Følgende 48 fartøy er påmeldt pr i dag, 31/7/5, og du finn fartøya presentert i nyhetsarkivet

M/K Arnefjord
R/S Aril
M/S Atløy
S/J Brødrene af Sand
D/S Børøysund
M/Y Faun
M/F Folgefonn
S/V George Stephenson
M/S Granvin
M/S Haugefisk
T/B Hebe
M/S Hindholmen
KNM Hitra
M/S Kristina
T/B Lessing
M/B Markol V
S/J Mathilde
M/S Midthordland
M/K Møst
M/S Nordstjernen
B/S Nøkk
M/S Oscar II
D/S Oster
D/S Parat
M/S Poseidon II
M/B Quest
M/B Rapp
M/S Rima I
M/S Riskafjord
M/S Rogaland
M/S Rover
M/S Sandnes
M/S Selma
M/K Sjøgutt
M/F Skånevik
H/B Southern Actor
M/S Sporen
D/S Stavenes
D/D Stord 1
L/S Tananger
M/K Tysso
R/S Lille Torungen
M/S Vestgar
T/B Vulcanus

Presentasjon av påmelde fartøy;

 

M/K Arnefjord

M/B «Arnefjord» er en Hardangerkutter bygget i Jondal i 1917 som agentbåt eller handelsreisendebåt. Den gikk også med post og har sitt eget poststempel. Tidligere har fartøyet vært benyttes som skyssbåt, syketransport, fiskebåt og fraktebåt. Fartøyet gikk opprinnelig i Arnafjord (Vik i Sogn). Fartøyet var på Shetland under 2. verdenskrig og gikk i tjenste på Shetland under tilnavnet «The Brigadeer’s Yacht». Etter hvert havnet fartøyet på Askøy hvor nåværende eier Morten Neset overtok den i 1990. Styrehuset ble fornyet i 1947 og ble vesentlig forstørret i forhold til det opprinnelige. Kopi av dette styrehuset ble bygget i 2006 og reparert i forhold til 1947-modell. Fartøyet har en ensylindret semidiesel med oppfyring (20 Hk) som er den samme som fartøyet ble levert med som ny i 1917 og truleg den eldste Wichmann i båt  i landet i dag. Maskina vart oppatspøta av Wârtsilla i 2005-06, og er i topp stand.

 

R/S Aril

RS 93 «Aril» gikk i tjeneste som redningsfartøy for Redningsselskapet fra 1975 til 1997. RS 93 «Aril» har en stolt fortid som redningsfartøy og blir ofte gjenkjent som redningsskøyte på sine turer langs kysten. Under tjeneste hos Redningsselskapet var fartøyet stasjonert på ulike steder fra Svolvær til Oslo, og RS «93» reddet 12 personer i denne perioden. Fartøyet reddet også en person i forbindelse med forliset til Rocknes i 2004. Fartøyet fikk Riksantikvarens status som verneverdig skip i 2002, og er Norges yngste fartøy med vernestatus. Torbjørn Børslid eier fartøyet i dag. Nåværende bruk av RS 93 «Aril» er privat drift og til ulike øvelser

 

M/S Atløy

 

MS Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Båten gjorde i fleire tiår teneste i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane. I førstninga av 1980-åra gjekk eldsjeler saman og skipa eit andelslag som kjøpte ”Atløy” attende frå private eigarar og restaurerte båten til fylket sin einaste veteran-rutebåt.

Båten, som var eit kombinert laste og passasjerfartøy av jern, var på 105 b.reg. tonn. Det var ein særs fin båt, med sertifikat for 120 passasjerar, og hadde byggemål 87,1 fot og breidde 17,9 fot. Båten hadde elektrisk lysanlegg frå ein Penta hjelpemotor på 5 hk, og koksfyrt sentralvarmeanlegg med vassirkulasjon.

 

1963 vart ”Atløy” opprusta og modernisert. Båten fekk utvida styrehuset ut på bruvengane, han fekk attkledde gangar med plastruter akter, og han fekk ny skorstein. Då vart også den gamle tosylindra Bolinder maskina bytt ut med ein ny firesylindra Wichmann som ytte 240 hestar.

Dei siste åra sine i FSF si teneste gjekk ”Atløy” i mjølkerute mellom Florø og Førdefjorden, med ein tur til Førde i veka. Dei mange krav om meir effektivitet, fart og komfort gjorde etterkvart båten gammaldags, og i 1974 selde FSF han til private eigarar på Sunnmøre. Dei gav han namnet ”LATØY”, og brukte han som feriebåt. Seinare gjekk ”Latøy” ei tid som skyssbåt for arbeidsfolk i samband med plattformbygging ved Åndalsnes, med sertifikat for 180 personar. På resten låg han i opplag på Hareid i 3-4 år.

 

Atløy er no eigd av Veteranbåtlaget Atløy og driven av Atløys Venner i Florø med omlag 15.000 timar dugnad i året.

 

S/J Brødrene af Sand

Brødrene af Sand» er ei Ryfylke-jekt som er bygt på Dokkskar i Yrkjesfjorden 1866 og som seinare gikk på fart frå Østhusvik og Sand. Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997, fekk ho restaurert ved Hardanger fartøyvernsenter, og har frå 1999 brukt ho på ulike tokt i Boknafjord-bassenget. Dette er ei av dei aller siste Ryfylke-jektene som framleis flyt.

Nemninga ”jekt” er ei lokal nemning på denne fartøytypen. I litterær og nasjonal språkbruk vil fartøyet bli kalt ei ”jakt”. Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl, storsegl, breifokk og toppsegl. Rommet er innreia med køyer og bysse.

 

D/S Børøysund

 

D/S “Børøysund” vart bygd som byggenummer 133 ved Trondhjems Mek. Værksted i 1908 for Trondhjems Lægtercompagni. I rute til 1955, seinare opplæringsskip. Landets foreløpig siste kolfyrte dampskip, men dette kan endre seg under Fjordsteam!!! Eigar Norsk Veteranskipsklubb i Oslo

 

M/Y Faun

Faun blei bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Verksemda var etablert og driven av ingeniøren August Moldestad som hadde utdanning frå England og på denne tid leverte ei rekkje store lystbåtar til bergensborgarane. Faun blei kontrahert av Einar Michelsen, sonen til Noregs første statsminister Chr. Michelsen. Då Einar døydde i 1921 overtok faren som hadde båten i alle fall til 1924. Den som etterkvart overtok var ein ny bergensreiar, Jacob Kjøde. Han selte i 1946 båten til ein tredje bergensreiar, Eilert Lund, som m.a. skifta maskin og bygde styrehus over den opne styrecockpiten. I 1955 selde han båten til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) som brukte Faun som skyssbåt i samband med kraftutbygginga i Matrefjella.

