Det er eit omfattande rutesystem i samband med avviklinga av Fjordsteam. Mange flotte turar kan du være med på, både til/frå Florø og Bergen  og rundtuar med utgangspunkt i Florø.

 

 

Onsdag 5. august : Florø – Skjerjehamn

D/S «Stord», D/S «Oster», M/S «Granvin» og M/S «Atløy» frå Bergen kl 12.00 via diverse stoppestader, alle med felles ankomst Skjerjehamn klokka 17:30, Det er mogeleg å bestile rom eller returnerer med Norled frå Skjerjehamn til Vardetangen, Knarvik,  og Bergen.

Bergen – Skjerjehamn 300,- (335,- med Stord1).

Frekkhaug/Salhus/Knarvik – Skjerjehamn 250,-

Bergen – Florø 600,- (650,- med Stord1)

Frekkhaug/Salhus/Knarvik – Florø 550,-

Onsdag 5. august
Rute 1
D/S «Stord 1»
Rute 2
D/S «Oster»
Rute 3
M/S «Granvin»
Rute 4
M/S «Atløy»
Frå Bergen 12.00
Til Skjerjehamn 17.30
Frå Bjørsvik 12:00
Frå Knarvik 13.15
Frå Vardetangen 16.00
Til Skjerjehamn 17.30
Frå Bergen 12.00
Frå Frekhaug 13.00
Frå Feste 14.30
Frå Mjømna 17.00
Til Skjerjehamn 17.30
Frå Bergen 12.00
Frå Salhus 13.00
Frå Lygra 14.45
Til Skjerjehamn 17.30

Turane til og frå Skjerjehamn / Florø bestiller du direkte hos båten;

D/S «Stord1» – 911 62 906

D/S «Oster» – 975 47 816

M/S «Granvin» – 916 81 398

M/S «Atløy» – 958 76 096

Merk at billetten ikkje inkluderer mat/overnatting utan etter avtale. Overnatting på Skjerjehamn ordnar ein direkte med dei. Opplysningar om deira tilbod finn du her.

Du kan også sjølvsagt kjøpe billett ved oppmøte, men vi kan ikkje garantere at det er plass.

 

 

Torsdag 6. august : Skjerjehamn – Florø

Billett til revy torsdag kjøper du her

Billett til Sigrid Moldestad – konsert kjøper du på Blomsterhagen eller i døra.

D/S «Stord1», D/S «Oster», M/S «Granvin» og M/S «Atløy» kan følgast saman med dei andre båtane frå Skjerjehamn kl 09.30 via diverse stoppestader, alle med felles ankomst Florø klokka 16:30,i korrespondanse med sørgåande ekspress med Norled 17:00.

Avgang frå Skjerjehamn korresponderer med nordåande ekspress frå Bergen 08:00. Avgang frå Sollibotn 10:15 korresponderer med sørgåande ekspress frå Florø 08:35.

Skjerjehamn – Florø 300,- (335,- med Stord1)

Sollibotn – Florø 250,-

Krakhella – Florø 200,-

Askvoll – Florø 150,-

Torsdag 6. august
Rute 1
D/S «Stord 1»
Rute 2
D/S «Oster»
Rute 3
M/S «Granvin»
Rute 4
M/S «Atløy»
Frå Skjerjehamn 09.30
Frå Askvoll 14.00
Til Florø 16.30
Frå Skjerjehamn 09.30
Frå Sollibotn 10.15
Frå Sørbøvåg 12.15
Til Florø 16.30
Frå Skjerjehamn 09.30
Frå Sollibotn 10.15
Frå Krakhella 11.30
Til Florø 16.30
Frå Skjerjehamn 09.30
Frå Sollibotn 10.15
Frå Askvoll 14.00
Til Florø 16.30

Turane til og frå Florø bestiller du direkte hos båten;

D/S «Stord1» – 911 62 906

D/S «Oster» – 975 47 816

M/S «Granvin» – 916 81 398

M/S «Atløy» – 958 76 096

Du kan også sjølvsagt kjøpe billett ved oppmøte, men vi kan ikkje garantere at det er plass.

 

 

Fredag 7. august : Rundturar frå Florø

Billett til revy fredag kjøper du her

Alle turar 250,- for vaksne og 125,- for under 16 år. (tur 1-7 kostar 300,-/150). Alle turar tilbake til Florø 1600 – 1700. Billettar til alle turar kjøpast ved avgang, på Fjordkysten i Strandgata fram til onsdag kl 13 eller på Haffen (onsdag 12-18, torsdag 12-20 og fredag/laurdag 09-17)  . Om vil være sikker på plass er det lurast å kjøpe på førehand, særleg til dampskipa.

Tur 1.1 til 1.3: Bli med M/S Atløy og/eller den gamle Aurlandsbussen til Norsk Rutehistorisk Forening til Stavang og Likje Høydalen, besøk motormuseet og sjå helleristningsfeltet i Ausevika. Eine vegen med buss, andre vegen med båt.

