Vi har motteke ein mail frå ein kjenning av gamle M/S «Sognefjord». Ho er opptatt av gamle båtar og lokalhistorie og ønsker å informere om den gamle båten «sin» ; ho skriv mellom anna;
Frå båtdekk ein stad "på varmen"
….Det var andre eg tenkte på som kunne lika å få greie på at ho er i god behald, dei som kanskje la grunnlaget for at vi har henne enno.. mannskapet frå den gong ho heitte Sognefjord. Ho tjente trufast i 32 år nesten utan uhell, det må ha vore godt sjømannskap både frå båtførar og mannskap.! Ikkje nok med at ho no er restaurert, men det er gjort av ein som har både kunnskap om og hjarte for korleis ein best tek seg av veteranskip.!
…Det må vera veteranar frå den besetningen som ville lika å høyra at ho er i god behald……Om dei ikkje har halde seg oppdatert sjølv da, men gode nyhende toler da vel å bli repeterte..?
Det var som sagt eit svært godt arbeidsmiljø om bord, der alle gleda seg til å gå på jobb kvar dag. Trur det var svært leit for dei da skipet vart seld ut, dei kunne ikkje den gong vita om dei såg meir til ho.. eller korleis det gjekk. Meinar at nokre av mannskapet er her frå fylket, og nokre av offiserane?
I boka «101 Fjordabåtar» (M H Torvanger/ Selja Forlag)er det bla eit bilete teke under siste turen, då er namna med. Som skipsførar Knut Stavøstrand seier i boka er dette eit heilt spesielt skip, eit skip med stil og sjarm; kan ein leggja til- noko noverande eigar har teke godt vare på.
Trur som nemnd at salet av denne juvelen kan ha utløyst den gode trenden vi har no med å ta vare på veteranskip, det må ha vore ein vekkjar..! Hadde det vore vanleg å ta vare på veteranskip den gong ho vart seld av FSF, ville ho garantert vorte snappa opp rimeleg kjapt..!!
Skipet kom i trafikk i 1950, og har uansett jubileum neste år. Ein sprek jubilant, med andre ord!
Info finn de på skipet si heimeside: www.orientexplorer.com OG www.picasaweb.google.ca/sensiborneo/OrientExplorer Sjå og diskusjonsforumet www.captainsvoyager.com , der er det masse info og bilete. På www.sensiborneo.com er det info om skipet, innreiing og linkar til anna info. I e-post frå eit norsk reisebyrå som opererer i Malaysia, fekk eg opplyst at ein kan bestilla turar med skipet. Ho går mellom Malaysia og Sabah/ Borneo. Blant dei som har reist med henne siste åra, er folk som tidlegare har vore mannskap om bord. Inkludert nokre som var mannskap der før ho vart seld til Noreg om ombygd til passasjerskip..!
Det siste som har vore sagt om skipet i media her, er -stort sett- at ho vart seld i 1997.Historien vidare har det vore lite om, intil nyleg da det heldigvis har vorte meir merksemd.
Som de ser av dei mange bileta, er ho teken godt vare på av noverande eigar. Det er ein nederlender som eig ho, og skipet er registrert i Rotterdam. Men det velkjende FSF-flagget er godt synleg framme på bauen, og på bakdekket er bokstavane «Sognefjord» synlege over det noverande namnet «Orient Explorer». Sjølve skipet er restaurert slik ho må ha vore i glansdagane på 50- talet, du kjenner fort att det gamle interiøret – no i oppussa utgåve. Til og med maskinene om bord er dei same GM- gigantane som har vore sidan ho vart bygd i `43, so brua om bord er eit syn for auga..!!
Eg var om bord i Atløy sist båten var her i kommunen, og fekk teke bilete og kjøpt bøker om båten. Det er ein heilt anna stil over dei eldre fartya, det vert ikkje bygd slike no lengre.
Med helsing:
Eli K Hamre.
DS Stord
/by SanderVi har fått ein hyggeleg telefon frå «Stord-gjengen» i dag.
DS Stord på Byfjorden. Foto Harald Sætre
DS Stord ligg no ved Hardanger Fartøyvernsenter for vidare innreiing på shelterdekket i midtskipshuset. Det gjeld sjukelugar og to 4 mannslugarar på styrbord side. På hovuddekket skal skipssidene kledast i området bak til 1. plass salong. Les meir om arbeidet her.