BKK selde i 1976 Faun til utflytta masfjordingar som tok båten med seg til Oslo der den i fleire år var i bruk som lystbåt. I 1982 overtok Trond Eide med siktemål om å tilbakeføra Faun til opphavleg utsjånad. Eide innsåg etter kvart at prosjektet blei i største laget for ein privatperson og via Riksantikvaren fekk Hardanger Fartøyvernsenter tilbod om å overta. Senteret tok imot tilbodet og fekk i 1992 båten frakta til Hardanger. Først i 2001 kom arbeidet i gang med ferdigstilling til100 år markeringa for frigjeringa frå Sverige i 2005.  Faun er tilbakeført til 1916-versjonen og ligg no i utstilling ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund i tillegg til at den blir brukt som charterbåt for turar i Hardanger og Bergen med inntil 12 passasjerar.

 

M/F Folgefonn

 

M/F ”Folgefonn” var den fyrste spesialbygde bilferja til Hardanger Sunnhordlandske Damskipsselskap (HSD) og gjekk inn i rute frå Ålvik til Kinsarvik 2. juni 1938. Med plass til heile 20 bilar var ho den største ferja i landet.

Fram til juni 1953 gjekk ”Folgefonn” i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik. Då gjekk ho over i sambandet Ulvik-Brimnes og seinare i ruter i Sunnhordland fram til 1979. Ho vart seld til England og vart etter kvart klubbhus for Erith Yacht Club i London.

Etter grundige vurderingar av verneverdien vart «Folgefonn» ført attende til Noreg og overteke av Hardanger og Voss museum. Riksantikvaren freda ferja i mai 2011. Ho skal restaurerast og brukast til å dokumentera og formidla ferjehistorie.

”Folgefonn” er på 197 brutto register tonn, er 119,7 fot (36,5 meter) lang og 26,6 fot (8,11 meter) breid. Ferja er open for publikum på Hardanger Fartøyvernsenter. På bildekket er det ei utstilling om HSD si historie og visning av den historiske filmen «Da sjøen var vegen».

 

S/V George  Stephenson

Ein spesiell kombinert diesel og dampbåt frå Nederland. 26 meter lang klassisk yacht, sjøsett for eit par år sidan, og ingen typisk fjordabåt;

Eigaren, hollandske Servaas Strik, starta å samle kjelar og delar frå gamle dampbåtar på 50 tallet, når mange skifta frå damp til diesel. Strik lever av å leige ut steamkjelar (!) Av samlinga har han tatt det beste og bestemte seg for 10 år sidan for å få konstruert og bygd sin eigen båt, Steam Vessel «Georg Stephenson». Dekka har ein gong vore dansegolv på ein elevbåt frå elva Thames. Dørene kjem frå RMS «Windsor Castle» og SS «Norway» henta frå skrapstrendene i India. Propellaksling kjem frå det franske hangarskipet  «George Clemenceau», ein gang bestillt av sjølvaste Charles de Gaulle…og seinare redda frå skraping i India av Greenpeace og president Chirac. Framdrift vert besørga frå ein «compound C» dampmotor frå ein «Clyde puffer» og ein 8 sylindra Gardner.

 

M/S Granvin

M/S Granvin gjekk i rutefart for Hardanger Sunnhordlandske Dampiskipsselskap frå 1931 og fram til 1987.Ruteområdet var i hovudsak indre Hardanger, men båten vart og nytta i andre rutedistrikt. I 1988 vart båten overteken av Veteranskipslaget Fjordabåten.

Historia til M/S Granvin M/S Granvin vart bygd ved A/S Mjellem & Karlsen i Bergen for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1931. Tonnasjen var på 115 BRT og skroget målte 27,4 x 5,6 x 2,9 m. Maskinen var ein to-sylinder enkeltverkande semidiesel på 150 HK frå Bolinder Motorfabrikk i Stockholm. M/S Granvin var sertifisert for 150 passasjerar.

I tillegg til å trafikkera lokalrutene i indre Hardanger, var båten og tiltenkt å gå i turistrute om sommaren. M/S Granvin var og bilførande og kunne ta med 3 bilar. Innreiinga var etter gamalt mønster med 1. plass på dekk akter og 2. plass under dekk framme. Framfor overbygget var det eit romsleg lastedekk, med lause rekkjer på kvar side, slik at bilar kunne køyrast om bord og i land på sliskar. Under dekk var lasterommet. Frå 1931 til 1935 gjekk M/S Granvin i turistrute i Indre Hardanger om sommaren. Om vinteren gjekk båten i ulike lokalruter, men i hovudsak var det i Sørfjordrutene mellom Odda og Granvin båten kom til å gjera teneste.

M/S Granvin gjekk trufast for HSD i lokalruter fram til 1968. Då vart lokalrutene i indre Hardanger lagde om. Partrederiet Olav Linga kjøpte M/S Granvin. I samband med salet og omlegginga av rutene, vart M/S Granvin noko ombygd. Lasterommet vart lengd framover, og den gamle 2. plass salongen vart fjerna saman med dekkshuset. Masta vart flytta lenger fram, samstundes som det vart montert ein lengre bom og større lukekarm. Bolinder-motoren vart bytt ut med ein ny 3-sylindra Wichmann-motor på 300 BHK. I 1970 fekk M/S Granvin ny skorstein som skulle dempa noko av motorlarmen, utan at dette var til noko særleg nytte. M/S Granvin gjekk i lokalrute i indre Hardanger fram til våren 1987. Vegutløysing til bygdene på Oksenhalvøya gjorde båten overflødig og ruta vart lagt ned. I 1988 kjøpte Veteranskipslaget Fjordabåten M/S Granvin med tanke på å bevara båten. Salongen vart bygd opp att. Med tanke på at båten no i hovudsak skulle nyttast som passasjerbåt, vart salongen gjort noko større enn den opphavelege. Båten fekk og tilbake ein høg tynn skorstein etter modell av den gamle. I 1995 fekk M/S Granvin status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren.

 

 

M/S Haugefisk

 

Haugefisk er bygd i 1978 på H & E Nordtvedt skipsbyggeri på Fusa i Hordaland. MS Haugefisk er ein førstegenerasjons shelterdekka autolinebåt, og vart brukt til banklinefiske i Nordsjøen, Nordatlanteren og Barentshavet, og er et av de første fartøyene som ble bygd for denne nye typen teknologi. Eigar er Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø sidan 2005.

 

Ingen autolinebåtar er tidligare forsøkt bevart, og havfiskeflåten generelt er svært dårleg representert i vernesamanheng. Riksantikvaren ser difor sers positivt på Kystmuseet sitt initiativ for bevaring av Haugefisk.

