Mange ville gjerne at talen til Fridtjov Urdal skulle publiserast, og her er den;
God kveld godtfolk, mannskap og andre frammøtte!
Kva er samnemnaren for denne forsamlinga? ,
Rust, råte og kålfyr, klinka naglar, stimkjelar, gamle farkostar fyst og maritim kultur tenkjer eg. Det er vel det vi plar kalle det. Det synest eg vi skal halde fast på. Det er eit høgverdig påskot. Vi må seie til dei hine . Til kommunar, fylke, stat, sponsorar, Riksantikvar og slike. Det må ikkje komme ut at vi er galningar. Det er ikkje normalt å vere oppteken av gamle utrangerte farkostar. Bør ikkje vere det. Ingen normale vi sjå med bægjer på ein rustholk av ein gammal rute- eller slepebåt, eller sleve ut over ein halv og heil roten kutter eller redningskøyte medan ein rallar Colin Archer. Sidan alle her lid av same sykje og det er snakk om grader av galskapen, kan vi vere ærlege mot kvarandre. Fult vitige folk fer ikkje slik åt.
Folk gjer ein god dag i gamle båtar. Dei kan sjå på dei og vere med på tur. Men ein får dei ikkje med på dugnad, eller inn i styre. Når det er så mange av oss her må det vere råd å få greie på kva som er gale med oss og når gjekk det gale? Det må ha skjedd i barndommen noko løynt og uforløyst. Ei forklaring må det vere på ein massiv maritim galskap.
Gjekk det gale alt den gongen ein leika i dammen eller i fjøra?
Vi har aldrig vokse frå å leike med båtar. Derimot så har båtane vokse. Kor enkelt det var då båtane var noko meir eller mindre netthente vaksne hadde laga. Eller det var ei fjøl kvest i eine eiden, med ein kloss til overbygging. Det kunne vere Kitty Sark eller Queen Mary. Ein bete bork og ei fjør er evig nok båt, for ein draum og ein leik .
Vi skal halde fast ved fartøyvern, kyst og maritim kultur, elles er det ikkje sikkert at vi får lov å halde på som vi gjer, og det ville då vere ille.
Kyst og maritim kultur omgrepet hyser så mangt. Det er ikkje èin kultur, – det er mange, like skiftande som hav og kystlandet er . Her er plass for den saktmodige fiskaren “Markus” ein “Sjur Gabriel”, “Fiskerjenten” , den eventyrlege” August” og alle dei i mellom. Eit mylder av liv og lagnad. Heimefiskar og storhavsfarar Herren i huset og trellende svenn. Kvinner og menn med jord under neglene og silderist på skautet. Det er segn og skikk: ” Gjer ikkje noko rangsøles — vask ikkje golvet når karane fer.” Det er smått og stort frå kaggane ned i naustet til kamelsalen frå Egypt, tekoppane med blomstrande kirsebergreiner og somarfuglbrikka frå Rio. All den heimsende fantestas. på hyll og i skåp. Minne for dei heimkomne og påminning for dei som heime var. Den store verda nær og langt borte.
Det var kort og brev i skatollet og i kommoden Jakarta, Hong Kong, Newport, Kobe, Buenos Aires. Namna der ei kjølstripe enda, og ei ny byrja. Det var folket frå gavlen og åkeren. Bøndene som alltid hadde eit auga ned på sjøen, om ikkje der skulle vere eit kvart, ein sildestim, ein paledott. Sjøfolk i kystfart. Dei på slippen og verkstaden
Nei det er ikkje nemnande alt og alle. Eit mangfald i næring, eit samspel mellom land og sjø.
Det som var er det vi kallar kultur. Det let seg lettare gripe enn det som er. Vi ser vår eiga tid som eit brot, eit tap. Det levde livet er trykt, det levande utrykt. Vi må misse for å få. For nokre år sidan i eit sjøtun ikkje så langt her frå. Bua dørene var stengde graset grodde i vegråsene. det var stilt i tunet. Borte var skøyte, kutter og gavl. Eit par fritidsbåtar låg og nappa landfestene.
“Du ser ikkje ein unge som leika i fjøra lenger, – kor skal det verte fiskarar og sjøfolk av slikt? Vi var med sjøen støtt vi jentungane. Det er vist andre tider no. Kor e` ungane? Sete dei inne i husa?”
