Skjerjehamn ønsker velkommen
Vertskapet på Skjerjehamn «vil selvfølgelig gjerne være med å arrangere en tilstellning» onsdagen når båtane er på veg til Florø.
Dei vil arrangere dans med trekkspill og fele, servere krabbe og ha rekebord på kaien.
Tidlegare brukte Atløy og M/S Granvin og samlast kvar haust på Skjerhamn for krabbefest. Sidan er Skjerjehamn pussa opp for mange millionar, og er i dag (som før) ein fantastisk stad å besøke.
Med denne samlinga gjenskaper vi kanskje litt av stemninga frå 30-50 talet, då båtane som gjekk på Sogn og Fjordane hadde dette som omlastingsstad. Her møttes båtane frå Bergen, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Faktisk var det største hamna i fylket til langt ut på 50 talet.
Torsdagen vert det då å ta seg til Florø, gjerne i fellesskap, kanskje via Ytre Steinsund?