 

Restaureringa av MS Haugefisk er støtta økonomisk av Fiskeri- og kystdepartementet, Riksantikvaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rekkje private sponsorar

 

 

KNM Hitra

KNM «Hitra», (tidligere USN SC-718) er en av tre ubåtjagere som den norske marinen fikk av USA i 1943. Det ble totalt bygget 878 slike ubåtjagere, og flere allierte land gjorde bruk av båttypen. I den norske marinen ble de benyttet av shetlandsgjengen fra høsten 1943. Skipssjef på KNM «Hitra» var Ingvald Eidsheim. Etter krigen ble KNM «Hitra» satt inn i tjeneste som kystvakt og kystoppsyn frem til 1953 da hun ble lagt i opplag. I 1959 ble skipet solgt, men ble i 1981 gjenoppdaget halvt nedsunket i Sverige. En pengeinnsamling for å berge henne ble startet, og i 1983 ble skipet hevet og slept til Omas Båtbyggeri på Stord, Norge.

På dagen 42 år etter den tyske kapitulasjonen i 1945 (8. mai 1987) ble det nyrestaurerte skipet overlevert Generalinspektøren for Sjøforsvaret. Hun var igjen et marinefartøy med prefikset KNM (Kongelig Norsk Marine), men oppgavene var nå av fredelig karakter – som seilende museumsskip. I 1999 totalhavarerte skipets to hovedmotorer, og KNM «Hitra» sto i fare for å bli satt på land. Sjøforsvaret hadde ikke midler til reparasjonen, og en innsamling fra private og bedrifter startet.

Motorfabrikanten Motoren- und Turbinen Union i Friedrichshafen, Tyskland ble hovedsponsor og forærte to nye motorer. Pengegaver fra andre givere var tilstrekkelig til å dekke innkjøp av gir og montering og tilpassing av de nye hovedmotorene. Skipet var dermed sikret en videre karriere som seilende museum. KNM «Hitra» er det siste fartøy av sitt slag som finnes i (nesten) opprinnelig stand, og det eneste norske marinefartøyet fra andre verdenskrig som fremdeles er i drift. Endel slike båter ble bygget om til lystbåter etter krigen. KNM «Hitra» eies i dag av Marinemuseet i Horten, men er stasjonert på Haakonsvern i Bergen. Skipet er i dag museum og seiler langs kysten av Norge i sommermånedene. Hun har også tre ganger besøkt sin tidligere base i Scalloway på Shetland.

T/B Hebe

Svensk taubåt på omlag 50 fot bygd ?, eigd av Reidar Matre i Ølen

 

 

M/S Hindholmen

M/S «Hindholmen» vart bygd ved Kristiansand Mek. Verksted i 1916 for Roald Havfiskeselskap i Ålesund, som brukte den i fiske på Eggakanten. I 1918 vart fartøyet seld til Ålesund Fiskeriselskap, som igjen selde den til Jacob P. Svinø i 1923. Den vart i denne familiens eige frem til 1941, da ho vart kjøpt av A/S Kvitøy på Vartdal. I mai 1941 vart fartøyet rekvirert av tyskarane, som armerte fartøyet.

«Hindholmen» vart brukt i ei rekke forskjellige fiskeri opp gjennom åra: Sildefiske på Vestlandet og ved Island, kveitefiske på Vest-Grønland og i Danskestredet og linefiske på Finnmarkskysten. I 1961 dreiv den fiske på vestkysten av Afrika og frå 1964 laksefiske på vestkysten av Grønland. Deretter vart det fiska sei ved Færøyane og Shetland og pigghå nord og vest for dei britiske øyer. Fartøyet gjekk i opplag i 1978. Som ny fekk «Hindholmen» installert dampmaskin. Denne vart bytta ut med ein 240 Hk Wichmann i 1954. Samtidig vart fartøyet bygd om ved Hjørungavåg Smie- og Sveiseverkstad, blant anna fekk båten nytt styrehus. I 1973 gjennomgikk fartøyet ei ny ombygning.

 

I 1979 vart arbeidet med å ta vare på «Hindholmen» satt i gang og Hindholmens Venner vart danna i 1980. I 1995 vart Stiftelsen M/S Hindholmen danna. I 1996 kom «Hindholmen» til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter. Deretter gjekk «Hindholmen» til Hardanger Fartøyvernsenter for vidare restaurering, og hausten 2004 kom fartøyet tilbake til Sunnmøre.

 

M/S Kristina

 

Listerskøyten «Kristina» ble bygd på Lista i 1917 som klinket motorskøyte (med einernagler) for en fisker på Sørlandet. Denne maktet ikke å betale fartøyet, og det ble overtatt av Andreas Haga Sandve og Lars Berdinus Vikra i Sandve for 12 000 kr. Fartøyet blei i 1929 overtatt av Ole Henrik Sandve (Sandhåland?), og igjen av hans sønn Lars i 1975. Skøyta ble hovedsaklig brukt i kystfiske, i sildefiske fram til 1932 og deretter i snurrevadfiske. «Kristina» fikk som ny installert en 16 HK Skudemotor dra Skudeneshavn. I 1939 ble det satt inn en 24 HK Rapp, som fortsatt står i fartøyet. I 1935 ble det bygd nytt styrehus.

«Kristina» ble kjøpt av Karmøy Fiskerimuseum i 1985 med støtte fra Riksantikvaren, og er uendret mht. konstruksjon og utstyr siden hun var ny. Flere omfattende restaureringsarbeid har vært igangsatt siden 1993. Skøyta bevares i dag av Karmøy Fiskerimuseum som kulturminne.

 

T/B Lessing

Taubåt, bygd 1889 for Hamburg Hafen hos Möller&Holberg i Stettin. 25 b.reg. tonn, 40,3 fot. Opprinnelig 90 IHK (indikative hestar) cpompound dampmaskin, no ein 300 hk Wickmann, 4DCT anno 1965. Seld til Johan Troye i Bergen i 1899, til Bergen Buksering i 1908. Frå 1916 til 1983 i arbeid for Stolz Røthing. Kjøpt av R. Birkeland slipp på Avaldsnes, før noverande eigar Alf Johnsen Mekaniske Verkstad og Slipp tok over ansvaret i 2006. Båten har gjennomgått ei omfattande reparasjon og fornying, men har halde på den gamle stilen. Båten blir brukt som slepebåt, små oppdrag, men også som turbåt. Heimehøyrande på Brandasund.

 

 

 

M/B Markol V

 

Markol V er ein føringsbåt bygd i 1956, og er eigd av Stiftelsen Norges Fiskeri- og handelsmuseum og Sandviskboder KystkultursenterBåten ble bygget for A/S Johan C. Marten & co. i Bergen av Edv. Løfall på Løfallstrand i Kvinnherad kommune. Lengde: 14,48 m. Br. 4,47 m. Dyptgående: 1,98 m. Br.tonnasje: 24,98. Maskin: GM-Detroit to-takt diesel type 6V 92, tolig fra 1992. 230 hk v/1800 rpm. Originalmaskin: Union 2D 60-100 hk semidiesel. Båten er den siste i sitt slag av en stor flåte slike arbeidsbåter fra Bergen havn, og er søkt vernet av Riksantikvaren.