Tida hadde skift. Barneleiken er ein lovnad om det kommande livet, mindre om det som har vore. Blåskjell er ikkje kyr og kukelurane er ikkje sauer. Det er ei anna tid og bu seg på og ein annan leik .
Min fylgjesmann tykte det var trist tida hadde vend han ryggen. Han var av det blå folket, ein av dei siste i ei lang lekkje av fiskar bønder med ei ungdomstid i utanriksfart. På dette vis fortalde han om lagnaden sin;
Eg reiste ut i 37 med ein av båtane til Knutsen i Haugesund. Kom att i 45, hadde skreve frå Galveston, men brevet var ikkje kome fram. Mønstra av i Newcastle. Heime viste dei ikkje om eg var levande eller daud. Då eg kom te Bergen ringde eg men telefonen var i ustand. Kom heim med fylkesbåten. Der var ingen av mitt folk på kaia dei viste no ikkje noko. Eg kom heim i Nonstida, går inn i bislaget. Då kjem ho mor ut i dørene. “Å er da du så kjem, eg tykte eg kjende deg på fotalaget. Du får komme inn å få deg non”.
Der sat han far og dei to brørne mine. Dei tok i mot meg som eg hadde vore vekke eit snarærend og var att kommen. Då seie han far:” Vi er ein mann for lite med bruket, eg tenkje du får vere med oss.” Så vart det. Vi røyste oss frå bordet og gjekk i båten. Eg gjekk i frå det eine livet til det andre, over dør-gåtta heime.
Han var av det blå folket. Dei som gjekk i blå bleika dongeri av merke Dovre og Berserk, Viking gummistøvlar og blank skyggehue. Båt med Sabb motor, part i landnot, smale i fjøsen og rips i hagen. Konene hadde kåper av gabardin til best. Sto i saniteten og skipa til basar. Det var mykje ugjort i landet og nokon måtte gjere det, og dei gjorde det. Dei hadde barndom og ungdom mellom to krigar. No kverv dei or tida. Dei prata stundom om at dei no i grunnen hadde det for godt.
Det er dei som hadde desse farkostane i kvardag og yrke. Dei helt til i eit framandt land, eit vi bere har segn og soge og eit og anna minne frå. På nokre tiår har ei livs og kulturform godt under.
Då Apollo 11 landa i det stille havet, gjorde han Bjarne og han Kolbjørn eit landnot kast ned på heimevågen med gode 200 hektoliter somarsild. Dagen etter lukta halve bygda av stekt sild og løk. Slik trudde vi det skulle vere.
That’s one small step for a man, one giant leap for mankind» galdt ikkje, her var det stekt sild og dei fyrste nypotetene.
Vi kan romantiser det. Vi kan syrgje det. Vi kan ikkje leve det, ikkje vende attende. Vi er i vår tid sjølv om vi står på eit gamalt dekk. Det som tykkjest oss for verdfullt til å øydast og gløymast. Kan vi freiste verne frå gløymsle og forfall. Det har noko med å ha røter og band, høyre til på godt og vondt.
I diktet “Godt år for Norge har Nordal Grieg” eit vers som målber dette: .
For oss er gården i lien
og båtnøstet i sin vik
ord vi kan tyde fra slekten
som la dem nettopp slik.
Kan vi ta feil av veien
vi sprang den i glede så titt
vi gikk den en dag bak en kiste
og lærte den skritt for skritt.
Kan hende er det dette det står om, – å ha røter. At det som har vore ikkje skal gå oss or minne. Slik kan vi sjå oss sjølv i ein samanheng og rekkje fara våre. Det var ikkje så mange som forsto seg på det då Johan Christian Dahl sende den unge Franz Schiertz stad for å måle opp norske stavkyrkjer heller. Slikt var då til å rive ned. Kva skulle ein med eit forfalle kornlager, som vist skulle ha vore konge hall. Ein steinhaug av ein katedral. Kva skal ein med det?
Garden i lia, naustet i vika. Var det då ein grov skipa or haugane på Gokstad og Oseberg, var det fyrst då at båten vart kulturminne?
Det var mange som tykte det var galskap og bry seg med rotne bord. Det var då så mykje anna og bry seg med. Ja så får dei bry seg med sitt dei då, så tek vi vårt.
