SV «George Stephenson»
Ein spesiell kombinert diesel og dampbåt frå Nederland har meldt seg på. 26 meter lang klassisk yacht, sjøsett for eit par år sidan, og ingen typisk fjordabåt;
Eigaren, hollandske Servaas Strik, starta å samle kjelar og delar frå gamle dampbåtar på 50 tallet, når mange skifta frå damp til diesel. Strik lever av å leige ut steamkjelar (!) Av samlinga har han tatt det beste og bestemte seg for 10 år sidan for å få konstruert og bygd sin eigen båt, Steam Vessel «Georg Stephenson». Dekka har ein gong vore dansegolv på ein elevbåt frå elva Thames. Dørene kjem frå RMS «Windsor Castle» og SS «Norway» henta frå skrapstrendene i India. Propellaksling kjem frå det franske hangarskipet «George Clemenceau», ein gang bestillt av sjølvaste Charles de Gaulle…og seinare redda frå skraping i India av Greenpeace og president Chirac. Framdrift vert besørga frå ein «compound C» dampmotor frå ein «Clyde puffer» og ein 8 sylindra Gardner.
Ein spesiell båt!