Norsk Veteranskips Klubb

bc3b8rc3b8ysundNorges Veteranskips Klubb ønskjer ifølge leiar Mårten Ervik  ikkje at ein nyttar namnet Nordsteam. Dei ynskjer å halde eit mindre Nordsteam-stemne i Oslo-området i 2010, «back to basic» og primært skape ein møtestad for dampskip og dampskipsmannaskap.

I Florø vil vi ønske alle velkommen, men vi ha likevel stor respekt for det NVSK ønskjer å lage til. Vi er einige om å samordne datoar, slik at dei som ønsker det kan delta på begge stemne.

Norsk Veteranskipsklubb er eigar av DS Børøysund og DS Styrbjørn (les meir her ) og er som MS Atløy medlemm av Norsk Forening for Fartøyvern (meir her).

Nordsteam

Det har gått fort i svingane, og det vart i dag sendt søknad til Norsk Veterankips Klubb om å nytte namnet Nordsteam 2010 til stemnet. Dette er av forskjellige grunnar ikkje gjort før, noko vi i Atløys Venner beklager. Søknad er no sendt!

Møte med ordførar og Flora Hamn

Atløys Venner ved Sander Ødelien, Ordførar i Flora Bente Frøyen Steindal, Styreleiar Hallgeir Helland i Flora Hamn og Nordsteam 2005 ved Øyvin Konglevoll hadde i går møte på ordførar sitt kontor for å presetere planane for eit veteranbåtstemne uner jubileumsåre Florø  2010.

Alle var positive, mellom anna antyda Flora Hamn at dei kunne tilrettelegge og ta vurdere å ta kostnadane ved det praktiske knytt til hamn, straum og vatn.

Møte i Stavanger

Under ONS i Stavanger førre helga vart Atløys Venner oppfordra av Øyvin Konglevoll som tidlegare har arrangert Norsteam i Bergen og no er leiar i Veteranskiplaget Stavenes oppfordra til å arrangere veteranbåt-stemne i Florø i 2010.

For gjengen i Stavenes er det viktig å ha eit mål å arbeide mot, slik DS Oster hadde mot Nordsteam i Bergen i 2000. Maskin er no innkjøpt, og greier dei å halde trykket oppe vil dei komme for eiga maskin til eit stemne i Florø.

Vi lanserte samstundes ideen for ordføraren i Florø som også var på ONS. Ho var svært interresert i dette, og vi bestemte oss for å arbeide vidare med ideen.