 

S/J Mathilde

Jakt ”Mathilde” blei bygd av Ole H. Nerhus på Ølve i Kvinnherad og sjøsett i 1884. Det nye fartøyet, eigd av Nerhus-familien, blei sett inn i den såkalla ”nordlandsfarten” der ferdakarar kjøpte opp skrei i Lofoten og på Finnmarka. Fisken blei salta, tørka og sidan selt i Bergen og Kristiansund. I 1889 kjøpte eit partslag i Jondal jakta og dreiv henne vidare i same farten. I 1918 blei Mathilde selt nordover til Svolvær og herifrå vidare til Anders Jensen på Lunderøy på Helgeland. Jakta hadde sidan fleire ulike eigarar i Nordland før ho i 1938 blei selt til Erik Rolfsen i Kristiansund som m.a. nytta henne som lossement. Det skal vera medan han var eigar at fartøyet vart rigga ned og fekk installert maskin (50 hestar Wickmann). Etter å ha høyrt heime i Ålesund ein kort periode blei Mathilde i 1950 selt til Mosterhamn i Hordaland der ho fekk namnet Kari Louise. I 1968 blei Kari Louise selt nordover att. Leif Andorsen i Svolvær, som no overtok, bygde nytt styrehus og installerte ei GM-maskin på 240 hestar. I 1977 blei fartøyet selt igjen, denne gangen til Per Angell frå Herøy på Helgeland. Etter at han avslutta i 1982 blei Kari Louise lagt ut for tvangssal og i 1984 kjøpt av den nystarta stiftinga Hardangerjakt i Norheimsund (seinare Hardanger Fartøyvernsenter).

I åra 1984-89 blei Mathilde sett i stand og tilbakeført som seglfartøy. Sidan 1990 har ho gått i eit fast driftsopplegg som omfattar museumstokt, leirskule og medseglartokt. Mathilde kan ta inntil 50 personar på dagsturar og inntil 30 på overnattingsturar. For info søk www.fartoyvern.no

 

 

M/S Midthordland

M/S «Midthordland» ble bygd som byggenummer 2 ved Stord Stålskipsbyggeri i 1947 for Det Midthordlandske Dampskibsselskab (fra 1961 sammenslått med Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab). Fartøyet ble satt inn i lokalrutetrafikken mellom Bergen og bygdene sør for Bergen. I 1970 ble fartøyet solgt til Sverige og senere til England. På slutten av 1980-tallet ble fartøyet kjøpt til Oslo og brukt i chartertrafikken i Oslofjorden.

 

«Midthordland» fikk i 1947 installert en 390 Hk Wichmann. Ny motor, en Cat. 3412 på 520 Hk ble installert i 1999. I 1994 ble fartøyet hjemkjøpt til Bergen av interessenter som ønsket å ta vare på fartøyet som en representant for etterkrigsgenerasjonens rutebåter av sjøbusstypen. Eier er Det Midthordlandske Dampskibsselskab A/S, reetablert i 1995.

 

 

M/K Møst

M/K Møst, ein 50 fots kutter frå 1943 heimehøyrande i Mosterhamn er no påmeld. Bygget i 1943 ved Bremsnes båtbyggeri, sjøsatt i 1945 med ny Union 30Hk ombord. Forlenget til 50 fot i 1950 ved Flatsetsund båtverksted. Gikk som Lokal rutebåt fra Møstavåg til Kristiandsund i mange år. Ble også brukt som agentbåt for handelsreisende i mangen år mellom Kristiandsund og Bodø. Var i tillegg reservebåt for MRF i en periode på 60 tallet. Ny Scania Vabis 200hk montert i 1969.

Har hatt en omflakkende tilværelse på 70-90 tallet. Har vært eiet i Sogn-Moss, Horten, Karmøy og Oslo før nåværeende eier hentet den i sørgelig forfatning på Bygdøy utenfor Oslo. Den hører nå til i Mosterhamn og er under restaurering om vinteren, og turbåt om sommeren.

 

M/S Nordstjernen

Då er det stadfesta at også den gamle hurtigruta MS «Nordstjernen» frå 1956 kjem til Fjordsteam. I dag er det Indre Nordhordland Dampbåtlag som driv båten. Ho vert venteleg å finne på Bradbenken, i hopen ved BDS og i BDS sine fargar, der ho vil ligge som hotellskip med plass til 140.

Les her kva Riksantikvarenn skriv om M/S Nordsjernen og turen heim

 

B/S Nøkk

 

1938 avga Stavanger formannskap innstilling til bystyret om å bevilge penger til ny brannsprøyte. Båten fikk navnet Nøkk, og ble levert som byggenummer 148 fra Rosenberg Mekaniske Verksted 11. september 1939, og ble satt inn i full tjeneste 20. desember samme år. Fra denne dag av er det skrevet journal hver eneste dag helt fram til dags dato både for dekk og maskin.

De fem krigsårene i 2. verdenskrig var en meget aktiv periode for Nøkk. Ut fra journalen kan man lese at det omtrent ikke fantes en dag uten oppdrag. Det kunne være assistanse ved brann, lensing eller tauing. Det kommunale vannettet var heller dårlig på den tid, så det kom godt med at Nøkk ble bygd med så stor vannkapasitet som 14.000 liter i minuttet. Etter krigen har Nøkk vært med på å slukke en rekke store branner i byen.

Fra 1983 ble båten innlemmet i oljevernberedskapen på havnen. Den hadde installert en del utstyr om bord med for eksempel oljelenser etc. Nøkk hadde et mannskap på tre mann, en fører, en maskinist og en dekksmann. 31. april 2004 gikk Nøkk ut av tjeneste etter 65 års drift. Stiftelsen Engøyholmen Kystkultursenter overtok den gamle brannbåten.

M/S Oscar II


DS Oscar II ble levert fra Stavanger Støberi & Dok i 1885. Fartøyet ble rigget som skonnert, ble bygd i jern og fikk bygg nr. 11. Det ble kontrahert av Sandnæs/Stavanger Dampskipsselskap, Sandnes. Oscar II ble satt inn i Høgsfjord-sambandet hvor den gikk frem til 1924. Selskapet ble oppløst samme år og båten ble kjøpt av seks personer fra Sandnes for 20 000 kroner. Selskapet fikk navnet AS Oscar. Båten ble satt i rute mellom Stavanger, Dale og Sandnes, hvor den gikk med varer og passasjerer.

