Det vert i desse dagar arbeidd med å kjøpe Vulcanus ”tilbake” på vernehender. Sentralt i arbeider er Egil Sunde og Sandviksboder Kystkultursenter i Bergen. I morgon, tysdag, vert ein skjebnedag, – då skal søknad om støtte til kjøpet og rentefritt lån handsamast av kulturkomiteen i Hordaland. Bergen Kommune vil venteleg også gå inn med pengar.
MS Vulcanus slik vi hugsar henne, på full fart inn på Vågen. Foto; Helge Sunde
Slepebåtane MS Vulcanus og MS Titan hugsar mange sikkert frå sine faste plassar i Tollbodhopen i Bergen. Begge båtane tilhøyrde Bergenske Dampskipsselskap, BDS, og var bygd på Bolsønes i Molde i 1958 og 1959. Vulcanus, som er eldst, er framleis i svært god og original stand, og Egil Sunde meiner det ikkje er problem å gå med kvit dress i maskina! MS Titan er eigd av rederiet Mørland og Karlsen i Arendal, arbeider langs sørlandskysten, og heiter i dag MS Skilsø. Begge båtane var designa av siv.ing. Per Grieg, tidlegare leiar av Grieg Gruppa i Bergen.
Begge fartøya vart brukt på hamna i Bergen i mange år, MS «Vulcanus» i over 50 år. Ho vart også å brukt ved sjøsetting ved Stord Verft og ved dåverande Ankerløkken i Florø. Ho hadde fast base i Tollbodhopen i Bergen og ein del av det daglege hamnebildet, men hadde slepeoppdrag langs heile kysten
Om dei får finansiert kjøpet og kontrakten vil dei bruke båten i kulturell samanheng, men dei vil og sikre seg avtale om tilbakeleige av båten til dei noverande eigarane. Sidan båten også har historie frå Florø, og sidan vi kan trenge ein slepebåt under stemnet (?)( ville vi vore svært glade for å sjå henne her!
FSF – flagget
/by SanderDebatten kring Fjord1 sitt vedtak om å pensjonere FSF flagget for godt rasar både på nett og i lokalavisene.
Flagget er like gamalt som reiarlaget (frå 1858 Nordre Bergenhus Amts Damskibe, frå 1919 Fylksesbaatane i Sogn og Fjordane og no Fjord1 Fylkesbaatane) og er det eldste flagget brukt av eit reiarlag i Noreg. No er det altså på det næraste slutt!
Synet er sjølvsagt delt på om dette er god merkevarebygging eller ikkje, og vi vel ikkje å ta del i denne debatten. M/S «Atløy» frå 1931 vil sjølvsagt fortsette å bruke flagget, og to andre verneverdige farty vil bruke flagget i framtida: D/S «Stavenes» frå 1904 og M/S «Svanøy» frå 1925. Dei som framleis ønsker å sjå FSF-flagget i bruk på sjøen, bør derfor støtte opp om desse fartya. Aksjonen på facebook vil i alle høve la overskotet frå sal av T-skjoreter gå til fartøya.
M/S «Stangfjord»
/by SanderEin av dei lokale båtane som ganske sikkert ikkje kjem seg til Fjordsteam er M/S «Stangfjord». Båten er sidan 1995 eigd av Askvoll Kommune sør for Florø, og ligg no til full restaurering på Hardanger Fartøyvernsenter. Arbeidet, som er forventa å kosta omlag 5 mill er finansiert, er i full gang og forventa ferdig i 2011.
Båten vart bygd for Stongjorden Elektrokjemiske Fabrikker på Løvfallstrand i 1933, og teikna av ein av ingeniørane på verket. Den gjekk i passasjertransport for den veglause bygda fram til slutten av 50 talet, og seinare mellom anna som oppsynsbåt under sildefisket. I 1985 kjøpte Karl Vie den, slik at den kom tilbake til bygda. I 1995 måtte han selge, og Askvoll Kommune tok over med støtte frå Norsk Hydro.
På veg inn i Vikinghallen på HFS
Rapport frå arbeidet pr oktober finn du her status oktober og fotodokumentasjon frå 2004 her; fotodokumentasjon
Vulcanus Taubåtkompani
/by SanderStyrehuset slik det ser ut i dag, det vil sei stort sett slik det såg ut i 1959
Då ser det ut til at «det går vegen» for gjengen som for litt sidan tok initiativ til å redde MS Vulcanus og å halde ho i Bergen. Båten er formelt ikkje overtatt enno, men dei har kome så langt at Vulcanus Tubåtkomapni er skipa.
Dei har òg vore i kontakt med mange sponsorar og fått velsigning frå Riksantikvaren v/Erik Småland og stadfesting på at fartøyet er verneverdig.
Eigne heimesider er også klare, du finn dei på vulcanus.no. Fjordsteam ynskjer lukke til, og ser fram til å ønske dei velkommen til Florø og Fjordsteam!
Skjebnedøgn for MS «Vulcanus»
/by SanderDet vert i desse dagar arbeidd med å kjøpe Vulcanus ”tilbake” på vernehender. Sentralt i arbeider er Egil Sunde og Sandviksboder Kystkultursenter i Bergen. I morgon, tysdag, vert ein skjebnedag, – då skal søknad om støtte til kjøpet og rentefritt lån handsamast av kulturkomiteen i Hordaland. Bergen Kommune vil venteleg også gå inn med pengar.
