Sild og øl til folket!

Harald Årebrot, Ludvig Grytten, Ragnar Kristiansen, Rolf Grønnevik, Arthur Nord og Leif Kvalvik hadde i går ei dryg økt på Bataldebua på  Kystmuseet for å flekke 4000 sider sild. Silda har lege i rennande sjøvatn over natta, og skal no henge til tørking 4-5 veker før den frysast. Tørkasilda (nubbesild, kubbesild, lubbesild) er flekt med beinet igjen i eine av filletane, noko vi fekk påpakning på frå siste Fjordaferda. Første smakebit vert på Fjordsteam, men den vert og å få kjøpt under nettop Fjordaferda.

fiskevask1

Samstundes er Florø sitt eige brygger, Kinn Bryggeri, i gang å planlegge eit eige øl til Fjordsteam. Bryggerimeister Espen Lothe, tidlegare norgesmeister i ølbrygging, lovar eit øl som skal passe til sild og fjordabåtar.

Både silda og ølet vert sleppt under Fjordsteam, og vil bli seld eksklusivt på mannskappskroa og ein lokal pub. Nokre fartøy vil også få høve til å selge ølet, og er det av interesse for ditt fartøy kan de bestille ølet via Sander i arrangemntskomiteen på telefon 900 51 867.