Vi vil prøve å dele båtane «våre» med flest mogeleg før, under og etter Fjordsteam, og har derfor sett opp mange turar der publikum kan være med.

Onsdag 4/8 og torsdag 5/8

Frå Bergen kan publikum være med både onsdag 4/8 mellom Bergen og Skjerjehamn og torsdag 5/8 på turen nordover mot Florø. Alle stopp korresponderer med ekspressbåtane nordover og sørover, og det vert gjeve 30% rabatt på Fjord1 sine ruter i korrespondanse.  Rutetider og prisar finn du på denne linken.

Fredag 6/8

Utfluktsdag i samarbeid med Rutehistorisk Forening og grendalag/ressurspersonar. Publikum vert invitert med på omlag 5 timars turar i distriktet rundt Florø med veteranbåt og veteranbuss. Alle turane startar klokka 1200 frå Florø, og er tilbake omlag klokka 1700. Billettar får du kjøpt på Turistinformasjonen i Florø (5774 3000) eller på floraturistkontor@gmail.com.

Du kan velge mellom desse turane;

  • Bli med til Svanøy, Sunnfjords perle med veteranbåten Atløy. Her får du omvisning på Svanøy Hovudgård og Norsk Hjortesenter. Alle detaljar om turen finn du ved å trykke her.
  • Følg den gamle rutebåten M/S Granvin til Likkje Høydal. Her vert det underhaldning ved bygdeskalden Oddvar Karlsen, sal av mat og drikke, omvisning på motormuseet og besøk på helleristningsfeltet i Ausevika. Alle detaljar om turen finn du ved å trykke her.
  • Ta ei tidsreise med tonefølge til sagaøya Kinn med den kjende Kinnakyrkja med dampbåten D/S Oster. Båten er kanskje mest kjend frå sangen «Dar kjem dampen» med Ivar Medaas. Bli med på minikonsert og omvisning i kyrkja. Dei sprekaste kan ta ein tur i Kinnaklova. Alle detaljar her.
  • Kalvåg er det største fiskeværet på vestlandet, og under Fjordsteam kan du ta turen med det kolfyrte dampskipet D/S Børøysund som har kome den lange vegen frå Oslo. Her kan du delta i mange slags aktivitetar, ta ein lunsj på Knutholmen eller berre rusle rundt i den vakre bygda. Alle detaljar her.
  • Innover frå Florø finn ein den aktive bygda Eikefjord, og her kan du mellom anna besøke «Norsk Slipsmuseum» eller delta i konkurransar på stranda. Fjordbussen M/S Vestgar (eller veteranbuss etter vegen)frå Øygaren tar turen! Alle detaljar her.
  • På den grøne øya Askrova kan du bli med på marknadsdag eller delta på gratis kurs i flatbrød og lefsebaking. Den store gamle fiskebåten M/S Hindholmen tar deg dit, og alle detaljane finn du her.
  • Reningsskøytene tar turen vest i havet til øygruppa Batalden og Fanøya. Her tek mellom andre forfattaren Trond Strømgren i mot og held ei multimediaframsyning om dramatiske skipsforlis i distriktet. Det vert guida tur, og høve til å delta i konkurranse i den lokale nasajonale sporten blåsekasting. Alle detaljar her.

Laurdag 7/8

Vi prøver å gjenskape stemninga frå eldre tider med hekktisk aktivitet på hamna og eit yrande liv på torget. Båtane går ut om morgonen for å returnere samla til Florø omlag klokka 1100.  Klokka 1500 returnerer båtane på «sine» ruter. Samla ruteoversikt finn du på denne lenka ; Rutetabell

  • Flokenes / Svanøy / Askrova.                   M/S Atløy går opp att si siste rute. Tidene finn du her.
  • Likkje Høydal / Stavang.                          M/S Granvin går ruta, med slike tider.
  • Rognaldsvåg / Skorpa                             D/S Thorolf og M/S Glesnes går ruta, med slike tider.
  • Kalvåg / Villevika                                     D/S Børøysund går ruta, med slike tider.
  • Batalden / Barekstad                               R/S Olav Ringdal og andre går ruta, med slike tider.

Søndag 8/8 og utover

Etter Fjordsteam i Florø vert det samsegling inn Sognefjorden for dei fartøya som ønsker det. Foreløpig er desse fartøya meldt på denne delen av arrangementet;  M/S “Atløy”, M/S “Granvin”, D/S “Oster”, D/S “Børøysund” og kanskje D/S “Stord 1”  Ønsker du å være med må dette avklarast med kvar enkelt båt, men Øyvin Konglevoll på telefon 951 13 223 koordinerer. Les meir her.

Tirsdag 10/8

Påstigande passasjerar med til Flåm.  Frå Balestrand kl. 10.00 – anløp Leikanger kl. 11.00 – 12.00 ( to fartøy), anløp Fresvik kl. 12.00 – 13.00. Til Flåm 15.15. Passasjerer i land. Retur til Balestrand / Leikanger med expressbåt kl. 15.30.

Onsdag 11/8

“Norway in a Nutshell” – tog frå Bergen kl.08.40 – ankomst Flåm kl.11.50.
Avgang  frå Flåm kl. 12.15, anløp Aurland kl. 12.45. Korrespondanse Midtfjords kl. 13.00 med ekspressbåten frå Bergen. Anløp Undredal kl. 13.00 – 13.30. Anløp Dyrdal 14.00 -14.30. Anløp Gudvangen 15.30. Buss kl. 15.40 frå Gudvangen til Voss / tog til Bergen.  Kl. 16.00 Buss tilbake til Flåm.

Torsdag 12/8

Norway in a nutshell” -tog fra Bergen kl.08.40, buss fra Voss – ankomst 11.10.
Avreise frå Gudvangen kl.11.30 – korrespondanse med expressbåt Midtfjords kl. 13.00.
Ankomst Flåm 13.25. Avgang Flåmsbanen kl. 13.40.
Anløp Vik 16.00 – 16.30. Mogeleg å følgje veteranbåtane til Vik / overgang til ekspressbåt til Bergen kl. 17.10