HippHipp Flora presenterer sommarrevyen
Lett Bris`n
Endeleg er det klart for sommarrevy i Florø igjen – med maritimt preg! Under Fjordsteam skapar sentrale aktørar i den populære Florarevyen, og Øyvind Angeltveit frå Lompelandslaget, gapskratt for landkrabbe og sjøulk!
Oppskrifta på ei herleg stormsuppe av eit kveldsshow er 1 times revy og 1 time med allsong etterpå. Anten det er lett bris eller solgangsorkan desse tidlege augustdagane, så kan vi love deg opphaldsver og lått og løyve i revyteltet. Sjølsagt med serveringsløyve slik at du kan følgje opp tittelen på revyen – utan at det går mann over bord av den grunn!
Førestellingar i Revyteltet, Torggata:
Onsdag 4 august: kl 20.30 – 22.30
Torsdag 5 august: kl 20.30 – 22.30
Fredag 6 august: kl 20.30 – 22.30
Laurdag 7 august: kl 20.30 – 22.30
Det blir også trubadur og/eller bandmusikk i teltet etter førestellingane.
Billettar:
kr 230,- + avg – kjøp på billettservice.no, Narvesen og Posten frå 18 juli.
Kjøp ved inngang: kr 280,-.
Mannskap får desse for 200 ved orhåndsbestilling
Kontaktperson:
Roy Austbø – tel 97527766