Lat det vere alvor og leik og tak leiken alvorleg for om det ikkje lenger er nokon som leikar med små båtar i dammen og langs fjøra så vert det snart ingen som vil leike med store båtar heller.
Ein braksuksess
/by SanderAldri har det vore meir folk i Florø, aldri har været vore betre, aldri har det vore så mange eldre båtar (?) samla i fylket. Tilbakemeldingane har vore mange og gode;
Kvil deg no – i vissa om at du drog i gang og gjennomførde eit minnerikt arrangement til glede for veldig mange!
Edvin Helgheim, jubileumsgeneral
My phone died in the middle of nowhere on Saturday, but otherwise it was a lively city this weekend :-) Thank you so much for doing such a great job with Fjordsteam :-)
Per Øyvind Helle, POS Aktiv / HippHipp Florø
A great weekend! A great mark of a coastal town! Here we have to see if it is possible to organize a smaller similar event later, but not every year, because then there won't be the same interest. It was nice to see so many visitors. Here one succeeds in arousing interest over a larger area.
Gry Seim, Tourist host Kinn
We just wanted to thank you for a GREAT Fjordsteam event!! Great honor to you who invest great resources in offers and events that are a great joy for both residents, tourists and other visitors!
Greetings from Visit FjordKysten :-)
Congratulations on a great event. I was at the concert with Sigrid Moldestad on Saturday. It was very good, and everyone raved about the event on the day!
Anders Ole Sunnarvik, village leader, organizer and propeller
I would like to thank you in all modesty for allowing us to be part of the event. For all of us on board my Sporen, this was a great experience. We really enjoyed ourselves. We satisfied our social needs by talking to old and new acquaintances, and we attended the events for joy and inspiration. The experiences were in line and gave “life” a vitamin injection. On cold and dark winter days, it will be “warm” to think back on the days in Florø. Many thanks to the event committee, to Atløy's friends and the city of Florø. In my experience, the event was carried out to everyone's satisfaction and bore the impression that the forces involved in Florø had put in a lot of work to ensure that participants and spectators were offered the very best. Hurray for Florø.
Plaketten – som i seg selv var et lite kunstverk, og som jeg var kry av å få, vil alltid gi meg assosiasjoner til de fine dagene i Florø 2005. Mitt ærbødige kompliment gies til alle ”venner” av Fjordsteam 2010.
Skipper og mannskap på my Sporen
Dag Stray Breistein
Congratulations on a fantastic event this weekend. This was huge! Many people wondered if we couldn't do something like this more times!
Eivind Hjellum, Special Advisor, Flora Municipality
Cannon weekend!
I even got to take the old man on a boat trip to Likkje-Høydal with Granvin. Great fun. It was really great that the boats took various trips here and there.
Tage Herstad, FootballFlora organizer
Agree that this was great advertising for Florø. And a weekend that matches what the tourism industry advertises. Hopefully this gave others more taste for what they can imagine arranging good events with quality! We need more of this so that even more tourists can experience that what was in the advertising was true!
Aud Norunn Viig
Look what the city has managed to show in the anniversary year! We are unlikely to be the largest city in terms of trade, but in terms of quality of life, Flora is in the elite division. Without a massive spirit of volunteerism and leading enthusiasts, such a display of coastal culture and joy of life would not have been possible. This shows what potential lies in Flora and what can be developed for the future. Honor to those who have been at the forefront, and many thanks to the helping hands who have brought this to fruition, and given many people memories for life, and reason to be proud of our city.
Hans Jacob Sunde
A great weekend! Great Florø advertising! Thanks to everyone who sacrificed their free time to make this happen, it wasn't in vain!!
Bjorn Angell Jacobsen
On weekends like this I am very proud to be a Floro resident and my patriotism grows. Great event and I have never seen so many beautiful boats and cars at once and at the same time in FLORØ. The best 150th anniversary event so far this year!
Øystein Jagedal
It was a fantastic event this weekend, Sander! The best of the year in Florø so far. And I have a hard time seeing what can top this.
Roald Hansen
A simply fantastic weekend! Congratulations on a well-executed event!!
Ase Saunes
Thank you Sander & co. Fjordsteam is probably what we will remember first, when we summarize the Jubilee Year 2010
Halvor Halvorsen
Congratulations on a great event; Well done!!
Kjartan Strand
Great weekend! It has to be the best ever!