 

2. april 1952 ble fartøyet solgt til Jøsenfjord Rutelag til en pris av 110 000 kroner. Fartøyet gikk en del i Erfjord-ruten, men ble ellers satt inn som avløser etter behov. 8. mars 1955 ble Oscar II solgt til Ingebrigt K. Hebnes på Hebnes i Ryfylke for 67 000 kroner og fikk navnet Havås. Fartøyet ble nå brukt til fraktfart i fjordene. 1. februar 1958 ble fartøyet overtatt av brødrene Johan Naustvik Vormedal på Karmøy og Jon Naustvik, Tveita i Jelsa for 50 000 kroner. Brødrene satte inn ny Hjeseth-motor og forandret noe på fartøyet, som nå ble baklader. Fortsatt gikk den på kysten og i sandfarten.

15. mars 2002 skiftet fartøyet navn til Den Gamle Oscar II. I 2003 ble båten restaurert og ombygd som lokalrutebåt på Ytraland på Karmøy. I 2011 var Den Gamle Oscar II i Litauen på et verft i Klaipeda. Her ble det foretatt en total gjenoppbygging, med skrogreparasjoner og ny innredning. Den Gamle Oscar II ankom Sandnes ferdig restaurert 19. juni 2012

 

 

D/S OSTER

Nordhordland Veteranbåtlag har restaurert D/S OSTER, som vart bygt i 1908 v/ Christianssands Mek. Værksted, og gjekk i rutefart i fjordane rundt Osterøy i heile 56 år. Då båten hadde vore i fart i 55 år skreiv døveprest Ragnvald Hammer songen «Dar Kjem Dampen» til ære for D/S OSTER. Ivar Medaas sette tone til og framførte songen og denne har vore ofte å høyra på radioen. Ein kan trygt seia at denne songen har halde liv i minnet om både D/S OSTER og dei andre dampbåtane.

 

Soga til «Oster» byrjar med at Modalen kommune på byrjinga av det førre hundreåret var plaga med vinterisolasjon, då dei gamle rutebåtane ikkje klarte å bryta seg gjennom isen inn til Mostraumen og inn i Mofjorden. Kommunen bad Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab om at det måtte byggjast ein ny båt med sterkt skrog og kraftig maskin, som kunne bryta vinterisolasjonen for kommunen. Båten vart bygt ved Christianssands Mek. Værksted i 1908 og viste seg å vera ein god isbrytar, som innfridde alle forventningane. Sjølv om han ikkje klarte å ta seg inn til kaien på Mo, så klarte han å ta seg fram til ein trygg iskant, slik at varene kunne hentast og passasjerane kunne spasera iland.

«Oster» vart ein påliteleg og populær båt og hadde berre 2 kapteinar på dei 44 første åra. Det var tydeleg at dei som mønstra på «Oster» vart på båten til dei vart pensjonerte.

 

Båten vart teken av tyskarane og var i tysk teneste under krigen, men etter krigen vart han reparert og gjekk trufast i rutene sine og vart etterkvart den einaste kolfyrte rutebåten på hamna i Bergen. Dei andre dampbåtane vart moderniserte med salongar og oljefyring, men «Oster» la svarte røykskyer etter seg.

 

I 1964 fekk båten kjelehavari og kjelen let seg ikkje reparera. Det vart sett ned ein komite som skulle prøva å ta vare på båten, men tida var ikkje moden for dette då og i september 1964 vart «Oster» selt for å byggjast om til fraktebåt. I april 1966 kom båten i fart som m/s «Vaka», ribba for dampmaskin og passasjerinnreiing. Båten hadde fått eit stort lasterom og dieselmotor og slik segla han på kysten i nær 30 år med sand og sement.

 

I 1995 vart båten lyst ut for salg både hjå innan- og utenlandske veteranbåtkretsar. Det var sterke krefter i sving for å kjøpa båten heimatt til det gamle ruteområdet og dette lukkast og den 8.mars 1996 vart båten overteken ved Shetlands-Larsens Brygge i Bergen og gudmødrene Margot Kaasa Hammer og Kari Medaas gav båten namnet m/s «Gamle Oster».

På årsmøtet i Nordhordland Veteranbåtlag vart det gjort vedtak om at båten skulle restaurerast attende, til slik han var, då han gjekk ut or rutefarten i 1964.

Dugnadsarbeidet kom straks igong og til no er det lagt ned omlag 15.000 timar ombord. I tillegg kjem alt kontorarbeidet.

 

Ein milepel vart passert då båten segla inn på Vågen i Bergen den 3.august 2000, som hovud- attraksjon under opninga av dampbåtfestivalen Norsteam-2000. Dette var første turen med dampmaskin på 36 år og ombygginga var uhyre spanande, men takka vera ein sporty verkstad og ein enorm dugnadsopplutning av medlemene, så heldt tidsskjemaet med små marginar. D/s «Oster» vart motteken av 40.000 menneske som klappa båten innover Vågen og til kai ved Shetlands-Larsens Brygge og mang ei tåre måtte tørkast bort. Nordsteam-2000 vart ein vellukka festival, som hadde den beste publikumsoppslutninga av samtlege arrangement i Kulturbyåret 2000. Det hadde ein veldig positiv effekt for Nordhordland Veteranbåtlag at d/s»OSTER» vart teknisk og eksteriørmessig klar til å vera med på Norsteam-2000. NHVL hadde ikkje råd til å bomma på dette!

 

D/S Parat

Parat startet sin karriere som brannsprøyte i Ålesund i 1893; og den gjorde en beundringsverdig innsats da Ålesund brant. Vi må regne med at Parat sin historie er innholdsrik på mange måter, for det var først i 1952 at den fikk sin avløser i branntjenesten. Deretter var det Brdr. Storesund på Nord-Karmøy som fikk nytte av båten. De driver et stort tankanlegg ved Karmsundet og brukte Parat som havnetankbåt. Etter å være uttjent for andre gang ble båten liggende ganske lenge, og så til slutt helst ille ut. I 2000 ble båten gjenoppbygget til lystbåt slik som den fremstår i dag.

Bygge år og sted:       1893, Stockholm
Dimensjoner:             49 fot
Byggematerial:          Stål
Hovedframdrift:         Opprinnelig damp, nå diesel
Eier:                           Oddvar Oma, Stord

 

 

M/S Poseidon II

Bygga i 1958 hos G De Vries-Lentsch, Amsterdam, modernisert i 1984 hos Djupviksvärv i Sverige. Bygd for det svenske redningsselskapet etter ein donasjon frå Trafikaktiebolaget Grängesberg, vart først satt i teneste i Holmsund heilt nord i Østersjøen. På grunn av isforholda i Østersjøen er båten konstruert med stor vekt på isbrytereigenskapar, noko som blant anna ga utslag i 18 mm skrogplater frå vannlinja og ned, isfinnar foran propellen og for si tid kraftig motorisering i form av 4 x Volvo MD 96A á 127 hk. Desse dreiv propellen via eit sinnrikt system med tilsaman 64 kilereimer. I sin karriere som (svensk) redningskryssar redda fartøyet 145 personar frå den visse død. No er den i teneste i opplæring av komande fritidsbåtførar. Eigar sidan 2007 er Jan Welde/Båtskolen Poseidon i Stavanger.

