DS «Thorolf» påmeldt

Då har vi fått påmelding frå DS «Thorlolf».

thorolf1

D/S THOROLF er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia, bygd av skipsbyggjaren Andreas Svoldal,  Rosendal, I  1910-1911, men fullført ved Brunholmen Mek.Verkstad i Ålesund. Skipet vart tinga av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar,  prøveartiklar,  råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg, frå Sørlandet til Finnmark. Firmaet åtte og brukte  D/S Thorolf til slutten av  sekstiåra, då det forliste. Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig.

I 1988 vart stiftinga D/S Thorolfs Venner etablert, og overtok skipet. 21. mai same  år  førte  medlemmane skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei  til  med ei omfattande  restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen  sjødyktig. I  1998 vart det  oppdaga  omfattande roteskader i tillegg til omfattande skader på kjelesystemet og  båten  måtte gjennom ei  omfattande restaurering. No er båten igjen sjødyktig.

M/S Sandnes til Fjordsteam

Vi er glade for å kunne melde at MS Sandnes kjem til Fjordsteam 2015. Det gamle nattruteskipet vart levert frå Nyland i 1950 og er eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart. Nyland Mek Verksted la all sin prestisje og all sin kunnskap som norsk skipsbyggingsmiljø kunne skaffe fram inn i dette flotte skipet. Dette ser ein framleis, ikkje berre på den tekniske sida, men også i all utsmykninga. Her er speil og panel, lysarmatur, dekor, maleri, kunst og generell utsmykning av ein standard ein må til dei mest glamourøse yachtane for å finne maken til.

Sandnes

Meir om båten kan du lese her; M/S Sandnes

Første påmelding

I jula vart invitasjon til eit par hundre farty sendt ut. Etter berre 2 dagar kom første påmelding offisielt via mail. Gledeleg, om enn ikkje overraskande frå Jan Welde og hans POSEIDON II, som også var i Florø under stemnet i 2010.

Poseidon II banar veg for Vulcanus, med Stavenes på slep. Den vesle båten er Hebe. Foto Jan Tore Glenjen

Poseidon II banar veg for Vulcanus, med Stavenes på slep. Den vesle båten er Hebe. Foto Jan Tore Glenjen

Frå før har vi høyrt at DS Stavenes, MS Sandnes, MS Granvin og MS Stangfjord (om ho vert klar frå Hardanger Fartøyvernsenter) er venta.