Terje Nordal
Great job Sander and thanks to the others who have also participated in the work.
Øyvind Bang Olsen
Thanks for the nice weather and the event! Great Florø advertisement!
Otto Inge Sovig
Fjord team, just absolutely fantastic!! Awesome.
Margunn Frammarsvik
Congratulations on a great event. I am very impressed and excited! This has to be the best event in Flora ever!
First of all, my biggest compliments for a fantastic Fjordsteam event. Sent you a text message in wild excitement, and this is something I will remember for a long time. Great atmosphere in the city both early and late and many memories from childhood were brought back to life
Johan Trygve Solheim
Congratulations on a great event this weekend. Great job
Erling Waage, Fjordenes Tidende
Fridtjov Urdal sin tale til middagen
/by SanderMange ville gjerne at talen til Fridtjov Urdal skulle publiserast, og her er den;
God kveld godtfolk, mannskap og andre frammøtte!
Kva er samnemnaren for denne forsamlinga? ,
Rust, råte og kålfyr, klinka naglar, stimkjelar, gamle farkostar fyst og maritim kultur tenkjer eg. Det er vel det vi plar kalle det. Det synest eg vi skal halde fast på. Det er eit høgverdig påskot. Vi må seie til dei hine . Til kommunar, fylke, stat, sponsorar, Riksantikvar og slike. Det må ikkje komme ut at vi er galningar. Det er ikkje normalt å vere oppteken av gamle utrangerte farkostar. Bør ikkje vere det. Ingen normale vi sjå med bægjer på ein rustholk av ein gammal rute- eller slepebåt, eller sleve ut over ein halv og heil roten kutter eller redningskøyte medan ein rallar Colin Archer. Sidan alle her lid av same sykje og det er snakk om grader av galskapen, kan vi vere ærlege mot kvarandre. Fult vitige folk fer ikkje slik åt.
Folk gjer ein god dag i gamle båtar. Dei kan sjå på dei og vere med på tur. Men ein får dei ikkje med på dugnad, eller inn i styre. Når det er så mange av oss her må det vere råd å få greie på kva som er gale med oss og når gjekk det gale? Det må ha skjedd i barndommen noko løynt og uforløyst. Ei forklaring må det vere på ein massiv maritim galskap.
Gjekk det gale alt den gongen ein leika i dammen eller i fjøra?
Vi har aldrig vokse frå å leike med båtar. Derimot så har båtane vokse. Kor enkelt det var då båtane var noko meir eller mindre netthente vaksne hadde laga. Eller det var ei fjøl kvest i eine eiden, med ein kloss til overbygging. Det kunne vere Kitty Sark eller Queen Mary. Ein bete bork og ei fjør er evig nok båt, for ein draum og ein leik .
Vi skal halde fast ved fartøyvern, kyst og maritim kultur, elles er det ikkje sikkert at vi får lov å halde på som vi gjer, og det ville då vere ille.
Kyst og maritim kultur omgrepet hyser så mangt. Det er ikkje èin kultur, – det er mange, like skiftande som hav og kystlandet er . Her er plass for den saktmodige fiskaren “Markus” ein “Sjur Gabriel”, “Fiskerjenten” , den eventyrlege” August” og alle dei i mellom. Eit mylder av liv og lagnad. Heimefiskar og storhavsfarar Herren i huset og trellende svenn. Kvinner og menn med jord under neglene og silderist på skautet. Det er segn og skikk: ” Gjer ikkje noko rangsøles — vask ikkje golvet når karane fer.” Det er smått og stort frå kaggane ned i naustet til kamelsalen frå Egypt, tekoppane med blomstrande kirsebergreiner og somarfuglbrikka frå Rio. All den heimsende fantestas. på hyll og i skåp. Minne for dei heimkomne og påminning for dei som heime var. Den store verda nær og langt borte.
Det var kort og brev i skatollet og i kommoden Jakarta, Hong Kong, Newport, Kobe, Buenos Aires. Namna der ei kjølstripe enda, og ei ny byrja. Det var folket frå gavlen og åkeren. Bøndene som alltid hadde eit auga ned på sjøen, om ikkje der skulle vere eit kvart, ein sildestim, ein paledott. Sjøfolk i kystfart. Dei på slippen og verkstaden
Nei det er ikkje nemnande alt og alle. Eit mangfald i næring, eit samspel mellom land og sjø.
