T/B Lessing

Då har vi fått påmelding frå T/B Lessing;

Taubåt, bygd 1889 for Hamburg Hafen hos Möller&Holberg i Stettin. 25 b.reg. tonn, 40,3 fot. Opprinnelig 90 IHK (indikative hestar) cpompound dampmaskin, no ein 300 hk Wickmann, 4DCT anno 1965. Seld til Johan Troye i Bergen i 1899, til Bergen Buksering i 1908. Frå 1916 til 1983 i arbeid for Stolz Røthing. Kjøpt av R. Birkeland slipp på Avaldsnes, før noverande eigar Alf Johnsen Mekaniske Verkstad og Slipp tok over ansvaret i 2006. Båten har gjennomgått ei omfattande reparasjon og fornying, men har halde på den gamle stilen. Båten blir brukt som slepebåt, små oppdrag, men også som turbåt. Heimehøyrande på Brandasund