 

M/B Quest

Bygget i 1944 på Lunde båtbyggeri, Lundegrend Tysnes som agentbåt for Hansa Bryggeri. Gikk i fart helt fra Rogaland til Finnmark på det lengste. Båten ble senere solgt til et konfeksjonsfirma i Bergen og ble kjøpt derifra av nåværende eier i 1976. Båten er privat eid i dag av Gerhard Eikeland og ligger i Åsane Bergen. Båten er 60′, treskrog med aluminiums overbygg. Det sies at dette overbygget var det første Lunde bygget i dette materialet. Det stod opprinnelig to 20 Hk Union maskiner og disse ble byttet ut i 1967 med en Deutz på 190 Hk. Båter er i dag i orginal stand.

 

Eit av få attverande agentfartøy (Hansa Bryggerier AS) som er i original stand. Det var ei stor flåte av slike fartøy i virke i tida før bruer og bilferjer gjorde bilvegen meir attraktiv som fraktveg. Fartøyet er i god stand. Eit særmerkt fartøy der eigar med familie har lagt ned eit stort arbeid for å holde fartøyet i god stand.

 

 

M/B Rapp

Rapp er i avsluttende fase av full restaurering. Båten framstår i dag som en unik autentisk fiske og frakteskøyte fra 1950 tallet med tidstypisk oppfyringsmotor. Historia i har båten frå Austevoll, men den held i dag til i Stavanger, og er eigd av AS Equitum.

 

M/S Rima I

Rima I har vert brukt som reketråler og er i forholdsvis god stand.  Åkrehamn Fartøyvernforening prøver å holde den i samme stand og utseende som ved overtakelsen. Båten ble bygget ved Lista Treskipsbyggeri, Borhaug og lebert Georg K. Georgsen i Vedavågen i April 1961.  Høsten 2006 skulle båten hogges. Åkrehamn Fartøyvernforening startet opp for og ta vare på den, og etter kontakt med Fiskeridirektoratet i Troms ble Rima I unntatt kondemnering og formelt vernet og oppført på vernelisten. 18 meter lang, 5,20 brei.

 

M/S Riskafjord

Byggeår 1864 ved Alex.Keiler & co,Gøteborg, lengde 23,9, bredde 4,3 meter. . Gikk i rutetrafikk langs Svenske innsjøer og kyst med en rekke navn: D/S Sarø,Oldevig,Løfstad,Sylfid,Wittus,Byelfven. I 1884 ble båten solgt til Johannes Brevik i Fredrikshald og fikk navnet D/S Olava etter hans kone. D/S Olava gikk i rute mellom Fredrikshald(Halden) og Strømstad fra 1884 til 1927.

D/S Olava ble også brukt som slepebåt for å buksere seilskutene ut fra havnen i Fredrikshald. I 1927 blir båten solgt til Vestlandet og A/S Riskafjord-Homersåk,et rederi som i år kan feire 100 år og som fortsatt eier båten. Båten får nå navnet D/S Riskafjord II og settes inn i rute mellom Hommersåk og Stavanger med mellomsteder.

I 1952 blir båten skåret ned til og med øvre plategang i skroget og bygget opp igjen som en moderne fjordabåt og dampmotoren må vike for en brukt GM-diesel. I 1960 får båten en solid Callesen moter på 225 hk. M/S Riskafjord II fortsetter i Hommersåkruten helt frem ti1 1996, da overtar hurtigbåten. Ruta og Riskafjord II går i bøyen etter å ha fraktet passasjerer i 132 år.

Til neste år,2014 er det 150 år siden båten ble bygget og i dag er den fredet av Riksantikvaren og fører fortsatt passasjerer på turer i fjordene.

 

M/S Rogaland

MS «Rogaland» er et kystruteskip, bygget ved Stavanger Støberi & Dok som byggenummer 90 og levert til Det Stavangerske Dampskibsselskab i september 1929. Lengde 57 meter, bredde 9,5 meter. kipet var et kombinert laste- og passasjerskip og ble satt inn i kystruten mellom Sandnes/Stavanger og Oslo. Det ble også benytter til Nattruten mellom Stavanger og Bergen

 

Skipet, som var typisk for sin tid, hadde rett forstevn, skrog og overbygg bygget i stål og hadde utfallende akterstevn. Maskinen var en fire-sylindret Compound «Lentz», bygget ved Nyland Verksted i Oslo. Det var lasterom forut og akterut. Lasterommet forut hadde kjølerom, og på promenadedekk akterut var det tanker for frakt av levende fisk.

 

M/S Rover

I 1950 var Nye Rover ferdigstilt ved verftet i Ølve i Hardanger. Den gangen hadde Rover ein 2 sylindra Union på 100 hk.

De første sesongene var Rover på storsildfisket på vestlandet, drev med garn i Lofoten, litt hjemmefiske og også på kvalfangst. De første årene Rover var på kvalfangst var det innleid en som het Julius Larsen som manglet båt men hadde konsesjon, men etter mange år med kamp fikk Arnt sjøl konsesjon på Rover.

På kvalfangst brukte Arnt og ta bilder og rapportere bevegelsene til russerene til norsk etteretnings tjeneste, og på 60 talet engang ble han med i fiskerioppsynet. Russerne bordet Rover en rekke ganger på jakt etter vestlig etteretningsutstyr, men dette hadde Arnt gjemt så godt at de klarte å unngå å bli tatt. Arnt sneik seg også ved en anledning helt bort til Novaja Semlja og fikk tatt jordprøver av russernes prøvesprengings område.

Da Rover ble kjøpt til Bergen av Liegruppen og Terje, fikk Rover makrellkvote. Terje Skei drev med makrellfiske på sommeren pluss han gikk blåturer og lignende samtdig som han førte en del makrell for notbåtane rundt om Bergen, ellers i året gikk det i opplæring av ungdomsskole elever.

Etter noen år ble kvoten og nummeret tatt av båten og Rover ble kondemnert. Så i teorien skulle Rover vært hogd… dette kjempet Terje og antagelig vis Peder Lie i mot og var med på og lage en ny ordning på systemet…. Rover kan per dags dato aldri meir brukes til konvensjonelt fiske. men går enda som opplærings fartøy med ungdomsskole elever. Dette er en båt med så mye historie i at vi må gjøre det vi kan for å støtte opp om at den fortsatt blir tatt vare på.

