Vi skal lage 5 dagar med fokus på fjorden og kysten og båtane som brukte denne riksvegen til å utvikle landet og knytte by og bygd saman. I over hundre år var fjordabåtane det viktigaste framkomstmiddelet for folk i fjordafylket Sogn og Fjordane når dei skulle lenger enn næraste granne. Fjordabåtane, om dei no gjekk med damp eller olje, var sjølve pulsåra for svært mange av bygdene i fylket. Alle hadde naturleg nok sterke meiningar om både båtar og rutetider, og i ein kystby som Florø er minna mange og meiningane framleis sterke. Som ein av få kommunar langs kysten har vi enno ein rutestruktur med 4-5 ”fjordabåtar” som enno dagleg bringer folk til og frå arbeid og skule frå dei mange busette øyane i Floraskjergarden.
Vi skal lage 5 sosiale dagar, der vi skal spreie kultur, historie, opplevingar, glede og begeistring. Florø er ein liten og intim by, i ein enno levande skjergard som byr på mange overraskingar for både lokale og besøkande. Alle kaier , heile sentrum og heile distriktet skal takast i bruk! Det vert eit intimt treff, der det er kort veg mellom båtar og folk. Her blir det tett mellom kjentfolk frå andre båtar og dei gode historiene. Alle fartøytypar er velkommen, og vi skal få plass til alle. Byen og distriktet vil garantert få med seg stemnet!