Det ser ikkje ut til at det vert passasjerløyve i år, då det er mykje byråkrati rundt brannsløkkingsanlegget ombord. Sjølv om eit dampanlegg kanskje er det som fungerer best iflg skipskontrollen, vil direktoratet i Haugesund ikkje godkjenne eksisterande anlegg, truleg fordi det etterkvart er sjeldant å sjå. Det er derfor ein omstendeleg prosess å få avklaring på dette. Rømingsvegar er også eit tema, og ein er lite villige til å bygge ekstra hus på båtdekket for å huse oppblåsbare rømmingssklier.
Utan passasjersertifikat vert det vanskelig med økonomien, og ein er avhengig av støtte til bunkers for å kunen komme. Vi arbeider med ei løysing på dette, og reknar med at vi skal finne ei løysing slik at vi får sjå den staselege dama i Florø i august.
Kurs i sjømannsarbeid
/by SanderThor Jansen, frå Finnøy, som tidlegare mellom anna har halde kurs på Kysmuseet i Sogn og Fjordane i praktisk sjømannsarbeid vil besøke Fjordsteam 2010. Han vil halde eit 10 timars innføringskurs i praktisk tradisjonelt sjømannsarbeid og ha salgsbod under marknadsdagen på laurdagen.
Tradisjonelt sjomannsarbeid med tau inkluderer spleising, bendsling, garnbinding, spesialknuter, osv. Vanlige ting å lage er matter, nøkkelhankar, fendrar, apenevar, kasteliner, beskyttelsesmatter og mykje anna ein kan trenge ombord.
Thor Jansen har også bestilt ein reperbane frå Danmark, og om alt gå etter planen vil han ha denne med slik at han lkan vise korleis ein lagar tau på tradisjonelt vis. Tid, stad og kostnad for kurset vil komme seinare. Du kan besøke heimesida hans her.
Sommarrevy og allsang
/by SanderSkipparen på revyen!
Dei siste ti åra har Florarevyen gleda folk i Florø med revy og fullsette salar kvart år. Over 20.000 har sett revyen gjennom desse åra, og det er etterkvart ein profesjonell gjeng av amatørar under leiing av Per Øyvind Helle.
År om anna er det også arrangert sommar-revy basert på Florarevyen, stadig til like fulle hus. Her har mellom andre Bjørn Jensen og Vinskvetten vore på gjesting.
No er det klart at det vert revy i teltet på Torget også under Fjordsteam. Sjølv om den vert basert på ein lokal revy er avtalen at dei skal plukke materiell sllik at også tilreisande vil ha gle seg over revyen.
Revyen vert avslutta med allsang, og går det som det plar vil dette ta timar å avslutte.
Det vert mykje spontan og gal humor, og vi kan garantere heftige latterbrøl og ville tilstandar i teltet.
DS «Stavenes» i rute
/by SanderVeteranskipslaget Stavenes er i rute mot Fjordsteam 2010, og frå heimesidene deira har vi klipt følgande oppdatering over situasjonen pr utgangen av 2009;
«Frå utsida kan det vera vanskeleg å sjå framgongen om bord i ”Stavenes”, men inni båten skjer det saker og ting. Eit stort og komplisert arbeid har gått føre seg dei siste månadene med utskifting av stål på styrbord side, skifting av rennesteinar og strekkplater, nedriving og oppsetting av framskott, og skott i området ved byssa. Noko klinking gjenstår.
I dekkshuset akter, som sidan skal skiftast ut, er det sett inn vinduer og dør, plata og isolert.
I løpet av januar reknar vi her med å ha laga til ein triveleg opphaldssalong med eigen krok for matlaging. Framme under bakken, (på 2. plass) er det plata og isolert, og avdelt slik at her blir ein stor sovelugar på babord side og opphaldsrom på styrbord side. Frå 1. februar vil det vera gode forhold for dei som tenkjer seg til Dåfjorden for dugnadsinnsats.
Det er starta arbeid med ny dampskorstein i Dåfjorden. I Bergen blir det laga ny stor luftelyre,som skal stå ved skorsteinen etter mål frå den orginale som er tatt vare på. Det skal vera ein på kvar side av skorsteinen. Ornes Båtbyggeri i Luster vil få i oppdrag å byggja to nye livbåtar. Ny dampkjel for kolfyring er bestilt hos Parat Halvorsen i Flekkefjord. Hardanger Fartyvernsenter vil få i oppdrag å setja opp brufront og rekkje i teak.