 

 

M/S Sandnes

 

Nattruteskipet MS Sandnes vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart. I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjer-trafikken frå 1960 og utover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipa ”Gann” og ”Sjøkurs” i hhv 20 og 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap tok over i 2007.

 

Under Fjordsteam vil det være høve for besøkande å overnatte ombord, og det ser ut til at bilfolket vil samle seg ombord. Om du ynskjer å gjere ei helg ut av Fjordsteam og overnatte på den flotte båten når du Alf Kåre Olavesen på 51 53 44 00. Dei vert heilt sikkert glade om de vel å bu om bord i ein av deira 180 køyer.

 

M/S Selma

Den drektige skøyta »Selma» eigd av John Audun Hauge i Bergen er påmeldt. L: 47 fot. B: 5,5 m. Motor: Wichmann 40F, 1957. Kjenningssignal LCAA Båten er bygd 1917 i Risør eller Arendal som seglfartøy til fiske for svenske fiskere. Restaurert til ca 1950-utseende. Fiskebåt i Sverige frem til 1937. Verna av Riksantivaren.

 

 

M/K Sjøgutt

Kystfiskefartøy; brukt til silde- og pigghåfiske og som følgebåt på brisling- og størjefiske. Seinere år mest brukt til rekefiske. Nåværende eier har restaurert / tilbakeført fartøyet til slik det var da det gikk ut av fiskeri i 1993, og brukes nå til Kystkulturformidling. Fartøyet ble vernet av Riksantikvaren i 2008.

 

Opprinnelig bygd 1921 i Mauranger som sua Hardangerkutter på 35 fot, og ble slettet i fiskeriregisteret som kondemnert 1953. Gjenoppbygd og forlenget i 1954 hos Ådnanes på Bremnes/Bømlo. Nåværende motor: 20 HK Wichmann (Rubb) semidiesel 1947 model. Tidligere motorer : 1) 8 HK Stabil, 2) 24 HK. Rapp semidiesel.

 

Første fiskeriregistrering: R-111-H i 1931 og siste M-61-VD i 1993. Lengste perioder H-375-B ( Bømlo ) og SF-37-S ( Selje )

 

 

M/F Skånevik

M/F «Skånevik» ble bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) ved Ulstein Mek. Verksted i 1967 som byggenummer 47. Fartøyet ble benyttet som bilferge i hele selskapets ruteområde frem til 2000, og deretter som suppleringsferge. Fartøyet ble solgt til Stiftinga Brørviksskuto i 2004, i påvente av at egen forening ble startet. I mars 2005 ble fergen overført til Ferjelaget «Skånevik».

 

Fartøyet er svært originalt, og det har ikke vært gjort ombygginger eller endringer. Fartøyet er fullt operativt og i original stand. Skroget er av helsveiset stål og fartøyets styrehus er av aluminium. Fartøyet fikk Riksantikvarens formelle status som verneverdig skip i 2004 og ble 2. august 2006 fredet sammen med «Skibladner» som de to første fartøyene i Norge.

 

H/B Southern Actor

SOUTHERN ACTOR ble bygget som hvalbåt ved Smith’s Dock Co. Ltd, Middlesbrough for Chr. Salvesen & Co., Leith, Skotland i 1950. Fanget med Flk SOUTHERN HARVESTER på 1950-60 tallet, gikk i opplag i Melsomvik i 1962.   Solgt i mars 1964 til Skjelnan Kvalstasjon A/S & Co, K/S (E. Aarseth & Co., Ålesund), og omdøpt til POLARBRIS. I fangst ved Skjelnan hvalstasjon i Troms, før den i 1971 gikk i opplag i Ålesund.

Solgt til Spania i 1975 og fanget v/ Vigo 1975-85, senket i 1981 i Vigo etter sabotasjeaksjon av Watsons Sea Shepard. Hevet og reparert. Senere omdøpt ITAXA III.

Solgt i 1989 for hugging i Cee, Spania, men reddet i siste liten av entusiaster fra Sandefjord og slept til hvalfangerbyen under det midlertidige navn PINGVIN. Fullrestaurert, malt i Salvesens farver og redøpt SOUTHERN ACTOR. I Sandefjordmuseenes eie. Verdens eneste hvalbåt av sitt slag i operativ stand, med status som museumsskip.

 

 

 

M/Y Sporen


M/Y Sporen (ex: Konvall / Sundt lll ) var fram til 1974 et av firmaet Sundt &Co`s agentfartøy (reisendebåt) med område fra Stavanger til Måløy. Den vart ombygd i 1950 og rehabilitert i 1974. I dag vert m/y Sporen nytta av Forsvaret, Industribedrifter og til representasjonsalternativ for næringslivet. Fartøyet har gode fasiliteter slik som varmt og kaldt vatn på alle lugarar, vannklosett og dusj. M/Y Sporen er pent innredet og styrehuset er stort med godt utsyn, Fartøyet har høyt fribord og slingrekjøler. Dekksplassen er stor. M/Y Sporen er eigd av Sporens Rederier og stasjonert i Bergen.

 

 

D/S Stavenes

 

Levert frå Bergens Mekaniske Verksted (Solheimsviken) som byggjenummer 126 i september 1904. Dåverande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, Christian Michelsen, bad om løyve til å kontrahere nye skip til reiarlaget. Amstinget 1902-03 gjer vedtak om at Nordre Bergenhus Amts Dampskibe fekk byggje to nye skip og at desse skulle heite ”Gudvangen” og ”Stavenes”. Begge skipa skulle kome til å bli kontraherte hjå BMV. ”Gudvangen” vart levert som byggjenummer 122 i november 1903 og var på 155 fot oa.

 

Skipet var isforsterka og skulle kunne bryte isen i lokalrutene i indre del av Sogn om vinteren. Skipet at nær skøytebaug med sterkt avrunda stamn for å kunne gli lett opp på isen for å bryte den ned. Dette gjev ein litt alderdommeleg profil på skroget.

 

I rute fram til 1973, då ho vart seld til Wales. Attende i 1991 til noverande eigar Veteranskipslaget Stavenes, som vil forsøke å få henne restaurert. Etter mange år med stillstand, er restaureringsarbeidet no godt i siget, og laget mottar i år melom anna 1 million frå Riksantikvaren. Resultatet vil bli vist fram i Florø. Målet om å koma for eigen dampaskin let seg av fleire grunnar ikkje gjera, men folk kan gle seg til gjensynet.

