen som for litt sidan tok initiativ til å redde MS Vulcanus og å halde ho i Bergen. Båten er formelt ikkje overtatt enno, men dei har kome så langt at Vulcanus Tubåtkomapni er skipa.

Dei har òg vore i kontakt med mange sponsorar og fått velsigning frå Riksantikvaren v/Erik Småland og stadfesting på at fartøyet er verneverdig. 

Eigne heimesider er også klare, du finn dei på vulcanus.no. Fjordsteam ynskjer lukke til, og ser fram til å ønske dei velkommen til Florø og Fjordsteam!

Skjebnedøgn for MS «Vulcanus»

Det vert i desse dagar arbeidd med å kjøpe Vulcanus ”tilbake” på vernehender. Sentralt i arbeider er Egil Sunde og Sandviksboder Kystkultursenter i Bergen. I morgon, tysdag, vert ein skjebnedag, – då skal søknad om støtte til kjøpet og rentefritt lån handsamast av kulturkomiteen i Hordaland. Bergen Kommune vil venteleg også gå inn med pengar.

 

MS Vulcanus slik vi hugsar henne, på full fart inn på Vågen. Foto; Helge Sunde

MS Vulcanus slik vi hugsar henne, på full fart inn på Vågen. Foto; Helge Sunde

 

 

Slepebåtane MS Vulcanus og MS Titan hugsar mange sikkert frå sine faste plassar i Tollbodhopen i Bergen. Begge båtane tilhøyrde  Bergenske Dampskipsselskap, BDS, og var bygd på Bolsønes i Molde i 1958 og 1959. Vulcanus, som er eldst, er framleis i svært god og original stand, og Egil Sunde meiner det ikkje er problem å gå med kvit dress i maskina!  MS Titan er eigd av rederiet Mørland og Karlsen i Arendal, arbeider langs sørlandskysten, og heiter i dag MS Skilsø. Begge båtane var designa av siv.ing. Per Grieg, tidlegare leiar av Grieg Gruppa i Bergen.

 

Begge fartøya vart brukt på hamna i Bergen i mange år, MS «Vulcanus» i over 50 år. Ho vart også å brukt ved sjøsetting ved Stord Verft og ved dåverande Ankerløkken i Florø. Ho hadde fast base i Tollbodhopen i Bergen og ein del av det daglege hamnebildet, men hadde slepeoppdrag langs heile kysten

 

Om dei får finansiert kjøpet og kontrakten vil dei bruke båten i kulturell samanheng, men dei vil og sikre seg avtale om tilbakeleige av båten til dei noverande eigarane. Sidan båten også har historie frå Florø, og sidan vi kan trenge ein slepebåt under stemnet (?)( ville vi vore svært glade for å sjå henne her!

Loggeren «Nortun»

Ei fantastisk skute frå Stavanger, bygd på Nordseeverftet i Emden i 1905 for drivgarnsfiske etter sild, er no invitert etter tips frå Helge Terøy i Florø.

MS Nortun slik mange vil huske henne frå 50  år i fraktefart

MS Nortun slik mange vil huske henne frå 50 år i fraktefart

Båten er i privat eige, og skal brukast som lystbåt (!) etter ei total restaurering. Etter fiskeria vart båten seld til Danmark i -34 og ombygd til fraktebåt. 20 år seinare kom ho til Kopervik og Norge og gjekk som fraktebåt under naamnet Nortun fram til 1998, då ho vart kjøpt av Tom Ueland Brataas som ha henne i dag.

Nortun i dag

Nortun i dag

Et vi heldige ser vi Nortun i Florø, og som deltakar i regataen SJ Svanhild planlegg på søndagen kan det jo bli spennande å sjå ho mot jaktene.

Vi anbefaler ein tur innom heimsidene på www.nortun.net.