Enno fleire og større endringar vil skje i løpet av 2010. Kursen er stø mot Florø 5.aug.2010.
NRK og Dag Lindebjerg
/by SanderLosskøyta Hardsjø
Dag Lindebjerg skal i løpet av sommaren lage ny TV serie der han skal reise frå Grense Jacobselv til Skjærhalden med 10 forskjellige fartøy.
Serien skal heite Norskekysten, og vil ha fokus på folk og liv langs kysten, mest med fokus på kystfolket. «Tilfedigvis» passerer dei Florø omlag på dei tider det skal arrangerast Fjordsteam, og det er svært sannsynleg at Lindebjerg og Co vil delta med eit filmteam.
Frå Måløy og sørover vil dei nytte den gamle losskøyta Hardsjø.
Meir om M/S «Sognefjord»
/by SanderVi har motteke ein mail frå ein kjenning av gamle M/S «Sognefjord». Ho er opptatt av gamle båtar og lokalhistorie og ønsker å informere om den gamle båten «sin» ; ho skriv mellom anna;
Frå båtdekk ein stad "på varmen"
….Det var andre eg tenkte på som kunne lika å få greie på at ho er i god behald, dei som kanskje la grunnlaget for at vi har henne enno.. mannskapet frå den gong ho heitte Sognefjord. Ho tjente trufast i 32 år nesten utan uhell, det må ha vore godt sjømannskap både frå båtførar og mannskap.! Ikkje nok med at ho no er restaurert, men det er gjort av ein som har både kunnskap om og hjarte for korleis ein best tek seg av veteranskip.!
…Det må vera veteranar frå den besetningen som ville lika å høyra at ho er i god behald……Om dei ikkje har halde seg oppdatert sjølv da, men gode nyhende toler da vel å bli repeterte..?
Det var som sagt eit svært godt arbeidsmiljø om bord, der alle gleda seg til å gå på jobb kvar dag. Trur det var svært leit for dei da skipet vart seld ut, dei kunne ikkje den gong vita om dei såg meir til ho.. eller korleis det gjekk. Meinar at nokre av mannskapet er her frå fylket, og nokre av offiserane?
I boka «101 Fjordabåtar» (M H Torvanger/ Selja Forlag)er det bla eit bilete teke under siste turen, då er namna med. Som skipsførar Knut Stavøstrand seier i boka er dette eit heilt spesielt skip, eit skip med stil og sjarm; kan ein leggja til- noko noverande eigar har teke godt vare på.
Trur som nemnd at salet av denne juvelen kan ha utløyst den gode trenden vi har no med å ta vare på veteranskip, det må ha vore ein vekkjar..! Hadde det vore vanleg å ta vare på veteranskip den gong ho vart seld av FSF, ville ho garantert vorte snappa opp rimeleg kjapt..!!
Skipet kom i trafikk i 1950, og har uansett jubileum neste år. Ein sprek jubilant, med andre ord!
Info finn de på skipet si heimeside: www.orientexplorer.com OG www.picasaweb.google.ca/sensiborneo/OrientExplorer Sjå og diskusjonsforumet www.captainsvoyager.com , der er det masse info og bilete. På www.sensiborneo.com er det info om skipet, innreiing og linkar til anna info. I e-post frå eit norsk reisebyrå som opererer i Malaysia, fekk eg opplyst at ein kan bestilla turar med skipet. Ho går mellom Malaysia og Sabah/ Borneo. Blant dei som har reist med henne siste åra, er folk som tidlegare har vore mannskap om bord. Inkludert nokre som var mannskap der før ho vart seld til Noreg om ombygd til passasjerskip..!
Det siste som har vore sagt om skipet i media her, er -stort sett- at ho vart seld i 1997.Historien vidare har det vore lite om, intil nyleg da det heldigvis har vorte meir merksemd.
Som de ser av dei mange bileta, er ho teken godt vare på av noverande eigar. Det er ein nederlender som eig ho, og skipet er registrert i Rotterdam. Men det velkjende FSF-flagget er godt synleg framme på bauen, og på bakdekket er bokstavane «Sognefjord» synlege over det noverande namnet «Orient Explorer». Sjølve skipet er restaurert slik ho må ha vore i glansdagane på 50- talet, du kjenner fort att det gamle interiøret – no i oppussa utgåve. Til og med maskinene om bord er dei same GM- gigantane som har vore sidan ho vart bygd i `43, so brua om bord er eit syn for auga..!!