Det som var er det vi kallar kultur. Det let seg lettare gripe enn det som er. Vi ser vår eiga tid som eit brot, eit tap. Det levde livet er trykt, det levande utrykt. Vi må misse for å få. For nokre år sidan i eit sjøtun ikkje så langt her frå. Bua dørene var stengde graset grodde i vegråsene. det var stilt i tunet. Borte var skøyte, kutter og gavl. Eit par fritidsbåtar låg og nappa landfestene.
“Du ser ikkje ein unge som leika i fjøra lenger, – kor skal det verte fiskarar og sjøfolk av slikt? Vi var med sjøen støtt vi jentungane. Det er vist andre tider no. Kor e` ungane? Sete dei inne i husa?”
Tida hadde skift. Barneleiken er ein lovnad om det kommande livet, mindre om det som har vore. Blåskjell er ikkje kyr og kukelurane er ikkje sauer. Det er ei anna tid og bu seg på og ein annan leik .
Min fylgjesmann tykte det var trist tida hadde vend han ryggen. Han var av det blå folket, ein av dei siste i ei lang lekkje av fiskar bønder med ei ungdomstid i utanriksfart. På dette vis fortalde han om lagnaden sin;
Eg reiste ut i 37 med ein av båtane til Knutsen i Haugesund. Kom att i 45, hadde skreve frå Galveston, men brevet var ikkje kome fram. Mønstra av i Newcastle. Heime viste dei ikkje om eg var levande eller daud. Då eg kom te Bergen ringde eg men telefonen var i ustand. Kom heim med fylkesbåten. Der var ingen av mitt folk på kaia dei viste no ikkje noko. Eg kom heim i Nonstida, går inn i bislaget. Då kjem ho mor ut i dørene. “Å er da du så kjem, eg tykte eg kjende deg på fotalaget. Du får komme inn å få deg non”.
Der sat han far og dei to brørne mine. Dei tok i mot meg som eg hadde vore vekke eit snarærend og var att kommen. Då seie han far:” Vi er ein mann for lite med bruket, eg tenkje du får vere med oss.” Så vart det. Vi røyste oss frå bordet og gjekk i båten. Eg gjekk i frå det eine livet til det andre, over dør-gåtta heime.
Han var av det blå folket. Dei som gjekk i blå bleika dongeri av merke Dovre og Berserk, Viking gummistøvlar og blank skyggehue. Båt med Sabb motor, part i landnot, smale i fjøsen og rips i hagen. Konene hadde kåper av gabardin til best. Sto i saniteten og skipa til basar. Det var mykje ugjort i landet og nokon måtte gjere det, og dei gjorde det. Dei hadde barndom og ungdom mellom to krigar. No kverv dei or tida. Dei prata stundom om at dei no i grunnen hadde det for godt.
Det er dei som hadde desse farkostane i kvardag og yrke. Dei helt til i eit framandt land, eit vi bere har segn og soge og eit og anna minne frå. På nokre tiår har ei livs og kulturform godt under.
Då Apollo 11 landa i det stille havet, gjorde han Bjarne og han Kolbjørn eit landnot kast ned på heimevågen med gode 200 hektoliter somarsild. Dagen etter lukta halve bygda av stekt sild og løk. Slik trudde vi det skulle vere.
That’s one small step for a man, one giant leap for mankind» galdt ikkje, her var det stekt sild og dei fyrste nypotetene.
Vi kan romantiser det. Vi kan syrgje det. Vi kan ikkje leve det, ikkje vende attende. Vi er i vår tid sjølv om vi står på eit gamalt dekk. Det som tykkjest oss for verdfullt til å øydast og gløymast. Kan vi freiste verne frå gløymsle og forfall. Det har noko med å ha røter og band, høyre til på godt og vondt.
I diktet “Godt år for Norge har Nordal Grieg” eit vers som målber dette: .
For oss er gården i lien
og båtnøstet i sin vik
ord vi kan tyde fra slekten
som la dem nettopp slik.
Kan vi ta feil av veien
vi sprang den i glede så titt
vi gikk den en dag bak en kiste
og lærte den skritt for skritt.