MS Vulcanus slik vi hugsar henne, på full fart inn på Vågen. Foto; Helge Sunde
Slepebåtane MS Vulcanus og MS Titan hugsar mange sikkert frå sine faste plassar i Tollbodhopen i Bergen. Begge båtane tilhøyrde Bergenske Dampskipsselskap, BDS, og var bygd på Bolsønes i Molde i 1958 og 1959. Vulcanus, som er eldst, er framleis i svært god og original stand, og Egil Sunde meiner det ikkje er problem å gå med kvit dress i maskina! MS Titan er eigd av rederiet Mørland og Karlsen i Arendal, arbeider langs sørlandskysten, og heiter i dag MS Skilsø. Begge båtane var designa av siv.ing. Per Grieg, tidlegare leiar av Grieg Gruppa i Bergen.
Begge fartøya vart brukt på hamna i Bergen i mange år, MS «Vulcanus» i over 50 år. Ho vart også å brukt ved sjøsetting ved Stord Verft og ved dåverande Ankerløkken i Florø. Ho hadde fast base i Tollbodhopen i Bergen og ein del av det daglege hamnebildet, men hadde slepeoppdrag langs heile kysten
Om dei får finansiert kjøpet og kontrakten vil dei bruke båten i kulturell samanheng, men dei vil og sikre seg avtale om tilbakeleige av båten til dei noverande eigarane. Sidan båten også har historie frå Florø, og sidan vi kan trenge ein slepebåt under stemnet (?)( ville vi vore svært glade for å sjå henne her!
Loggeren «Nortun»
/by SanderEi fantastisk skute frå Stavanger, bygd på Nordseeverftet i Emden i 1905 for drivgarnsfiske etter sild, er no invitert etter tips frå Helge Terøy i Florø.
MS Nortun slik mange vil huske henne frå 50 år i fraktefart
Båten er i privat eige, og skal brukast som lystbåt (!) etter ei total restaurering. Etter fiskeria vart båten seld til Danmark i -34 og ombygd til fraktebåt. 20 år seinare kom ho til Kopervik og Norge og gjekk som fraktebåt under naamnet Nortun fram til 1998, då ho vart kjøpt av Tom Ueland Brataas som ha henne i dag.
Nortun i dag
Et vi heldige ser vi Nortun i Florø, og som deltakar i regataen SJ Svanhild planlegg på søndagen kan det jo bli spennande å sjå ho mot jaktene.
Vi anbefaler ein tur innom heimsidene på www.nortun.net.
D/S «Stavenes»
/by SanderDS Stavenes
Som det vil være kjent er DS Stavenes sitt mål å komme til Florø og Fjordsteam for eiga maskin (som dei bestemte skulle være kolfyrt i forrige veke). DS Stavenes er også ein av dei gamle båtane til FSF, og det var derfor naturlig at de kom inn som medarrangør av stemnet. Dette er vi svært glade for.
Delar av styret har lang erfaring frå arrangering av Nordsteam, mellom anna gjennom Veteranskipslaget Fjordabåten. Dette vil heilt sikkert komme til nytte under stemnet i Florø.
Det vil være naturlig at dei får ansvar for samseglinga frå Bergen via Skjerjehamn og turen til Sogn etter stemnet. Her kan dei som ynskjer det delta på ei sjeldan oppleving; å segle innover sognefjorden i følge med fleire vakre båtar.
Stor interresse
/by SanderDet var stor interesse for deltaking på Fjordsteam under årsmøtet til NFF i Selje og fleire farty melde seg på.
Det ser og ut til at at det kan verte fleire seglfarty enn d et vi hadde rekna med. Mange vil avslutte Tall Ships Races i Kristiansand helga før, og ta til Florø saman med S/J Svanhild.
M/S «Polarstar» til Fjordsteam?
/by SanderM/S Polarstar er ein spennande båt vi gjerne skulle sett i Florø. Så seint som i 2007 var denne båten på selfangst i vesterisen/Grønnland. I dag ligg ho på land i Tomrefjorden utan sertifikat, men om alt går etter planen er papira på plass til jul.
Første tur på fangst i 1949. Foto S. Bøe
Skuta er i dag eigd av eit partslag md Willy Nesset (Ullsteinvik/Hareid) i spissen. Etter planen skal partshavarane gi båten til ei stifting. Drifta vil basere seg på samarbeid med maritime skular og opplevelsescharter for grupper i sesongen.
Årsmøte i Norsk Forening for Fartøyvern
/by SanderNorsk Forening for Fartøyvern, der M/S Atløy sjølvsagt er medlem, held sitt årsmøte i vakre Selje helga 16 – 18 oktober. Vi vil være der, og fortelle meir om stemnet og planane for dei som vil høyre.
Ta gjerne kontakt, -du kan tilmed melde på fartøyet allereie. For oss er dette stor hjelp, då vi får ein peikepinn på kor mange fartøy som kjem, og slik kan planlegge enno betre.
Skjerjehamn ønsker velkommen
/by SanderDen gamle handelsstaden Skjerjehamn
Vertskapet på Skjerjehamn «vil selvfølgelig gjerne være med å arrangere en tilstellning» onsdagen når båtane er på veg til Florø.
Dei vil arrangere dans med trekkspill og fele, servere krabbe og ha rekebord på kaien.
Tidlegare brukte Atløy og M/S Granvin og samlast kvar haust på Skjerhamn for krabbefest. Sidan er Skjerjehamn pussa opp for mange millionar, og er i dag (som før) ein fantastisk stad å besøke.
Med denne samlinga gjenskaper vi kanskje litt av stemninga frå 30-50 talet, då båtane som gjekk på Sogn og Fjordane hadde dette som omlastingsstad. Her møttes båtane frå Bergen, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Faktisk var det største hamna i fylket til langt ut på 50 talet.
Torsdagen vert det då å ta seg til Florø, gjerne i fellesskap, kanskje via Ytre Steinsund?