Eg var om bord i Atløy sist båten var her i kommunen, og fekk teke bilete og kjøpt bøker om båten. Det er ein heilt anna stil over dei eldre fartya, det vert ikkje bygd slike no lengre.
Med helsing:
Eli K Hamre.
Samarbeid med bygdelag
/by SanderForeløpig har det vore kontakt med Høydalane og Kalvåg om program for turane på fredag frå Florø.
I Høydalane vil det bli stopp ved den gamle rutebåtkaia, og grendalaget ved Helge Terøy ønsker velkommen. Det vil verte omvisning på motormuseet, demonstrasjon av gamle båtmotorar og kanskje kjem ein lokal skald på besøk. Det vil også være naturlig å besøke helleristningsfeltet med snutebuss og få omvisning der.
I Kalvg vert det Maritim Festival med mange aktivitetar i hamnebassenget, musikk og god mat. Knutholmen vert det naturlige midtpunktet for desse aktivitetane.
Etter kvart håper vi at fleire bygdelag tek kontakt, og inviterer eit av dei flotte skipa til si bygd, så skal vi henta bygda til Florø og marknadsdag på laurdagen som takk. Dette er også eit godt høve for bygdelag til å presentere både seg sjølv og bygda si.
Vulcanus sikra
/by SanderDå melder Egil Sunde at slepebåten Vulcanus er «sikra». Han skriv;
«Nå har vi kjøpt ”Vulcanus”. Kommer noe i BT og BA i morgen om det. Den formelle overtakelsen skjer i neste uke. Vi må først få registreringen av laget godkjent i Brønnøysund slik at alle papirer blir ordnet skikkelig…. Det ser med andre ord lyst ut for Fjordsteam til sommeren.»
Vi gleder oss med dei, og er glade for at dei kjem til Florø. Vær med å støtt om arbeidet deira om du kan!
D/S Stavenes har også vore i kontakt med Sunde….det kan jo være greitt med ein slepebåt i nærleiken…sån for sikkerheits skuld.
Rutebil
/by SanderFredag under Fjordsteam ønsker vi å få i stand ein samferdslehistorisk dag.
Samferdsle er ikkje berre båtar, vi må ha med rutebilar og – bussar også. Helst skulle vi også hatt tog, men då vert kostnadane for store for oss!
Vi har derfor starta samtalane med Rutebil Historisk Forening – avdelig Sogn og Fjordane for ei stund sidan, og dei er positive til eit samarbeid utan at vi konkret veit kva det vil føre til enno. Som ein start vil stemnet bli presentert i neste nummer av medlemmsbladet Rutebil , og i påfølgande nummer vil det bli ein artikkel om bygginga av vegen Førde – Florø som ein oppfølgar.
S-1967, Rutebilane i Bremanger sin -54 modell Volvo snutebuss som er ferdig restaurert til våren
Avdeling Sogn og Fjordane har 15 ekvipasjar som medlemmer, så det kan bli ein svært god start på «noko». Er vi heldige kjem det bilar også frå Bergen, Storfjorden og Ålesundsområdet som også vil skape liv og røre. Frå før har vi ei forventning om ein delegasjon med gamle brannbilar. Heimesidene til RHF finn du her.
M/S «Sognefjord»
/by SanderUnder kategorien «farty som ikkje kjem» her på sidene er M/S «Sognefjord», no M/V «Orient Explorer» omtala. Båten gjekk for Fylkesbaatane frå 1950 til 1982 og var eit kjent syn for folk i fjordafylket og Hordaland. Fartøyet er etter eit omflakkande tilvære som marinefartøy i England, passasjerbåt på vestlandskysten, filmbåt på Svalbard, restaurantskip i Finland, cruisebåt i Honduras og no endeleg i Malaysia som dykkarfartøy.
M/V Orient Explorer i tørrdokk i Malaysia i 2009!
Båten ser ut til å være i framifrå stand, noko desse bilda frå dekk, lugarar, maskin og tørrdokk på eigen blogg om fartyet kan tyde på. Legg spesiellt merke til at båten framleis har det no mykje omdiskuterte FSF flagget i baugen!