Slitar frå Bergen

Slepebåtane MS Vulcanus og MS Titan hugsar mange sikkert frå sine faste plassar i Tollbodhopen i Bergen. Begge båtane tilhøyrde Bergenske Dampskipsselskap, BDS, og var bygd på Bolsønes i Molde i 1958 og 1959. Vulcanus, som er eldst, er framleis i svært god og original stand, og Egil Sunde meiner det ikkje er problem å gå med kvit dress i maskina! MS Titan er eigd av rederiet Mørland og Karlsen i Arendal, arbeider langs sørlandskysten, og heiter i dag MS Skilsø. Begge båtane var designa av siv.ing. Per Grieg, tidlegare leiar av Grieg Gruppa i Bergen.

Begge fartøya vart brukt på hamna i Bergen i mange år, MS «Vulcanus» i over 50 år. Ho vart også å brukt ved sjøsetting ved Stord Verft og ved dåverande Ankerløkken i Florø. Ho hadde fast base i Tollbodhopen i Bergen og ein del av det daglege hamnebildet, men hadde slepeoppdrag langs heile kysten

Båten vart overtatt av eit eige rederi i 2009 med vern som formål, og båten vert i Bergen. Verna i 2010.