 

D/S Stord 1

 

DS Stord på Byfjorden. Foto Harald Sætre

Bygget i 1913 ved Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som D/S «Stord». Skipet gikk i rute i området mellom Bergen, Hardanger, Sunnhordland og Stavanger frem til 1969. I 1949 ble dampmaskinen byttet ut med dieselmotorer. Blå Kors overtok Stord i 1969 og nytta det som losjiskip i Oslo under navnet «O. T. Moe».

Veteranskipslaget Fjordabåten overtok skipet i 1981 og etter omfattende restaurering, herunder utskifting av dieselmotorene med dampmaskineri, gikk D/S «Stord 1» sin andre jomfrutur i mai 1987. 20. mai 1987 brøt det ut brann i maskinrommet, og skipet ble totalskadet. Etter en ny runde med omfattende restaurering gikk skipet for egen maskin igjen 6. august 2005. Fortsatt gjenstår omfattende arbeid med innredningen.

 

 

L/S Tananger


LS ”Tananger” ble levert fra Farsund Slip & Mekaniske verksted 5. februar 1930 på oppdrag fra losene Oscar Olsen og Rasmus og Reginius Roth. Skøyta var eid av losene frem til 1952 da losvesenet overtok. LS”Tananger” ble bygget som seilfartøy, men det ble også satt inn en 20 hk Wichman semidiesel motor. I slutten av krigen ble det montert styrehus. Skøyta var i lostjeneste i Tananger frem til 1962.

 

LS ”Tananger” var i privat eie i Olslofjorden fra 1962 til Kystkultursamlingen overtok den i 2004. Kystkultursamlingen besluttet å restaurere skøyta til den stand den var i ved levering i 1930

Restaureringen av skrog ble utført ved Ryfylke Trebåtbyggjeri i perioden september 2004 – juni 2005. En rekke spant ble fornyet, all hudplank over vannlinjen ble skiftet ut og nytt dekk ble lagt. I tillegg ble det montert ny innredning. En stor del av restaureringen ble utført på dugnad av Kystkultur-samlingens medlemmer. Dette omfatter forberedelse og installasjon av rigg, ny motor (200 hk Volvo fra 1987), tanker, nytt elektrisk anlegg, innredning og lignende.

 

 

R/S Lille Torungen

Lille Torungen vart levert frå Stord Verft som byggenummer 55 , i november 1960. Tenestegjorde for NSSR fram til 1987 og berga 26 menneske frå den visse død og assisterte 462 farty. Frå 1987 og til 1997 tenestegjorde den for SSSR med stasjon på Gotland. Kom heim til Noreg nesten på dagen 100 år etter frigjeringa frå Sverige. Eigar Svein Rune Børslid, Bergen.

 

M/Y Tysso

 

/Y «Tysso» er en motoryacht bygget i 1917 av båtbygger Ole Oma i hans båtbyggeri på Døso ved Leirvik, Stord. Hun ble bygget for Danmarks konsul i Bergen, Christian Magnus Kjær (1865–1935), til en avtalt pris på 4 000 kr. Oma hadde tidligere drevet båtbyggeriet Oma Boat Building i Seattle og M/Y «Tysso»s design er basert på lystbåtene Oma fikk bygget i USA.   M/Y «Tysso» er 58 fot lang og 10 1/2 fot bred og bygget i eik og furu med overbygg i mahogni. Motoryachtens innredning ble bygget med tanke på størst mulig komfort, med salonger, soverom, kjøkken, w.c., mannskapslugar og et stort maskinrom med plass til en kraftig motor på 100 Hk. Malerarbeidet ble utført av J. Kattetvedt og K. Risan på Leirvik

Etter noen år som eier solgte båten til Glomfjord Smelteverk i Nordland. I den forbindelse ble styrehuset forlenget til den fasong det har idag. Etter at sinksmelteverket i Glomford ble kjøpt av staten på tvangsauksjon i 1924 ble motoryachten solgt videre til de store industribedriftene i Odda. Båten ble brukt som lystbåt og skyssbåt mellom Odda og Granvin. Tilreisende direktører, styremedlemer kunne fra 1935 ta tog direkte til Granvin med Hardangerbanen. Det Norske Nitridaktieselskaps aluminiums­fabrikk i Tyssedal fikk driftsansvaret og båten fikk navnet M/Y «Aluminium».

Etter at A/S Tyssefaldene overtok drifts- og eieransvaret i 1949 ble båtens motor skiftet og innredningen modernisert. Båten endret nå også navn til M/Y «Tysso». Tidlig på 1960-talet fikk M/Y «Tysso» ny lettbåt i mahogni, også den bygget av Ole Oma. Behovet for en passasjerbåt opphørte etterhvert og i 1987 ble båten solgt tilbake til Oma Baatbyggeri AS. I 1995 ble motorcruiseren solgt til Tysso AS i Norheimsund som ønsket å bruke motoryachten i reiselivssammenheng. Båten ble i 1997 oppført på Riksantikvarens liste over verneverdige fartøy.[1] Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum eier i dag M/Y «Tysso» og fartøyet har vært til restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter fra 2005. Sommeren 2009 ble båten sjøsatt ved Fartøyvernsenteret.

 

M/S Vestgar

Bygd som fjordbuss i 1957 for Øygardsbåtane og rutefart i øygarden nord for Bergen. I rute til 1979, då Pinsemenigheten tok over båten. I 2007 vart Øygardsbåtane restifta, og kjøpte tilbake båten. Formålet er å setja fartøyet i stand igjen som M/S VESTGAR, som eit veteranskip for Sotra og Øygardsområdet. M/S VESTGAR var i si tid flaggskipet til Øygardsbåtane L/L.

No ligg fartøyet ved Solsvik kai på Sotra, og restaureringsarbeidet pågår for fullt.
T/B Vulcanus

 

Slepebåtane MS Vulcanus og MS Titan hugsar mange sikkert frå sine faste plassar i Tollbodhopen i Bergen. Begge båtane tilhøyrde Bergenske Dampskipsselskap, BDS, og var bygd på Bolsønes i Molde i 1958 og 1959. Vulcanus, som er eldst, er framleis i svært god og original stand, og Egil Sunde meiner det ikkje er problem å gå med kvit dress i maskina! MS Titan er eigd av rederiet Mørland og Karlsen i Arendal, arbeider langs sørlandskysten, og heiter i dag MS Skilsø. Begge båtane var designa av siv.ing. Per Grieg, tidlegare leiar av Grieg Gruppa i Bergen.

 

Begge fartøya vart brukt på hamna i Bergen i mange år, MS «Vulcanus» i over 50 år. Ho vart også å brukt ved sjøsetting ved Stord Verft og ved dåverande Ankerløkken i Florø. Ho hadde fast base i Tollbodhopen i Bergen og ein del av det daglege hamnebildet, men hadde slepeoppdrag langs heile kysten

 

Båten er overtatt av eit eige rederi med vern som formål, og båten vert i Bergen.