Tur 1-4: Ta ei tidsreise til Sunnfjords perle Svanøy med dampbåten D/S «Oster». Båten er kanskje mest kjend frå songen «Dar kjem dampen» med Ivar Medaas. På Svanøy vert vi tekne godt i mot av grendalaget, og held stopp i om lag 2 timar. Her er mykje å sjå, både Norsk Hjortesenter, Svanøy Hovudgård og Svanøy Røykeri. Du kan også berre kose deg på kaia med is, eller ta ein tur i den nyopna pub`en til Ole.

Tur 1-5: Ta turen til sagaøya Kinn og den kjende Kinnakyrkja med den gamle rutebåten M/S Granvin frå 1931. Båten gjekk i rute for HSD i Hardanger i heile si yrkeskarriere, men er også ein kjenning i Florø. Bli med på omvisning i kyrkja frå 1100 talet og få den spanande historia om prinsesser og munkar, kanskje vankar det ein liten konsert. Dei spreke rekk ein tur i Kinnaklova eller å ta turen rundt Kinn på dei omlag 2,5 timane vi ligg under land.Tur

Tur 1-6: Bli med kysten sitt kanskje flottaste dampskip til vestlandskysten sitt kanskje finaste «fiskevær»….bli med D/S «Stord» til Kalvåg. Her kan du ta ein tur i gatene, sjå på dei gamle buene, eller nyte ein maritim lunsj på Knutholmen. Knutholmen er kjend for den gode maten, og har 2 landslagskokkar til å styre grytene! Vi ligg under land om lag 2 timar, turen tar om lag 1,5 time kvar veg.

Tur 1-7: Bli med Florø Historielag til Botnane med M/S Riskafjord; fram til 1996 Norges eldste rutebåt i drift. Riskafjord vart bygd i 1864, og gjekk heile sit aktive liv i rute frå Stavanger til Hommersåk. På kaia i Botnane vert vi møtt av Botnane og Årebrot Grendalag som tar oss puljevis med til Breivik, der det ventar ein tur opp til platået der radiostasjonen Roska låg. Her vert det ein kort orientering, før ein returnerer. Nede igjen i Breivik vil Bjarte Sindre fortelje den dramatiske historia til radiostasjonen, der ein norsk agent vart drepen heilt i slutten av krigen. Agentane var knytt til SiS i London, og sende viktig informasjon over gjennom feire år. Med på turen er også KNM Hitra og fleire gamle skøyter som gjekk i trafikk til Shetland under krigen. Vi går samla tilbake til Florø, og vert møtt av marinen sitt kor Navy Vocalis ved ankomst Det vert høve til å kjøpe mat undervegs,

 

 

Laurdag 8. august : Frå øyane til Florø (også rundtur)

Billett til revy laurdag kjøper du her

Billett til konsert med Navy Vocalis og Marianne Juvik kjøper du her

Her vil det bli ruter frå øyar og bygder rundt Florø inn til torgdag, veteranbiltreff og bondens marknad om morgonen, ut frå Florø om lag 0800 og tilbake frå «distriktet» til 11:00 med felles innkomst og stort kaos. Alle båtane går ut att på rutene 15:00.  Billettar til alle turar kjøpast ved avgang, på Fjordkysten i Strandgata fram til onsdag kl 13  eller på Haffen (onsdag 12-18, torsdag 12-20 og fredag/laurdag 09-17)  . Om vil være sikker på plass er det lurast å kjøpe på førehand, særleg til dampskipa..

Laurdagsruter
M/S «Riskafjord»
Øyane Vest
D/S «Oster»
Kalvåg
M/S «Granvin»
Svanøy/Askrova
M/S «Atløy»
Stavang/Høydalane
Frå Florø 08:00
Frå Rognaldsvåg 09:00
Frå Fanøy 10:00
Til Florø 11.00
Frå Florø 15:00
Frå Fanøy 16:00
Frå Rognaldsvåg 17:00
Til Florø 18.00
Frå Florø 08:00
Frå Kalvåg 09:30
Til Florø 11:00
Frå Florø 15:00
Frå Kalvåg 16:30
Til Florø 18:00
Frå Florø 08:00
Frå Askrova 09:10
Frå Svanøy 09:45
Til Florø 11:00
Frå Florø 15:00
Frå Askrova 16:10
Frå Svanøy 16:40
Til Florø 18:00
Frå Florø 07:30
Frå Høydalane 09:00
Frå Stavang 09:40
Til Florø 11:00
Frå Florø 15:00
Frå Stavang 16:10
Frå Høydalane 16:40
Til Florø 18:00

Tur med D/S Stord1 kl 15:00 – 18:00

Søndag 9. august : Florø – Bergen

Etter avslutning av stemnet søndag  kan ein følge D/S Stord1 eller M/S Vestgar til Bergen. 600,- / 650,-. Bestilling for DS «Stord1» på  911 62 906 eller 908 95 316 for M/S «Vestgar», eller kjøp ved avgang (kan ikkje garantere plass). D/S «Stord» avgang klokka 09:00.