Kan hende er det dette det står om, – å ha røter. At det som har vore ikkje skal gå oss or minne. Slik kan vi sjå oss sjølv i ein samanheng og rekkje fara våre. Det var ikkje så mange som forsto seg på det då Johan Christian Dahl sende den unge Franz Schiertz stad for å måle opp norske stavkyrkjer heller. Slikt var då til å rive ned. Kva skulle ein med eit forfalle kornlager, som vist skulle ha vore konge hall. Ein steinhaug av ein katedral. Kva skal ein med det?
Garden i lia, naustet i vika. Var det då ein grov skipa or haugane på Gokstad og Oseberg, var det fyrst då at båten vart kulturminne?
Det var mange som tykte det var galskap og bry seg med rotne bord. Det var då så mykje anna og bry seg med. Ja så får dei bry seg med sitt dei då, så tek vi vårt.
Lat det vere alvor og leik og tak leiken alvorleg for om det ikkje lenger er nokon som leikar med små båtar i dammen og langs fjøra så vert det snart ingen som vil leike med store båtar heller.
Rekkefølgje innsegling
/by SanderTorsdag kl 1715 passerer første fartøy Fugleskjærskaia, og og på vestre enden vil Trond Strømgren fortelle om kvart einskild fartøy etterkvart som dei passerer. Florø Båtforening og Florø Seilforening vil også henge seg på konvoien i Nekkøyosen.
Rekkeføgja på innseglinga vert i alle fall slik;
D/S Stavenes
T/B Vulcanus
T/B Lessing
T/B Hebe
M/S Norlys
D/S Thorolf
M/S Dolphin
M/S Arnefjord
M/S Orient
S/K Cardinal
M/S Saltnesvåg
M/S Ullaholm
M/S Andholmen
M/S Glesnes
M/S Nybakk
M/S Reinebuen II
M/S Sporen
M/B Quest
M/S Poseidon
B/S Nøkk
R/S Sandefjord
R/S Lille Torungen
R/S Ragnhild Schanke
R/S Thomas Fearnley
R/S Olav Ringdal Jr
R/S Poseidon II
S/Y Auno
S/J Caroline af Sandnes
S/J Mathilde
S/J Svanhild
M/S Haugefisk
M/S Hindholmen
M/S Vestgar
M/S Granvin
D/S Børøysund
D/S Oster
D/S Stord 1
M/S Sandnes
M/S Atløy
Alle fartøy vert bedne om å nytte VHF kanal 6 som arbeidskanal
Ta båtførarprøva på Fjordsteam
/by SanderFjordsteam har i samarbeid med “Båtskolen POSEIDON” orda ein mogelegheit for å avlegge båtførerprøva laurdags ettermiddag under Fjordsteam.
Den tyske navigatøren som gikk på grunn på Leiaskjæret ved Florø for eit par år sidan skulle kanskje hatt seg ein tur på kurs?
Dei som består prøva får utstedt det båtførarbeviset som no krevast for å føre båtar over 8 meter eller med meir enn 25 HK. (Foreløpig fritak for folk fødd før 1980).
Tida tillèt diverre ikke at vi kjøyrer eit fullstendig båtførarkurs under Fjordsteam, men vi skal klare å få ordna ein rask repetisjon før prøva slik at dei som føler seg usikre òg vil ha repetert det viktigaste kan gå til prøva med godt mot. Det vert understreka at repetisjonen ikkje er obligatorisk, den er kun eit frivillig tilbod. Repetisjonen foregår på HAFFEN laurdag 7. august kl 1600-1700.
Sjølve båtførerprøva foregår same stad kl 1730-1830. Gebyret for å avlegge båtførerprøva har Norsk Test fastsett til NOK 525 og dei som ønskjer å være med på repetisjonen betalar NOK 275 i tillegg. Begge beløpa vert å betale til Baatskolen POSEIDON kontant ved oppmøte. Som støtte til Fjordsteam overfører POSEIDON NOK 100 til Fjordsteam for kvar deltakar som blir med på repetisjonen.
For påmelding eller nærare opplysningar kan du ta kontakt med Jan i Baatskolen POSEIDON, pr tlf 900 81 452 / jan@baatskolen.no eller ombord i skoleskipet POSEIDON II i løpet av Fjordsteamstemnet.
Diskusjon rundt fartøyvernet
/by SanderMange fartøyvernarar føler seg som ei ribba høne (om ikkje i hendene til Meryl Streep), og mange aktive slike vil være til stades under Fjordsteam. Øyvind Konglevoll i Veteranskipslaget Stavenes har derfor tatt initiativ til møte for å diskutere aktuelle tema.
