Fjordsteam er støttet av:
Arrangør er Fjordsteam Bergen AS, som eies av Tide Veteranbusser og:
Lurer du på noe om Fjordsteam kan du kontakte oss:
Kontaktperson: Carl Harbitz-Rasmussen
Telefon: 913 85 830
E-post: post@fjordsteam.no
eller Øyvin Konglevoll på 951 13 223.
Postadresse: Fjordsteam Bergen AS, Postboks 587 Sentrum, 5806 BERGEN
Dampbåtar i Flensburg
/by SanderTil sommaren vert det dampbåstemne i Flensburg, der mellom anna Børøysund skal delta. Det er interesse for å arrangere ein fellestur for nautomane dit, kanskje med veteranbuss. Stemnet skal haldast 10-12 juli. Bilde frå stemne i 2007 kan du sjå her.
Er det av interesse kan du sende ei melding på kontakskjemaet her på sida eller ringe 900 51 867.
Invitasjonar sendt
/by SanderDå er dei første invitasjonane sendt ut. Allereie etter 3 dagar har vi fått mange positive tilbakemeldingar, så dette lovar veldig bra! I første «bølge» er det dei «svarte og kvite» som har fått invitasjon.
Over helga blir andre fartøytypar invitert. Sjå under Invterte fartøy for liste og oversikt.
Ny nettside
/by SanderVi har no fått nye nettsider levert av Webdesign og Foto. Det kjem snart meir innhald på sida.
Dato avklara
/by SanderEtter diskusjonar med Norsk Veteranskipsklubb er vi no einige om 4 – 8 august som datoar for stemnet i Florø. Dato for Nordsteam er enno ikkje sett, men det vert truleg halde i Oslo-fjord området i slik tid at dei som ønskjer det kan delta på begge stemna.
Vi takkkar ein positiv gjeng i NVSK for rask avklaring og godt samarbeid!
Fjordsteam vert namnet
/by SanderAtløys Venner ønskjer å skipe til veteranbåtstemne, sjølv om vi ikkje kan kalle det Nordsteam.
Etter styremøte i går er det derfor beslutta å kalle stemnet Fjordsteam! Logo og heimesider vert laga til, og invitasjonar sent ut like over jul.
Norsk Veteranskips Klubb
/by SanderNorges Veteranskips Klubb ønskjer ifølge leiar Mårten Ervik ikkje at ein nyttar namnet Nordsteam. Dei ynskjer å halde eit mindre Nordsteam-stemne i Oslo-området i 2010, «back to basic» og primært skape ein møtestad for dampskip og dampskipsmannaskap.
I Florø vil vi ønske alle velkommen, men vi ha likevel stor respekt for det NVSK ønskjer å lage til. Vi er einige om å samordne datoar, slik at dei som ønsker det kan delta på begge stemne.
Norsk Veteranskipsklubb er eigar av DS Børøysund og DS Styrbjørn (les meir her ) og er som MS Atløy medlemm av Norsk Forening for Fartøyvern (meir her).
Nordsteam
/by SanderDet har gått fort i svingane, og det vart i dag sendt søknad til Norsk Veterankips Klubb om å nytte namnet Nordsteam 2010 til stemnet. Dette er av forskjellige grunnar ikkje gjort før, noko vi i Atløys Venner beklager. Søknad er no sendt!
Møte med ordførar og Flora Hamn
/by SanderAtløys Venner ved Sander Ødelien, Ordførar i Flora Bente Frøyen Steindal, Styreleiar Hallgeir Helland i Flora Hamn og Nordsteam 2005 ved Øyvin Konglevoll hadde i går møte på ordførar sitt kontor for å presetere planane for eit veteranbåtstemne uner jubileumsåre Florø 2010.
Alle var positive, mellom anna antyda Flora Hamn at dei kunne tilrettelegge og ta vurdere å ta kostnadane ved det praktiske knytt til hamn, straum og vatn.
Møte i Stavanger
/by SanderUnder ONS i Stavanger førre helga vart Atløys Venner oppfordra av Øyvin Konglevoll som tidlegare har arrangert Norsteam i Bergen og no er leiar i Veteranskiplaget Stavenes oppfordra til å arrangere veteranbåt-stemne i Florø i 2010.
For gjengen i Stavenes er det viktig å ha eit mål å arbeide mot, slik DS Oster hadde mot Nordsteam i Bergen i 2000. Maskin er no innkjøpt, og greier dei å halde trykket oppe vil dei komme for eiga maskin til eit stemne i Florø.
Vi lanserte samstundes ideen for ordføraren i Florø som også var på ONS. Ho var svært interresert i dette, og vi bestemte oss for å arbeide vidare med ideen.