Vi møtest derfor fredag kl 1000 på M/S “Sandnes” for ein diskusjon. Invitasjon er gått ut til alle deltakande båtar som er medlemm av NFF, men andre som meiner noko om dette kan også delta.
Er det andre saker du meiner bør diskuterast eller har andre synspunkt, gjer vel å melde dette til Øyvind på konglev@online.no eller 95 11 32 23.
Lyst til å bidra?
/by SanderUnder stemnet vil vi trenge litt hjelp til å bemanne ein salsbod, litt vakt-teneste, sjauing på torget, guide og lokal kontakt for dei besøkande fartøy. Har du lyst å bidra er vi glad for å sjå deg på Haffen tysdag 3/8 klokka 1900.
Betalinga er sjølvsagt god, og følgjer Atløys Venner sitt regulativ; gratis kaffi og gode minner!!!
Kurs i tauarbeid
/by SanderUnder Fjordsteam vil Thor Jansen, forutan salsbod, ha eit 12 timars kurs i tauarbeid eller sjømannsarbeid som det også kallast. Her vil du lkære og lage apenevar, fendrar og andre bruks- og prydting i tauverk. Thhor er på plass allereie torsdag.
Er dette av interesse, tar du kontakt med Thor på telefon 92 41 98 70.
Thor Jansen
Port plan
/by SanderDet har vore eit puslespel å plassere såpass mange fartøy som skal delta i Florø i hamna. Mange ønske skulle stettast; flest mogeleg skulle ligge saman med “sine”, mest mogeleg sentralt, mest mogeleg vakkert, det skulle være nok vatn, Hurtigrute og vanleg rutetrafikk må kunne komme til og frå, ein del av dei gamle damene er tunge å buksere og ikkje minst skal mange av dei deltakande båtane til og frå kai under stemnet.
Etter to runder har vi i alle fall kome fram til planen du finn på denne lenka.
Steam beer from Kinn Brewery
/by SanderKinn Bryggeri in Florø will produce its own beer for Fjordsteam 2010. It will be called “Dampen” and is a steam beer (popular in San Francisco from the 19th century, popular until our time). The beer is 4.7%, light copper in color, hop aromatic and with a marked bitter aftertaste. A very fresh and easy-drinking beer ... which is something completely different from the industrial lager, but which will still have a strong appeal to both crew and audience. 750 l of beer on tap and about 1000 bottles of 75 cl will be produced.
Kinn Bryggeri is one of the smallest breweries in Norway and is run by Espen Lothe, multiple Norwegian beer brewing champion. Kinn Bryggeri is a true craft brewery where all production from mashing to bottling is done manually and the beer is fermented with real top yeast in open vats for the best possible taste.
The beer will also be available in 19 liter steel kegs, and the brewery can arrange bottling equipment for vessels that want this. If vessels want to sell either in bottles or kegs, they can contact Kinn Bryggeri v/Espen Lothe on phone 47339047 or post@kinnbryggeri.no .
The public will be able to buy the beer on the vessels that have it, in Kinn Bryggeri's own outlet at the brewery in Strandgata or at some of the pubs in Florø under Fjordsteam.
10,000,- from the County Municipality
/by SanderDet er ingen løyndom at økonomien til Fjordsteam er anstrengt. Dette fordi mange av dei større aktørane vi hadde trudd ville ha interesse av eit samarbeid , eller har signalisert interesse, har trekt seg, latt være å svare eller redusert løyvingane sine. I tillegg ser det ut til at vi får ei ekstyrarekning på i alle fall 50.000 foir framføring av straum.
Det var derfor gledeleg at vi i går mottok melding frå Sogn og Fjordane Fylke v/kulturavdelinga om løyving på 10.000,- kroner etter søknad. Samstundes går handelsstand og næringsliv i kommunen inn med omlag 100.000,- i kontantar.
Dedn manglande økonomien vil ikkje gå utover sjølve stemnet, men det kan føre til at vi ikkje klarer å marknadsføre Fjordsteam så mykje vi eigtl ville. Det er likevel på det reine at lokalavisene i fylket støttar oss med annonseplass på nett og papir, så det ser framleis lyst ut for folkefesten dette skal bli!